Jepp, då er påskeferien 2007 unnagjort. Min første påskeferie som arbeidande lærar blei veldig så bra. Var heime på Leknes frå lørdag-søndag (altså over ei veke) og der var det fullt hus og stormande jubel frå morgon til kveld. Vel, lite jubel kanskje, men fullt hus var det. Alle "ungane" i huset var heime frå tirsdag kveld, og med ein "svoger" i tillegg til oss andre, var me 8 individ samla. Kjekt! Torsdag var det tid for den store 50-års feiringa. Mamma hadde invitert 100 av sine næraste familie og vener (sitat Tarje), så det var folksomt på Hella skulestove. Folksomt og god stemning:) Takk til alle for ein fin ettermiddag/kveld! Me ungane gjorde det me kunne for å vise mamma kor glad me er i ho, og det gjekk vel fint, eller? Terje og mormor var i alle fall særleg imponert over den vakre sangen vår. Me vurderer plateslepp neste vår...The Angels trur eg me kallar oss. Å, det blir vakkert!
Ein av dei aller beste vårteikna for min del, er seriestart. 12 lag starta i dag, men sjølve storkampen skjer i morgon. Stabæk-Brann på Nadderud. Blir stas! Eg gler meg som ein unge! Reknar med eg kjem med ein heidundrande rapport derfrå i morgon. Viss den uteblir, så veit de korleis det har gått...Men som den evige optimist eg er (i alle fall når det kjem til Brann) så blir det nok 3 poeng og storseier:) Helstad og Winters score eit par kvar, og Opdal står fjellstøtt i mål. Å, våren er vakker!
Ha det bra så lenge!
Syns eit bilete av årets Brann-lag er på sin plass på ein dag som denne:

1 kommentar:
Sku mykje,mykje heller vore med på kamp enn å skreve oppgave om den nyreligiøse bruken av "Jesus" og "Kristus",det ska eg love deg.Håpe du kjem deg avgårde og at det blir seier.Denne sesongen ska eg prøve å virkelig gå inn for å følge med!
Forresten så har eg registrert at Sol har laga link til sidene våre,sikkert hennas forsøk på "oppdatering",skjedde nok for ei tid tilbake!So long :o)
Legg inn en kommentar