Mai er en god månad på så mange vis. Den er grøn, dagane er lyse, varmen tek til å kome, fridagane kjem på rekke og rad og sommaren kjennes ikkje lenger så langt unna. Eg nyt dagane i permisjon ilag med veslegut, men det er ekstra stas når også dei som ikkje er i permisjon har fri.
Denne mai-månaden har gått fort! Så fort at eg ikkje kom så langt som å legge inn innlegg om den flotte bror min som fylte 23 år 13. mai. Tarje er namnet, og her er guten:
Tarje er "lillegutt" som brått vart stor han også. Tarje er den som måtte tåle å bli rettleia av det han kallar "fire mødre" gjennom heile oppveksten (mor og tre eldre søstre). Tarje er den mamma var litt bekymra for; tenk om han blei "jentete" fordi han berre hadde søstre! Men den bekymringa, mamma, den kunne du nok ha spart deg. For Tarje, du er ikkje spesielt jentete. Du er gut tvers igjennom. Og eg er utruleg stolt av deg og den du er! Ein gjennomtenkt og reflektert fyr som vi ikkje kan "kimse av" lenger. For du fortener så absolutt å bli tatt på alvor. Meiningane dine er ofte sterke, men også vel gjennomtenkte og vel begrunna. Og så er du interessert i sånne gutteting som bilar, motorsyklar, fotball... Ein helt for bonusnevøane dine her hos oss, og garantert ein kommande helt for dei to som enda er for små til å heilt vite kva ein helt er. Så kjære Tarje; gratulerar så mykje med overstått 23-års dag!
Mai er også nasjonaldag; feirng av at vi får vere frie menneske i eit godt og trygt land. Eg likar 17. mai. Eg likar tog, hundrevis av norske flagg på korte og lengre stenger, glade barn som ropar hurra og bunadskledde barn og vaksne. Og så får eg heilt klump i halsen av "Gud signe vårt dyre fedreland". Så 17. mai er ein god dag, synes eg. Men absolutt ein dag som blir best i sol og fint vêr.
Men festdagane i mai var ikkje over! 22. mai var dagen for dåp av nevø Oleander. Ein strålande fin dag (sjølv om vêret ikkje var det beste, så var innhaldet i dagen heilt topp!) med eit nydeleg dåpsbarn. Blei nesten ein slags "øve- og inspirasjonsdag" for oss som skal ha dåp for Teodor i pinsa. Skulle gjerne hatt eit bilete av hovudpersonen her, men som den lett forvirra tanta eg var ved avreise, blei alt av fotoapparat og liknande igjen på Ørje...
Til slutt: 25. mai vart vår kjære Teodor to månader gamal. Heilt utruleg kor fort tida har gått! Han veks og blir stor, og endrar seg stadig vekk. Han smiler, pratar, bablar, spreller og er heilt nydeleg! Han er ei stor glede for oss alle, og ein helt fantastisk liten person.
Denne mai-månaden har gått fort! Så fort at eg ikkje kom så langt som å legge inn innlegg om den flotte bror min som fylte 23 år 13. mai. Tarje er namnet, og her er guten:
Tarje er "lillegutt" som brått vart stor han også. Tarje er den som måtte tåle å bli rettleia av det han kallar "fire mødre" gjennom heile oppveksten (mor og tre eldre søstre). Tarje er den mamma var litt bekymra for; tenk om han blei "jentete" fordi han berre hadde søstre! Men den bekymringa, mamma, den kunne du nok ha spart deg. For Tarje, du er ikkje spesielt jentete. Du er gut tvers igjennom. Og eg er utruleg stolt av deg og den du er! Ein gjennomtenkt og reflektert fyr som vi ikkje kan "kimse av" lenger. For du fortener så absolutt å bli tatt på alvor. Meiningane dine er ofte sterke, men også vel gjennomtenkte og vel begrunna. Og så er du interessert i sånne gutteting som bilar, motorsyklar, fotball... Ein helt for bonusnevøane dine her hos oss, og garantert ein kommande helt for dei to som enda er for små til å heilt vite kva ein helt er. Så kjære Tarje; gratulerar så mykje med overstått 23-års dag!Mai er også nasjonaldag; feirng av at vi får vere frie menneske i eit godt og trygt land. Eg likar 17. mai. Eg likar tog, hundrevis av norske flagg på korte og lengre stenger, glade barn som ropar hurra og bunadskledde barn og vaksne. Og så får eg heilt klump i halsen av "Gud signe vårt dyre fedreland". Så 17. mai er ein god dag, synes eg. Men absolutt ein dag som blir best i sol og fint vêr.

.jpg)
.jpg)
.jpg)

.jpg)

.jpg)
.jpg)