30. januar 2008

Om å gjere grep...

Eg trur eg må gjere eit grep snart
I dag stod det for meg krystallklart;
Ein utrena kropp
gir altfor fort opp
mot angrep frå virus og ant rart

For nok ein gong låg eg der sliten
Eg kjente meg faktisk litt liten
Oppkast og sånn
det er jo heilt bånn
(skal spare dykk for detaljbiten)

Så no skal eg komme i form fort
I alle fall skal eg få litt gjort
Symjing, gå tur,
Ein sabla god kur
Eit virus vil då komme til kort


(Dette limerick-innlegget må lesast med stor velvilje; det er ikkje alltid rytmen seier seg sjølv, men legg trykk på orda på ein litt rar måte, så stemmer det altså ;o) Rita, du får det nok til i alle fall, e jo min limerick-buddy)

Alle innlegg med respekt for seg sjølv, krev igrunnen eit bilete eller to, denne gongen blei det eit av min kjære og meg på nyttårdsbordtur på Color Fantasy ilag med jobben te Arnt-Inge. Ein superfin tur! Akkurat her er me i Kiel, litt trøtte begge to, men fornøyde likevel.

6 kommentarer:

Camilla Jørgine sa...

Du kan få ei veke gratis trening på Elixia av meg...eg har tilbudt deg før, kanskje du slår til no?
God bedreing!

Anonym sa...

Null problem! :) Unødvendig med ein "tilleggskommentar" spør du meg.. Fin og fast rytme!! Blir dessverre lite dikting på meg uten deg i nærheten:( Lykke til med treningen, Bettan.. eg va faktisk på joggetur i går. Historisk, men gøy. Skynd deg å bli frisk:) Gler meg t besøk om nåkken veke!

Anonym sa...

So du ska bjynna å trena, da e sikkert fornuftigt. Du må bejynna i da små, so du ikkje vert lei tå da, men kansje syns da vert gøy ein gong. Helsa gubben.

Camilla Jørgine sa...

Du e litt svak på oppdatering,søs!

Anonym sa...

Enig m Camilla! :)

Anonym sa...

no er tante Nina og eg inne på bloggen din, kor går det med svømmingen, er du inspirert av Dale Oen, (vestlendingen vet du) men håper du holder deg i Norge,hilsen mormor og tante Nina(inne på blogg for første gang)