Eg stortrivst i huset vårt på landet, og har starta i jobb på ny skule, noko som også har gått veldig bra. No har eg haustferie (eller haustavspaseringsveke, som ein kollega likar å kalle det). Og uavhengig av namn, så er det ei veldig god veke. Har vore i Oslo og besøkt søster og svoger, vore på kafe med tidlegare kollegaer, rydda litt, slappa av ein del og kosa meg enda meir. Og enda er det berre onsdag!
I kveld har eg brukt litt/ein del tid på ta
I skrivande stund driv min kjære mann og min kjære svigerfar og ryddar etter å ha pussa to teglsteinveggar i stova. Og utan å forklare for mykje kva dei har gjort og kvifor dei har gjort det, så kan eg seie at dei har vore veldig flinke, og at resulatatet ser strålande ut! Gjenstår enda ein liten vegg og litt krinkelkrokar rundt sjølve peisen før jobben er ferdig, men det tar me (dvs dei) til veka. Så dei som er interesserte kan gjerne ta ein tur for å sjå kor fint det har blitt!
5 kommentarer:
Hurra for oppdatering, takk for besøk og eg gledar meg til å sjå resultatet av veggen :)
Og så gledar eg meg til å få takkekort i posten! Det er jo litt kjekt, men enda kjekkare når alt er i boks og postboks og unnagjort!!
Klem Cam
Dette var kjekt Elisabeth, har savnet bloggen din! Det skal bli kjekt å ta en tur til Ørje en gang. me får no sjå. Ja det er deilig med ferie, og det høres ut som om du nyter det. Ha en fin helg begge to, og god jakt til Arnt-Inge. klem fra mormor
Eg lovar at eg skal legge inn nye ting litt oftare, mormor. Kjekt med så rask respons frå mine trufaste lesarar :o)
Fine bilder fra bryllupet!! Og for de som ikke tok ekte lidenskap har et navn må ta seg en tur innom bloggen din synes jeg :)
Ser du har friska opp bloggen. Då kan det jo hende du slår til med nytt innlegg òg, eller?
Legg inn en kommentar