.jpg)
den verda berre du ser...
to uttrykksfulle auge
ei nase og ein munn
du er ein gut på sju år
og du er god og sunn
du smiler, ler og tullar
har humor og humør
men brått så er det over
då stenger du ei dør
og lukkar allting ute
går inn dit berre du
kan sjå, forstå og høyre
kva hender der, mon tru?
vi andre ynskjer ofte
at vi fekk vere med
inn i den verda du ser
sjå kva som der kan skje
men verda di er berre di
vi andre kjem ei inn
vi kan kun sjå og tenke
forstå deg trinn for trinn
vi er så glade i deg
det veit vi du forstår
og alltid vil du vere
den gode guten vår
