30. mai 2006
26. mai 2006
Nynorsk
Mi kjære syster, Camilla, gjorde meg merksam på noko her ein dag. Eg må ikkje gløyma målføret mitt! Det vakre, melodiøse og svært så diktarvenlege skriftsspråket NYNORSK. Difor er dagens bidrag ein limerick i tre delar (eller skal eg sei akter?) på dette poetiske målføret. Dersom nokre av lesarane (ja, de tre-fire som ser ut til å lese her sånn av og til), ikkje er heilt fortrulege med nynorsk, så kan det stillast spørsmål til forfattaren (altså meg) om innhald og slikt. Gjerne i form av ein kommentar her på sida. Det har ikkje vore så mange av dei i det siste (kanskje ikkje i det heile, men eg likar ikkje overdrive heller).
Ein takk går til Ingvill og Rita
Dei båe kan dikta, må vita
To lim'rickar bra
Eg ropar: "Hurra!"
og kjenner at eg blir for lita
For eg har nok gjort mitt som diktar
Dei andre mot stjernene siktar
Ser ut til at eg
må finne min veg
Å vere ein bloggeigar pliktar...
Så neste gong blir det ei lim'rick
Eg verda må sjå med eit nytt blikk
Og kva dette vert?
Rapport frå konsert!
Frå Slåbrock og Gaute sin musikk
Ein takk går til Ingvill og Rita
Dei båe kan dikta, må vita
To lim'rickar bra
Eg ropar: "Hurra!"
og kjenner at eg blir for lita
For eg har nok gjort mitt som diktar
Dei andre mot stjernene siktar
Ser ut til at eg
må finne min veg
Å vere ein bloggeigar pliktar...
Så neste gong blir det ei lim'rick
Eg verda må sjå med eit nytt blikk
Og kva dette vert?
Rapport frå konsert!
Frå Slåbrock og Gaute sin musikk
18. mai 2006
Kongen og sånn
Ein dag som den syttande mai
er mange folk skikkeleg gla'i
I år som i fjor
i bunad eg for
til by'n for å rope hurra'i...
Eg såg både folk, korps og kongen
For meg var det jo fyrste gongen
At eg kongen såg
der eg gjekk i tog
Han vinka til meg frå balkongen

Eg veit at han vinka til fleire
mangfaldige tusen sku' feire
At Noreg er fritt
det er ditt og mitt
Ja, kven kan vel ynskje seg meire?
I år som i fjor
i bunad eg for
til by'n for å rope hurra'i...
Eg såg både folk, korps og kongen
For meg var det jo fyrste gongen
At eg kongen såg
der eg gjekk i tog
Han vinka til meg frå balkongen

Eg veit at han vinka til fleire
mangfaldige tusen sku' feire
At Noreg er fritt
det er ditt og mitt
Ja, kven kan vel ynskje seg meire?
12. mai 2006
Jomfrutårnet...

Det ligg eit tårn i Bergen by,
eit tårn så raudt og flott.
For tida jobbar brannmenn der,
dei flytter snart for godt.
Då håpar eg å flytte inn,
gi tårnet ein ny glød;
for det skal det huse meg og
andre jomfruer i nød.
Til no så er vi berre to
som glad har takka ja
til framtid god i Bergen by,
og Jomfrutårnet bra.
Men sit du der og tenker no;
Her vil jo eg og bu!
Så er det enda tid og rom,
ja, berre sei frå, du!
Kontakt meg her på bloggen min,
så skal du snart få svar.
Sannsynlegvis blir svaret "Ja",
så berre gjer deg klar!
5. mai 2006
Curious George
Har du nokon gong høryt om Curious George? Det har eg. Han har nemleg budd på rommet mitt sidan eg var ganske så ung. Fekk ein brun ape-bamse av onkelen min, som det stod noko merkeleg på magen på. Ganske tidleg forstod eg at George, det var eit namn. Men Curious, kva i alle dagar var det for noko? Eit namt? Og korleis skulle eg uttale det i så tilfelle? Må innrømme at eg var godt igang med ungdomsskule-engelsken før eg forstod kva bamsen min blei kalla. Nysgjerrige George! Eller Nysgjerrige Nils som det er blitt oversett til i norske bøker. Absolutt ikkje like flott og sjarmerande som originalen, men...
Jaja, nok pjatt om min vesle søte ape-bamse. Poenget med heile dette innlegget, e
r at eg no har oppdaga eit heilt fantastisk samantreff; min nye favorittartist, Jack Johnson, har gitt ut ei plate som heiter, og hald deg fast; Sing-A-Longs and Lullabies for the film Curious George! Kult, eller? Ei fantastisk flott plate, forresten. Og ein fantastisk flott bamse. Her er dei begge to (plata og bamsen, ikkje plata og Jack eller bamsen og Jack...) i sofaen i stova vår. Hipp hurra for begge to!
Dagens anbefaling (kanskje ein ny post i bloggen min?) er altså Jack Johnson med Sing-A-Longs and Lullabies for the film Curious George.
Jaja, nok pjatt om min vesle søte ape-bamse. Poenget med heile dette innlegget, e
r at eg no har oppdaga eit heilt fantastisk samantreff; min nye favorittartist, Jack Johnson, har gitt ut ei plate som heiter, og hald deg fast; Sing-A-Longs and Lullabies for the film Curious George! Kult, eller? Ei fantastisk flott plate, forresten. Og ein fantastisk flott bamse. Her er dei begge to (plata og bamsen, ikkje plata og Jack eller bamsen og Jack...) i sofaen i stova vår. Hipp hurra for begge to!Dagens anbefaling (kanskje ein ny post i bloggen min?) er altså Jack Johnson med Sing-A-Longs and Lullabies for the film Curious George.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
