Mi kjære syster, Camilla, gjorde meg merksam på noko her ein dag. Eg må ikkje gløyma målføret mitt! Det vakre, melodiøse og svært så diktarvenlege skriftsspråket NYNORSK. Difor er dagens bidrag ein limerick i tre delar (eller skal eg sei akter?) på dette poetiske målføret. Dersom nokre av lesarane (ja, de tre-fire som ser ut til å lese her sånn av og til), ikkje er heilt fortrulege med nynorsk, så kan det stillast spørsmål til forfattaren (altså meg) om innhald og slikt. Gjerne i form av ein kommentar her på sida. Det har ikkje vore så mange av dei i det siste (kanskje ikkje i det heile, men eg likar ikkje overdrive heller).
Ein takk går til Ingvill og Rita
Dei båe kan dikta, må vita
To lim'rickar bra
Eg ropar: "Hurra!"
og kjenner at eg blir for lita
For eg har nok gjort mitt som diktar
Dei andre mot stjernene siktar
Ser ut til at eg
må finne min veg
Å vere ein bloggeigar pliktar...
Så neste gong blir det ei lim'rick
Eg verda må sjå med eit nytt blikk
Og kva dette vert?
Rapport frå konsert!
Frå Slåbrock og Gaute sin musikk
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar