I dag har mi mormor og Teodor si oldemor bursdag. Ho fyller, utruleg nok, 82 år. Ei sprek dame som ikkje er redd for å prøve seg på nye ting. Stadig vekk inne på bloggen for å sjå om det er noko nytt, skriv kommentarar, sender sms og mms, føl med på det som skjer. Ei dame som for meg har vore ei trygg og god mormor det alltid var godt å kome heim til. Ei som laga kakao til frokost, laga verdas beste stompekaker og alltid hadde ein klem på lager.
Slik er du fortsatt, mormor. Alltid godt å kome heim til Mjelstad til deg og morfar. No gler me oss til å ta med vesle Teodor til dykk. Han er heldig som har ei så sprek oldemor og oldefar. Så gratulerar så mykje med dagen, mormor/oldemor Elna Jørgine! Eg er veldig glad i deg, og det er alle dei fire gutane her i heimen òg! Gler oss til neste gong me treffes!

4 kommentarer:
Så sant, så sant! Som om eg skulle ha skrive det sjølv :)
Når det kjem til gebursdagar har eg svikta kraftig i det siste, får sjå om det tar seg opp...
Likar at du har tid til blogging igjen! Ha ein nydeleg god dag, fine du!
Klem Cam
Å, tusen takk, Elisabeth! Det er altfor mye godord, morfar og jeg satt her i stuen og leste. Hadde en fin dag igårog fint vær.Pappa og Robin kom og, og du hadde besøk av mamma. Ja, gleder meg og til dere kommer en tur, og tusen takk for bilde av Teodor(fikk og bilde av Oleander) det kom idag. Klem fra mormor/oldemor Elna Jørgine
Koseleg å lesa Camilla, og fint bilde av mormor/oldemor.
Helsing
tantegunn
Nei, nei, Elisabeth meiner eg. uff og uff. God påske til dekå.
Klem
Legg inn en kommentar