
Eg visste at det å bli mamma var noko stort. Noko ein ikkje kunne forklare med ord. Noko ein ikkje veit korleis kjennes før ein er det. 25. mars opplevde eg å bli mamma. Vesle, nydelege Teodor på 52 cm og 3740 gram var plutseleg ute av magen. Han var her, hos oss! Og han var vår!
Den kjærleiken eg kjente då eg hadde han hos meg for fyrste gong, hadde eg aldri kjent før. Ikkje slik, ikkje så sterkt. Det var som om hjarta mitt gjekk over frå å vere "berre mitt" til å bli eit mammahjarta. Så fylt av kjærleik og omsorg for denne vesle guten. Samstundes så sårbart. Fylt av mange "tenk om"-tankar. For tenk om noko hender med den vesle, tenk om eg ikkje klarar å ta vare på han, tenk om eg ikkje taklar rolla som mamma, tenk om...
No har eg vore mamma i over ei veke. "Tenk om"-tankane er der framleis, og truleg vil dei alltid vere der. Det er vel ein del av det å vere mamma. Mammahjartet blir berre større og større. Teodor er ein vakker gut. Eg er så uendeleg glad i han. Tenk at han kom hit til oss! Dagane og nettene går. Soving, amming, bleiebyting, bading, soving, trøysting, amming... Kanskje blir det rutine etter kvart. Men akkurat no er alt så nytt. Så godt. Så meiningsfylt. Så riktig.
Teodor er vårt vesle mirakel.

Teodor er vårt vesle mirakel.

7 kommentarer:
Vakkert, Elisabeth! Og eg kjenner meg sånn igjen...Og du, du kjem til å klare det, ingen tvil. Du har eit godt hjarte, og eit enormt godt mammahjarte. Der her vil du klare med glans, sjølv om det vil bli dagar der det ikkje kjennes slik.
Teodor er heldig som har fått ei mamma som deg!
Klem Cam
Nydelig skrevet Elisabeth, tenk å få ord på det og. Oldemoren er kry av en slik liten flott "fyr". Alt går seg til og det blir rutine etterhvert både med amming og stell. Camilla kjenner seg igjen som og nybakt mamma, og vet du, oldemoren kjenner seg og igjen. ha det fint. Klem fra appen mormor/oldemor. Håper pappaen og har det fint,
hei Elisabeth, det ble et litt rart ord på slutten, se bort ifra det! mormor
Så vakker ,så nydelig. Mormorhjerta banker og er så stolt og glad. Gleder meg til å få sjå han på skikkelig til helga. Og du, morsrolla den klarer du allerede. Klem
Hei Bettan! Gler oss veldig te helsa på Teodor (og de andre!) om nåkken daga:) Ha det fint så lenge! Klem frå Rita
Nydeleg gut. Og så må du tenkje at "det går seg nok te". Lukke til.
Skal helse frå onkel Kjell Erik. Jentene søv.
Klem frå tante Gunn
Så fint du skildrar kjenslene dine. Nydelege bilder av ein herleg liten Teodor! Heldig gut som har ei så flott mamma, og ein så flott familie. Du kjem til å klare mammarolla kjempebra.
Klem frå Ingvill =)
Legg inn en kommentar