12. februar 2007

Spennande oppdatering???

Eg lova jo dyrt og heilag at dette innlegget som eg no er iferd med å skrive,
skulle bli enormt interessant og bra...vel, eg skal gjere mitt beste. For eg har verkeleg hatt ei interessant og bra veke! Det toppa seg definitivt då eg debuterte som Impuls-deltakar i helga. For eit opplegg! Fantastisk bra møte (eg vel å kalle dei det, er ikkje heilt fortruleg med "Celebration"), utfordrande talar, inspirerande seminar og flotte folk over heile fjøla. Eg sat att med ei kjensle av at dette var stort. Gud hadde verkeleg vore med denne helga, og endra fleire enn meg. Så tusen takk til Student-Impuls!

Vil også sende ei stor takk til mine trufaste bloggelesarar. Særleg Siril og Linn Elisabeth. Dei var så venlege at dei ville bu hos meg i helga, og det var eg utruleg glad for! Supre jenter, er de! Flotte å prate med om alt mogleg også. Lurar på kva eg har gjort for å ha det så bra! Susanne fortener også ein stor takk. Supert at du ville vere med meg i helga! Er jo ikkje alle av oss som er skapt til å vere medarbeidarar slik som Linn E og Siril.

Ja...om dette var interessant, det veit eg ikkje. Men eg hadde uansett ei heilt fantastisk helg. Det var et alvorleg antiklimaks å vakne opp til tett hals, halvfeberish kropp og hovudpine...men vala eg tok i helga var framleis med meg:)

I tråd med mitt image som limmerick-meister (?), så kjem det ein liten ein her på tampen.

Eg ligg her på sofa'n og sløver
og undrar litt på om det høver
at dette er det
eg skal slutte med...
Pytt sann, det går nok. Eg prøver!

(jadda, eg er litt sjuk, ikkje heilt i form og det smittar over på det meste...men bær over med meg, vær så snill!)


Googla influensa for å finne eit bilete av ein person med nettopp dette, og då fann eg denne karen. Kjekk fyr, så eg limer han like godt inn (sjølv om eg er ganske så usikker på kva linken mellom han og influensa er). Jepp, jepp...Jag är inte sjuk, jag är bära svensk :) (trur han fyren er svensk, altså...)

6 kommentarer:

Anonym sa...

E du sjuk vennen. Stakar liten.... D va utrolig kjekt å sova hos deg i helga! Å du har heilt rett, det va fantastisk i helga. Hb bare me kan ta det me oss vidare. Me får hjelpa kverandre!
Klem fra Siril
Ps. God bedring. E veldigt glae i deg.

Anonym sa...

Vel, vel.. ikkje berre du som e sjuk.. her går det i host og nys... men,men.. Uansett kjempe kose å vere me dej i helga!

Anonym sa...

Hei min kjære!
da e ikkje spøk å bli smitta litt av ekte influensa! eg e heldigvis ferdig med da versta, no e da berre hoste og tett nase igjen. men synst da e gale nok, eg... hosten begynne liksom nederst i tjukktarmen og brenne heile vegen opp til den openbarer seg, noko robin lattermildt set stor pris på. men det er fortsatt ikkje ein særlig deilig opplevelse! men men.. Lørdag nerme seg med stormskritt! blir bra greier:)
Me talast!

Vyrdsam helsing
broder Tarje

Anonym sa...

Du bør passe deg litt, jag är inte sjuk, jag är bara svensk... frekk eller?? Det er ikke bare, bare å være sjuk, da er det lett å komme med litt teite uttalelser. Eller er det sånn at du har noe i mot at jeg har fått meg en svensk kjæreste??
Uansett, ønsker deg riktig god bedring og en skikkelig god ferie hjemme på Leknes!!

(kunne egentlig bare ha sagt det til deg, her du ligger på sofa`n bortmed meg. Men jeg vil bare ha frem at jeg er innom og leser bloggen din jeg også... ihverfall innimellom!!)

God natt kjære!!

Anonym sa...

God ferie!

Sjølv har eg i skrivande stund berre 3 skuletimar igjen - så vender eg nasa heimover.

Blir utrulig godt med ei veke ferie no.

Anonym sa...

God vinterferie. Eg oppdaga akkurat bloggen din, via Ingvill sin.. Har nå snart tømt kaffekoppen min, og lese innlegga dine tilbake til august. Du skriv godt! Kjekt å lesa.

Me må snakkast snart...