24. april 2011

Hipp hipp hurra!

April er ein god månad på mange vis. Ein god grunn til å like april for min del, er at mange av dei eg er glad i fyller år i nettopp denne månaden. I løpet av denne påska har to kjære familiemedlemmar fylt år- Kjære veslesyster Camilla fylte 27 på skjærtorsdag. Gratulerar så mykje til deg, Cammi! Du er ei fantastisk søster som alltid har tid for andre. Den siste tida har du vore hjelpsam og nyttig nybakt-mamma-konsulent for meg - heilt topp! Godt å ha ei som ligg sju veker før i løypa. Takk for at du er den du er; full av omsorg og omtanke for andre, ei som gjerne deler det du har med dei rundt deg, god samtalepartner og herlig selskap når og kor som helst. Eg digge deg!

Her er du ilag med gutane dine. Ein nydeleg familie!


Og i dag, på 1. påskedag fyller min kjære morfar 81 år. Morfar, du er ein sprek og god morfar som alltid set pris på besøk av familien. Du har omsorg for oss alle, og sjølv om orda ikkje alltid er så mange, veit vi at du er glad i oss. Du har alltid stilt opp for oss, og gitt ei hjelpnde hand der det trengs. Å kome på besøk heim til Mjelstad er godt; roleg atmosfære, gode klemmar, interesserte spørsmål og mykje varm omsorg. Takk for den du er, morfar! Gler meg til neste gong me treffes. Teodor gler seg til å bli kjent med oldefar!

Her eit bilete av mine kjære besteforeldre på hhv 82 og 81 år:

3 kommentarer:

Unknown sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Camilla Jørgine sa...

Var logga på med feil konto på forrige kommentar. Orsak!

Bettan! Tusen takk for fine ord! Eg skal gjere så godt eg kan med å leve opp til dei.

Du skulle vore der og feira morfar saman med oss, men vi tek det igjen til neste år, gjerne? Må tipse mormor om innlegg på bloggen :)

Gla i deg, søs!!
Klem Cam

Anonym sa...

Du skal slippe å tipse meg Camilla, er inne og ser. Har tenkt på dere Elisabeth, har visst at dere ikke kom, men tankene var der hele tiden, litt dårlig kontakt på data, men håper at vi får det ordnet. Ha en flott dag med pappabesøk og ny bil.Klem fra mormor og morfar, og takk for fine ord