28. februar 2007



Song til Harald på 70-års dagen
melodi: Bamses fødselsdag

På lørdag var det storstilt fest for kongen vår på slottet
For Harald fylte 70 år, så ner te by'n me måtte
Folk var komt i hundretal
Kongen hadde ikkje val
Måtte ut og helse på
oss som kom for å sjå

Me stod og vinka, veiva vilt med fine flagga våre
Me måtte få ut ballfolka som dansa beina såre
Ut dei kom og vinka bra
Me vart skikk'lig kjempegla'
Kongen e ein artig kar
gla' for at me han har




12. februar 2007

Spennande oppdatering???

Eg lova jo dyrt og heilag at dette innlegget som eg no er iferd med å skrive,
skulle bli enormt interessant og bra...vel, eg skal gjere mitt beste. For eg har verkeleg hatt ei interessant og bra veke! Det toppa seg definitivt då eg debuterte som Impuls-deltakar i helga. For eit opplegg! Fantastisk bra møte (eg vel å kalle dei det, er ikkje heilt fortruleg med "Celebration"), utfordrande talar, inspirerande seminar og flotte folk over heile fjøla. Eg sat att med ei kjensle av at dette var stort. Gud hadde verkeleg vore med denne helga, og endra fleire enn meg. Så tusen takk til Student-Impuls!

Vil også sende ei stor takk til mine trufaste bloggelesarar. Særleg Siril og Linn Elisabeth. Dei var så venlege at dei ville bu hos meg i helga, og det var eg utruleg glad for! Supre jenter, er de! Flotte å prate med om alt mogleg også. Lurar på kva eg har gjort for å ha det så bra! Susanne fortener også ein stor takk. Supert at du ville vere med meg i helga! Er jo ikkje alle av oss som er skapt til å vere medarbeidarar slik som Linn E og Siril.

Ja...om dette var interessant, det veit eg ikkje. Men eg hadde uansett ei heilt fantastisk helg. Det var et alvorleg antiklimaks å vakne opp til tett hals, halvfeberish kropp og hovudpine...men vala eg tok i helga var framleis med meg:)

I tråd med mitt image som limmerick-meister (?), så kjem det ein liten ein her på tampen.

Eg ligg her på sofa'n og sløver
og undrar litt på om det høver
at dette er det
eg skal slutte med...
Pytt sann, det går nok. Eg prøver!

(jadda, eg er litt sjuk, ikkje heilt i form og det smittar over på det meste...men bær over med meg, vær så snill!)


Googla influensa for å finne eit bilete av ein person med nettopp dette, og då fann eg denne karen. Kjekk fyr, så eg limer han like godt inn (sjølv om eg er ganske så usikker på kva linken mellom han og influensa er). Jepp, jepp...Jag är inte sjuk, jag är bära svensk :) (trur han fyren er svensk, altså...)

4. februar 2007

Oppdatering

Dagens oppdatering skjer i stikkordsform. Oversiktleg og greit, om enn lite spennande (særleg 
sidan det ikkje har skjedd det heilt store sidan sist).
  • Eg er ikkje smitta av kjærleiksviruset enda (så veit du det, pappa)
  • Helga har vore særs roleg og avslappande
  • Har gjort unna 12 utviklingssamtalar(samtale med elev og foresette) på jobb, har berre 17 igjen. Hurra!
  • Har bestilt tur heim i vinterferien 17.-21.februar
  • I Oslo er snøen på veg bort for ei lita stund i alle fall. Opptil fleire grader pluss i dag!
  • Dette er kanskje den kjedelegaste oppdateringa eg nokon gong har hatt...uff...
Eg lovar å komme med ei ny ei snart, og den skal vere skikkeleg artig. Så berre gled dykk!

Ha ei god veke enn så lenge!