
Det er haust
Huff, eg naus
Vinden susar
Havet brusar
Svarte skyer
Over byer
Kalde tær
Og nakne trær
Skrive av Elisabeth, tidleg på småskulen ein gong (og fritt gjengitt etter hukommelsen)
Som de forstår, vakna diktaren i meg ganske tidleg. Dette diktet var i alle fall omlag slik då eg skreiv det. Eg hugsar eg laga eit relativt vakkert måleri som skulle høyre til diktet. Kall meg gjerne kunstnarisk...Og sidan eg ikkje har dette vakre måleriet her, så legg eg inn eit anna haustbilete; eg med mi nye, haustfarga hue. Vakkert...
Vel, hausten er her, og med den haustferie (eller haustavspasering om du vil ;o) ) Eg befinn meg på Ørje i huset til min kjære. Han er på jobb, medan eg rular her heime hos han. Har vore ein tur på butikken, rydda litt her inne, jobba litt (faktisk!) og slappa av ein heil del. Herlig med ferie! Har tid til alt mogleg, liksom. Og humøret er særs godt i dag; Brann knuste LSK i går, og er no på god veg mot det fryktelig etterlengta seriegullet. Blir så bra! Einaste minuset med gårsdagens kamp var at eg såg den på TV og ikkje på Åråsen...men fytti katta - for ein kamp! Heldige med utteljinga, rett skal vere rett, men me (altså Brann) var overlegne i det meste. No gjeld det "berre" å halde tunga beint i munnen, beina på jorda og fokus på neste kamp (stein på stein, ein kamp om gange etc etc) så kjem nok gullet heim!
Fra Nymark til Laksevåg,
Fra Nornes til Loddefjord torg,
Hele Bergen vet at gullet skal hem!
Gullet ska hem! Gullet ska heeem!
Hem te Bergen, gullet ska hem!
Og her har du to av gullgutta; Erik Huseklepp og Jan Gunnar Solli (som endelig scora for oss!)


