30. september 2009

...takkekort...

Ja, no har me vore gift i fleire månader alt! Det kjennes veldig godt å ha starta livet ilag "på ordentlig". Og etter vel tre månader må eg seie at eg blir meir og meir glad for valet vi gjorde i juni. Arnt-Inge er ein kjernekar!

Eg stortrivst i huset vårt på landet, og har starta i jobb på ny skule, noko som også har gått veldig bra. No har eg haustferie (eller haustavspaseringsveke, som ein kollega likar å kalle det). Og uavhengig av namn, så er det ei veldig god veke. Har vore i Oslo og besøkt søster og svoger, vore på kafe med tidlegare kollegaer, rydda litt, slappa av ein del og kosa meg enda meir. Og enda er det berre onsdag!

I kveld har eg brukt litt/ein del tid på takkekort. Vi har ikkje bestemt oss enda for kva lay-out vi skal legge oss på, men mange forslag har vi. Har funne ei side på nettet som verkar veldig bra, så vi kjem nok til å bruke den. Men det er vanskeleg å velje ut biletet/bileta vi vil bruke! Og kva tekst skal vi ha? Det hadde vore så greitt å få nokre prøveeksemplar i handa før ein trykka på "bestill"-knappen. Jaja, det blir vel ei ordning. Vi har sett frist til før jul for å få alt pakka og klart og sendt ut. Enda litt tid, altså.

I skrivande stund driv min kjære mann og min kjære svigerfar og ryddar etter å ha pussa to teglsteinveggar i stova. Og utan å forklare for mykje kva dei har gjort og kvifor dei har gjort det, så kan eg seie at dei har vore veldig flinke, og at resulatatet ser strålande ut! Gjenstår enda ein liten vegg og litt krinkelkrokar rundt sjølve peisen før jobben er ferdig, men det tar me (dvs dei) til veka. Så dei som er interesserte kan gjerne ta ein tur for å sjå kor fint det har blitt!

22. april 2009

Litt til bryllup

Har du lyst å følgje litt med på bryllupsplanane til Arnt-Inge og meg? Gå inn på denne linken, så finn du ein aldri så liten bryllusblogg :o)

I dag er det forresten 66 dagar att!

10. mars 2009

Eg gler meg til sommaren...

...for då skal Arnt-Inge og eg skal gifte oss! I januar fridde han, og no er det meste av tid og stad bestemt. Me gler oss stort, kan nesten ikkje vente! Samtidig er det igrunnen godt at det enda er ei stund (107 dagar fortalte han meg i dag) til det skal skje. Er jo ein del som må ordnast først. Men det beste av alt med dette, er at eg skal få dele alle framtidige dager i lag med han som eg er så glad i. 27.juni er dagen då han og eg skal seie ja til å dele resten av livet med kvarandre. DET skal bli ein god dag!