Eg trur eg må gjere eit grep snart
I dag stod det for meg krystallklart;
Ein utrena kropp
gir altfor fort opp
mot angrep frå virus og ant rart
For nok ein gong låg eg der sliten
Eg kjente meg faktisk litt liten
Oppkast og sånn
det er jo heilt bånn
(skal spare dykk for detaljbiten)
Så no skal eg komme i form fort
I alle fall skal eg få litt gjort
Symjing, gå tur,
Ein sabla god kur
Eit virus vil då komme til kort
(Dette limerick-inn

legget må lesast med stor velvilje; det er ikkje alltid rytmen seier seg sjølv, men legg trykk på orda på ein litt rar måte, så stemmer det altså ;o) Rita, du får det nok til i alle fall, e jo min limerick-buddy)
Alle innlegg med respekt for seg sjølv, krev igrunnen eit bilete eller to, denne gongen blei det eit av min kjære og meg på nyttårdsbordtur på Color Fantasy ilag med jobben te Arnt-Inge. Ein superfin tur! Akkurat her er me i Kiel, litt trøtte begge to, men fornøyde likevel.