26. mai 2011

Glade mai-dagar

Mai er en god månad på så mange vis. Den er grøn, dagane er lyse, varmen tek til å kome, fridagane kjem på rekke og rad og sommaren kjennes ikkje lenger så langt unna. Eg nyt dagane i permisjon ilag med veslegut, men det er ekstra stas når også dei som ikkje er i permisjon har fri.

Denne mai-månaden har gått fort! Så fort at eg ikkje kom så langt som å legge inn innlegg om den flotte bror min som fylte 23 år 13. mai. Tarje er namnet, og her er guten:
Tarje er "lillegutt" som brått vart stor han også. Tarje er den som måtte tåle å bli rettleia av det han kallar "fire mødre" gjennom heile oppveksten (mor og tre eldre søstre). Tarje er den mamma var litt bekymra for; tenk om han blei "jentete" fordi han berre hadde søstre! Men den bekymringa, mamma, den kunne du nok ha spart deg. For Tarje, du er ikkje spesielt jentete. Du er gut tvers igjennom. Og eg er utruleg stolt av deg og den du er! Ein gjennomtenkt og reflektert fyr som vi ikkje kan "kimse av" lenger. For du fortener så absolutt å bli tatt på alvor. Meiningane dine er ofte sterke, men også vel gjennomtenkte og vel begrunna. Og så er du interessert i sånne gutteting som bilar, motorsyklar, fotball... Ein helt for bonusnevøane dine her hos oss, og garantert ein kommande helt for dei to som enda er for små til å heilt vite kva ein helt er. Så kjære Tarje; gratulerar så mykje med overstått 23-års dag!

Mai er også nasjonaldag; feirng av at vi får vere frie menneske i eit godt og trygt land. Eg likar 17. mai. Eg likar tog, hundrevis av norske flagg på korte og lengre stenger, glade barn som ropar hurra og bunadskledde barn og vaksne. Og så får eg heilt klump i halsen av "Gud signe vårt dyre fedreland". Så 17. mai er ein god dag, synes eg. Men absolutt ein dag som blir best i sol og fint vêr.

Men festdagane i mai var ikkje over! 22. mai var dagen for dåp av nevø Oleander. Ein strålande fin dag (sjølv om vêret ikkje var det beste, så var innhaldet i dagen heilt topp!) med eit nydeleg dåpsbarn. Blei nesten ein slags "øve- og inspirasjonsdag" for oss som skal ha dåp for Teodor i pinsa. Skulle gjerne hatt eit bilete av hovudpersonen her, men som den lett forvirra tanta eg var ved avreise, blei alt av fotoapparat og liknande igjen på Ørje...

Til slutt: 25. mai vart vår kjære Teodor to månader gamal. Heilt utruleg kor fort tida har gått! Han veks og blir stor, og endrar seg stadig vekk. Han smiler, pratar, bablar, spreller og er heilt nydeleg! Han er ei stor glede for oss alle, og ein helt fantastisk liten person.

24. april 2011

Hipp hipp hurra!

April er ein god månad på mange vis. Ein god grunn til å like april for min del, er at mange av dei eg er glad i fyller år i nettopp denne månaden. I løpet av denne påska har to kjære familiemedlemmar fylt år- Kjære veslesyster Camilla fylte 27 på skjærtorsdag. Gratulerar så mykje til deg, Cammi! Du er ei fantastisk søster som alltid har tid for andre. Den siste tida har du vore hjelpsam og nyttig nybakt-mamma-konsulent for meg - heilt topp! Godt å ha ei som ligg sju veker før i løypa. Takk for at du er den du er; full av omsorg og omtanke for andre, ei som gjerne deler det du har med dei rundt deg, god samtalepartner og herlig selskap når og kor som helst. Eg digge deg!

Her er du ilag med gutane dine. Ein nydeleg familie!


Og i dag, på 1. påskedag fyller min kjære morfar 81 år. Morfar, du er ein sprek og god morfar som alltid set pris på besøk av familien. Du har omsorg for oss alle, og sjølv om orda ikkje alltid er så mange, veit vi at du er glad i oss. Du har alltid stilt opp for oss, og gitt ei hjelpnde hand der det trengs. Å kome på besøk heim til Mjelstad er godt; roleg atmosfære, gode klemmar, interesserte spørsmål og mykje varm omsorg. Takk for den du er, morfar! Gler meg til neste gong me treffes. Teodor gler seg til å bli kjent med oldefar!

Her eit bilete av mine kjære besteforeldre på hhv 82 og 81 år:

10. april 2011

Gratulerar med dagen!

I dag har mi mormor og Teodor si oldemor bursdag. Ho fyller, utruleg nok, 82 år. Ei sprek dame som ikkje er redd for å prøve seg på nye ting. Stadig vekk inne på bloggen for å sjå om det er noko nytt, skriv kommentarar, sender sms og mms, føl med på det som skjer. Ei dame som for meg har vore ei trygg og god mormor det alltid var godt å kome heim til. Ei som laga kakao til frokost, laga verdas beste stompekaker og alltid hadde ein klem på lager.

Slik er du fortsatt, mormor. Alltid godt å kome heim til Mjelstad til deg og morfar. No gler me oss til å ta med vesle Teodor til dykk. Han er heldig som har ei så sprek oldemor og oldefar. Så gratulerar så mykje med dagen, mormor/oldemor Elna Jørgine! Eg er veldig glad i deg, og det er alle dei fire gutane her i heimen òg! Gler oss til neste gong me treffes!


4. april 2011

Mammahjarte



Eg visste at det å bli mamma var noko stort. Noko ein ikkje kunne forklare med ord. Noko ein ikkje veit korleis kjennes før ein er det. 25. mars opplevde eg å bli mamma. Vesle, nydelege Teodor på 52 cm og 3740 gram var plutseleg ute av magen. Han var her, hos oss! Og han var vår!

Den kjærleiken eg kjente då eg hadde han hos meg for fyrste gong, hadde eg aldri kjent før. Ikkje slik, ikkje så sterkt. Det var som om hjarta mitt gjekk over frå å vere "berre mitt" til å bli eit mammahjarta. Så fylt av kjærleik og omsorg for denne vesle guten. Samstundes så sårbart. Fylt av mange "tenk om"-tankar. For tenk om noko hender med den vesle, tenk om eg ikkje klarar å ta vare på han, tenk om eg ikkje taklar rolla som mamma, tenk om...

No har eg vore mamma i over ei veke. "Tenk om"-tankane er der framleis, og truleg vil dei alltid vere der. Det er vel ein del av det å vere mamma. Mammahjartet blir berre større og større. Teodor er ein vakker gut. Eg er så uendeleg glad i han. Tenk at han kom hit til oss! Dagane og nettene går. Soving, amming, bleiebyting, bading, soving, trøysting, amming... Kanskje blir det rutine etter kvart. Men akkurat no er alt så nytt. Så godt. Så meiningsfylt. Så riktig.

Teodor er vårt vesle mirakel.


24. mars 2011

Gratulerar med dagen!

I dag, 24. mars, fyller to viktige personar i livet mitt år. Og det fortener ei lita oppdatering på denne sjeldant oppdaterte bloggen...

Mi kjære mamma fyller nemlig 54 år i dag. Du er ei heilt fantastisk mamma, alltid full av gode ord, råd, tankar og omsorg. Du har alltid tid til oss barna, uansett kva det måtte vere. Du har mykje omsorg, både for oss som står deg nær familiært sett, men også for andre i samfunnet. Tusen takk for den du er! Eg er kjempeglad i deg!

Min kjære ektemann, Arnt-Inge, fyller 35 i dag. Hipp hipp hurra! Du er den beste mannen ein kan ha, og eg er så glad for at eg fann deg! No har me vore gift i nesten to år, og snart kjem vesle junior Angelskår/Steffensen til verda. Det blir stas :o) Takk for at du valgte å la meg komme inn i livet ditt, du er heilt super. Gler meg til resten av livet ilag med deg.

(Og her skulle det vore eit fint bilde av mamma og Arnt-Inge, men det var ikkje så lett å få til i dag... Fekk rett og slett ikkje "lov" av nettlesaren å laste opp, så det får heller komme ein annan gong...)

Ha ein god dag du som er innom!

4. februar 2011

Velkommen!

Seint i går kveld blei eg tante til verdas flottaste gut. Og eg er superstolt tante! Bilete av den vesle vil de nok få sjå på bloggen til hans flotte mor, Camilla Jørgine. Men eg vil berre ynskje han velkommen til oss her på bloggen min også.

Tenk, eit fantastisk, lite menneske har kome til to nydelege foreldre som ikkje veit kva godt dei kan gjere for han. Eg ber om at Gud må ta vare på den vesle familien på tre, dagane dei har framføre seg og alt dei no kjem til å oppleve.


Som ei lita helsing til guten og foreldra, kjem her første verset frå ein nydeleg dåpssalme, skriven av Eyvind Skeie:


Velkommen til livet, du lille,
velkommen til menneskets jord.
Velkommen til oss og de andre
som lengter og håper og tror.
Vi holder deg i våre hender
og ber i Guds hellige navn:
La livet bli godt for den lille,
for barnet vi fikk i vår favn.

3. februar 2011

Ventetid...

Eg er ingen god ventar...som så mange andre, er eg utålmodig etter å kome i gang med ting. På å bli feridg. Og så er det tid for ny venting. Øver meg på å bli betre til å leve her og no. På å setje pris på det som er, ikkje berre på det som kjem.

Dei siste sju-åtte månadane har eg venta på å bli mamma. Synes lenge at tida gjekk fort. Men i det siste syns eg tida har hatt så god tid! Eg gler meg slik til å bli kjent med knøtteliten inne i magen! Kven er ho/han? Denne veka har eg også måtta gjere det eg absolutt ikkje ville. Eg har blitt sjukemeld 40 %. Var ein lang prosess før eg innsåg at det ville vere til det beste både for meg sjølv, knøtteliten og dei rundt meg. Så i dag "debuterer" eg med min første sjukemeldingsdag. Sju veker att til termin. Fire veker att til permisjon.

Så no skal eg verkeleg setje venteevnene mine på prøve. For dagane heime blir rolege. Dagane på jobb har vore hektiske. Dagane heime gir meg god tid til å tenke. Planlegge. Drøyme. Ynskje. Vere redd. Bekymra. Skremt. Og så utruleg utålmodig! Då er det godt at veslesyster kan bidra med litt spenning i kvardagen! Snart blir eg tante til ein liten gut! For i dag er termindatoen til mi flotte veslesyster Camilla (omtala i sist innlegg) og hennar gode ektemann, Eirik.

Heldigvis trur eg det er sant det som blir sagt; den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.

Har kjøpt "ventetulipanar" som minnar meg om at snart er kanskje våren her... Og når våren er her, då er også knøtteliten her :)