24. april 2011

Hipp hipp hurra!

April er ein god månad på mange vis. Ein god grunn til å like april for min del, er at mange av dei eg er glad i fyller år i nettopp denne månaden. I løpet av denne påska har to kjære familiemedlemmar fylt år- Kjære veslesyster Camilla fylte 27 på skjærtorsdag. Gratulerar så mykje til deg, Cammi! Du er ei fantastisk søster som alltid har tid for andre. Den siste tida har du vore hjelpsam og nyttig nybakt-mamma-konsulent for meg - heilt topp! Godt å ha ei som ligg sju veker før i løypa. Takk for at du er den du er; full av omsorg og omtanke for andre, ei som gjerne deler det du har med dei rundt deg, god samtalepartner og herlig selskap når og kor som helst. Eg digge deg!

Her er du ilag med gutane dine. Ein nydeleg familie!


Og i dag, på 1. påskedag fyller min kjære morfar 81 år. Morfar, du er ein sprek og god morfar som alltid set pris på besøk av familien. Du har omsorg for oss alle, og sjølv om orda ikkje alltid er så mange, veit vi at du er glad i oss. Du har alltid stilt opp for oss, og gitt ei hjelpnde hand der det trengs. Å kome på besøk heim til Mjelstad er godt; roleg atmosfære, gode klemmar, interesserte spørsmål og mykje varm omsorg. Takk for den du er, morfar! Gler meg til neste gong me treffes. Teodor gler seg til å bli kjent med oldefar!

Her eit bilete av mine kjære besteforeldre på hhv 82 og 81 år:

10. april 2011

Gratulerar med dagen!

I dag har mi mormor og Teodor si oldemor bursdag. Ho fyller, utruleg nok, 82 år. Ei sprek dame som ikkje er redd for å prøve seg på nye ting. Stadig vekk inne på bloggen for å sjå om det er noko nytt, skriv kommentarar, sender sms og mms, føl med på det som skjer. Ei dame som for meg har vore ei trygg og god mormor det alltid var godt å kome heim til. Ei som laga kakao til frokost, laga verdas beste stompekaker og alltid hadde ein klem på lager.

Slik er du fortsatt, mormor. Alltid godt å kome heim til Mjelstad til deg og morfar. No gler me oss til å ta med vesle Teodor til dykk. Han er heldig som har ei så sprek oldemor og oldefar. Så gratulerar så mykje med dagen, mormor/oldemor Elna Jørgine! Eg er veldig glad i deg, og det er alle dei fire gutane her i heimen òg! Gler oss til neste gong me treffes!


4. april 2011

Mammahjarte



Eg visste at det å bli mamma var noko stort. Noko ein ikkje kunne forklare med ord. Noko ein ikkje veit korleis kjennes før ein er det. 25. mars opplevde eg å bli mamma. Vesle, nydelege Teodor på 52 cm og 3740 gram var plutseleg ute av magen. Han var her, hos oss! Og han var vår!

Den kjærleiken eg kjente då eg hadde han hos meg for fyrste gong, hadde eg aldri kjent før. Ikkje slik, ikkje så sterkt. Det var som om hjarta mitt gjekk over frå å vere "berre mitt" til å bli eit mammahjarta. Så fylt av kjærleik og omsorg for denne vesle guten. Samstundes så sårbart. Fylt av mange "tenk om"-tankar. For tenk om noko hender med den vesle, tenk om eg ikkje klarar å ta vare på han, tenk om eg ikkje taklar rolla som mamma, tenk om...

No har eg vore mamma i over ei veke. "Tenk om"-tankane er der framleis, og truleg vil dei alltid vere der. Det er vel ein del av det å vere mamma. Mammahjartet blir berre større og større. Teodor er ein vakker gut. Eg er så uendeleg glad i han. Tenk at han kom hit til oss! Dagane og nettene går. Soving, amming, bleiebyting, bading, soving, trøysting, amming... Kanskje blir det rutine etter kvart. Men akkurat no er alt så nytt. Så godt. Så meiningsfylt. Så riktig.

Teodor er vårt vesle mirakel.