13. mai 2007

Tarje 19 år!

Å bli 19 er kanskje ingen milepæl. Ingen sånn dag som ein drøymer og og ser fram til. Svært få tenker vel; "Når eg blir 19, då skal eg..." Eller: "Eg gler meg til eg fyller 19! Då kan eg endeleg...!"

Ein kan ikkje seie at frå i dag kan eg lærekjøre bil eller ta mopedlappen, slik ein kan når ein fyller 16. Ein kan heller ikkje kalle seg myndig og ta billappen, slik ein kan når ein fyller 18. Eller sei at ein er ferdig med tenåra som når ein fyller 20. 19 er liksom berre ein mellomstasjon. Ein fase ein MÅ gjennom, men som ikkje er noko stort i seg sjølv. Omlag som det å fylle 17. Men likevel, eg synes du har noko å feire i dag, Tarje! For tenk, du har fått bli heile 19 år! Det er på dagen 19 år sidan dine tre svært så stolte storesystre fekk vite at endeleg hadde veslebroren kome. Og det er 19 år sidan pappa stolt kunne forkynne at det var "Gunnar og sønn" som ringte jobben og fortalte den gledelege hendinga. Ein minnerik dag, med andre ord. Mange som var stolte og glade. Og det er me framleis, berre så det er sagt. Du er ein bra fyrm Tarje. Sjølv om du vart fødd på sjølvaste fredag den trettande.

Så, tradisjonen tru, har eg skrive eit aldri så lite dikt til deg på denne store, men akk så "kjipe" 19-års dagen. Feir med måte, me er mange som er glade i deg.

Mel: Bamses fødselsdag

I dag du fyller nitten år, det er nesten utrulig
at veslegut snart vaksen er, det kan'kje vere mulig
Me ser jo at du er stor
Høgare enn far og mor
Likevel er det litt rart, me skjøner det nok snart:)

Eg håpar dagen din blir bra, ja, aller helst den beste
Nyt tenåra til fulle no, for 20 blir det neste
Du er kjekk og veldig bra
Betre bror kan ingen ha
Hipp hurra for Tarje no, du er så snil og go'

1 kommentar:

Camilla Jørgine sa...

Gratulerer med dagen fra meg òg!Eg kan nok ikkje dikte på samme vis som Elisabeth,men legge opp bilde og skrive "mormor"-sangen,DET kan eg!!