Og eigentleg enda litt betre enn allright. Har det ganske så fint! Har unnagjort den travlaste perioden på jobb på ei stund (trur eg), ei veke att til haustferie, og Arnt Inge e på besøk i byn. Ute skin sola, og det er 15 grader. Har ete frokost, drukke kaffi og alt er såre vel. Tenkte meg ein tur ut for å shoppe litt snart. Kanskje ei ny bukse? Har forsvinnande lite nytt å komme med...kanskje fordi eg gjer forsvinnande lite spennande for tida. Eller, det er spennande det eg driv med på jobb, men ikkje så fryktelig interessant for andre å høyre om liksom. Har som sagt kun ei veke att før haustferien, og det er heilt ok ;o) Har enda ikkje planane heilt klare for den veka, men blir ein liten tur til Estland ilag med min kjære frå tirsdag til onsdag. Kanskje Ørje den første helga, og så litt slækking i storbyen dei andre dagane, kanskje.
Har forresten fått opp stillas på fram- og baksida av "huset mitt" no. Og i dag, laurdag, byrja dei å jobbe klokka 0800. LITT irriterande, i alle fall når eg hadde tenkt å sove ein smule lenge i dag...Jaja, blir jo SÅ fint når dei er ferdige!
Forresten; eg har funne ut at eg er skikkelig praktisk anlagt; sist helg stod eg i timevis og blanda sement til golv på do og gang hos Arnt Inge. Eg va skikkelig god, altså! Skulle sjølvsagt tatt bilete av det, men ingen av mine medarbeidarar kom på det, så då var det litt flaut å komme på det sjølv...Men Kåre, Lasse, Runar og Edvart (lokale heltar) såg meg i aksjon, og er mine vitne viss nokon mot alle odds skulle stille seg kritisk til mine blande-perfekt-sement-evner. Så det så!
Hadde som sagt ingen bilete frå den store blandedagen; men internett kunne bidra med eit bilete som illustrasjon likevel. Omlag ein sånn ein var det eg jobba med HEILE DAGEN (minst). Og berre så det er sagt; det var knallkjekt! Må kanskje informere om at blandaren eg brukte var ein smule eldre og meir rusta enn dette eksemplaret...men pytt sann!

.jpg)

.jpg)

.jpg)