21. april 2007

Camilla, 23 år - hurra!

I dag har lillesøstra mi bursdag! Grattis mest mulig med dagen, Cammi! 23 e ein flott alder, altså:) Prøvte å skriva et dikt te deg, men da blei liksom ikkje så bra...Men tradisjonen tru (?), så publisere eg i vei sjøl om ikkje kvaliteten e så høg. Beklage! Sia diktet ikkje e så supert, så må eg skriva litt ant om deg, sånn at eg får fram at eg syns du e super! E kjempegla i deg, og syns da e supert å ha deg her i Oslo. Ka sku eg gjort utn litt familie her? Glede meg te shopping med deg og Ingrid! Og her kjem diktet...og et bilde av deg. Du e nemlig så fin;)

For tjuetre år sidan kom du
Eg var stolt av deg, det må du tru
Ei flott jente då
Og no likeså
Du er kjempebra, og I love you!

17. april 2007

De e på tide no...

Jaja, sånn kan det gå! Skrytte på meg å oppdatere bloggen etter at Brann hadde spelt mot Stabæk, i alle fall viss dei (altså Brann) vann. Kanskje trudde du at Brann ikkje hadde vunne sidan eg ikkje hadde oppdatert? Då tok du feil! Dei vann 1-0 etter ei ordentlig Helstad-scoring. Kanskje ikkje ein veldig velspela kamp, men eg var der og dei vann! Hurra!

I går var eg ikkje der, altså på Stadion, men eg såg delar av kampen mellom Brann og Strømsgodset på Zebra. Nok ein gang vann det beste laget, denne gongen heile 3-1. Helstad scora to og Winters eitt. Kven som scora for Godset er vel irrelevant sidan det ikkje hadde noko å seie for poengdelinga;) Kongestart på sesongen, med andre ord.

Her er mannen som scora tre av Branns fire mål så langt. Årets foreløpige toppscorar i eliteserien; Thorstein Helstad.


I helga hadde eg forresten aktivitetshelg (?) i Rømskogtraktene. Den innehaldt to stk 30-årsbursdagar, "shopping" i Töcksfors Shoppingsenter, og skyting med diverse våpen (trur eit av dei heitte salongrifle???) der metallrotter og poteter fungerte som blink. Eg var dritgod! Eg splæsja i alle fall ein del poteter, og rottene fall som fluger. I tillegg fekk eg kjørt firhjuling. DET var i alle fall skikkelig artig! Gjekk fort, men ikkje gale, så det var berre bra. Og sjølvsagt brukte eg hjelm. Sikkerhet er viktig! Den einaste skåret i gleda, er at eg ikkje tok bilete for å forevige denne særs spennande og utfordrande helga. Men men, bilete er best på radio hevder dei som jobbar der, så då kan du jo lese dette innlegget høgt for deg sjølv som om det var på radio, og så kjem bileta av seg sjølv. Og dei blir knallfine, eg love deg!

That's it for now, folks. Er ganske trøytt etter lang dag på jobb (undervisning, planlegging, retting, kopiering, foreldremøte...), så no skal eg ete litt og så sove heilt til klokka 0630 i morgon. Hurra!

9. april 2007

Så e de på 'an igjen...

Jepp, då er påskeferien 2007 unnagjort. Min første påskeferie som arbeidande lærar blei veldig så bra. Var heime på Leknes frå lørdag-søndag (altså over ei veke) og der var det fullt hus og stormande jubel frå morgon til kveld. Vel, lite jubel kanskje, men fullt hus var det. Alle "ungane" i huset var heime frå tirsdag kveld, og med ein "svoger" i tillegg til oss andre, var me 8 individ samla. Kjekt! Torsdag var det tid for den store 50-års feiringa. Mamma hadde invitert 100 av sine næraste familie og vener (sitat Tarje), så det var folksomt på Hella skulestove. Folksomt og god stemning:) Takk til alle for ein fin ettermiddag/kveld! Me ungane gjorde det me kunne for å vise mamma kor glad me er i ho, og det gjekk vel fint, eller? Terje og mormor var i alle fall særleg imponert over den vakre sangen vår. Me vurderer plateslepp neste vår...The Angels trur eg me kallar oss. Å, det blir vakkert!

Ein av dei aller beste vårteikna for min del, er seriestart. 12 lag starta i dag, men sjølve storkampen skjer i morgon. Stabæk-Brann på Nadderud. Blir stas! Eg gler meg som ein unge! Reknar med eg kjem med ein heidundrande rapport derfrå i morgon. Viss den uteblir, så veit de korleis det har gått...Men som den evige optimist eg er (i alle fall når det kjem til Brann) så blir det nok 3 poeng og storseier:) Helstad og Winters score eit par kvar, og Opdal står fjellstøtt i mål. Å, våren er vakker!

Ha det bra så lenge!

Syns eit bilete av årets Brann-lag er på sin plass på ein dag som denne: