3. februar 2011

Ventetid...

Eg er ingen god ventar...som så mange andre, er eg utålmodig etter å kome i gang med ting. På å bli feridg. Og så er det tid for ny venting. Øver meg på å bli betre til å leve her og no. På å setje pris på det som er, ikkje berre på det som kjem.

Dei siste sju-åtte månadane har eg venta på å bli mamma. Synes lenge at tida gjekk fort. Men i det siste syns eg tida har hatt så god tid! Eg gler meg slik til å bli kjent med knøtteliten inne i magen! Kven er ho/han? Denne veka har eg også måtta gjere det eg absolutt ikkje ville. Eg har blitt sjukemeld 40 %. Var ein lang prosess før eg innsåg at det ville vere til det beste både for meg sjølv, knøtteliten og dei rundt meg. Så i dag "debuterer" eg med min første sjukemeldingsdag. Sju veker att til termin. Fire veker att til permisjon.

Så no skal eg verkeleg setje venteevnene mine på prøve. For dagane heime blir rolege. Dagane på jobb har vore hektiske. Dagane heime gir meg god tid til å tenke. Planlegge. Drøyme. Ynskje. Vere redd. Bekymra. Skremt. Og så utruleg utålmodig! Då er det godt at veslesyster kan bidra med litt spenning i kvardagen! Snart blir eg tante til ein liten gut! For i dag er termindatoen til mi flotte veslesyster Camilla (omtala i sist innlegg) og hennar gode ektemann, Eirik.

Heldigvis trur eg det er sant det som blir sagt; den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.

Har kjøpt "ventetulipanar" som minnar meg om at snart er kanskje våren her... Og når våren er her, då er også knøtteliten her :)

21. april 2010

21. april 1984...

...då vart eg storesyster for fyrste gong! Ei herlig, lita tulle ved namn Camilla kom til familien i Einehola. Herleg er ho fortsatt, men ikkje like liten. Ho har vorte ei vaksen og herleg dame, ei veslesyster som ikkje berre er syster men også god og fortruleg ven. Camilla Jørgine, som ho no heiter (vakkert namn på ei vakker jente), er ei av dei kjæraste venninnene eg har. Ho er full av omsorg, omtanke, gode råd, ideear, venlege ord og ærlege tankar. Camilla er god! Ho gjer livet betre for dei rundt ho; både mann, familie, vener, kollegaer og andre ho treff i kvardagen.


Og i dag fyller altså denne vakre jenta 26 år! Gratulerar så mykje med dagen, heldige er dei som får feire ilag på dagen din. Vi får heller ta igjen feiringa til helga!


Veldig glad i og takknemlig for deg, Camilla!
Her er eit lite bilete frå ein stor dag i livet mitt - bryllupsdagen til Arnt-Inge og meg. Og du stilte opp som fantastisk forlovar på alle moglege måtar. Tusen takk!


8. februar 2010

Sommaren är kort...

...men det er ikkje vinteren! I alle fall ikkje denne! Eg likar igrunnen vinter; snø, kulde, ski, aking, vinterklede, vottar, hue, sjal... Men må innrømme at eg er enda litt meir glad i våren. Og sommaren. Synes kanskje denne vinteren her har vore litt i lengste laget! På ei side er det jo fint med snø. Kan til dømes ta mange fine bilete! Og ekte vintervêr er så absolutt å foretrekke framfor slaps, regn og sludd. Men no har snøen lagt sidan i fjor! Og eg er kjempeklar for vår!
Ser fram til dei første vårteikna; lysare dagar, hestehov, bar bakke, knopar på trea, fuglesong, lyd av elva som er full av vatn fordi snøen smeltar, drypping frå taket, vårsol i andletet... Å, det skal bli deilig!

Men enn så lenge får eg berre nyte det å ha ein skikkelig vinter her aust. Det er jo enkelt med snø; alltid nokå å gjere ute for ungane, reint og fint, passe kaldt, greit å vite kva ein skal kle seg med. Så joda, snøen er grei, den. Og sidan det berre er 8. februar i dag, skal den få liggje litt til. Men i mars, då er eg klar for vår!

nokre vinterbilete frå det snøkledde austland.






5. januar 2010

2010

Godt nytt år!

2010 er godt i gang, faktisk heile fem dagar gamalt! Så langt har året vore kaldt, fint, snøfylt, solrikt, ISkaldt og avslappande. I morgon startar jobbkvardagen igjen, og det kan nok bli litt hardt. Merka i dag då eg stod opp klokka 0700 at det føltes alt anna enn naturleg og bra...og i morgon må eg opp enda før det. Jaja, i staden for å grue seg til slikt, kan eg jo nemne fine ting ferien har bragt med seg!

  • Kjekk julefeiring i eigen heim for første gong! Og for første gong med "eigenprodusert" pinnekjøt.

  • Spennande køyring på snøfylte vegar på veg til Gardermoen tidleg, tidleg, tidleg 2.juledags morgon... (litt i overkant spennande, ifølge min mann, sjåføren...men me kom trygt fram!)

  • Mors og fars pinnekjøtmiddag i ekte Eineholatradisjon 2.juledag. Heile familien samla, nydeleg middag og herleg stemning rundt bordet. Nesten som julaftan!

  • Herlege romjulsdagar i Einehola ilag med foreldre, søsken og svigersøsken. Tenk at eg har ein så flott familie!

  • Tradisjonsrikt og triveleg 3.juledagsbesøk hos mormor og morfar ilag med heile slekta på Mjelstad-sida, 27 i alt. Nok ein gong: tenk at eg har ein så flott familie! Absolutt noko å vere takknemleg for!

  • Bytur til Bergen (verdas flottaste by?) ilag med veslebror, storesyster, kommande svoger samt herleg ektemann.

  • Me fann bilen nesten med ein gong då me landa på Gardermoen veslenyttårsaftan! Og det tok berre ein halvtimes graving før den var klar til å frakte oss heimover.

  • Nydeleg nattmat hos svigerforeldre på veg fra Gardermoen til heimen vår.

  • Flott nyttårsfeiring med gode vener og veners barn på Sjøglimt. God mat, gode folk og godt nytt år!

  • Kalde og klare januardagar med innekos, aking, nyttårsfrokost, fyr i peisen, høgtlesing i skogen på kvelden, turgåing, Oslo-tur...

  • Besøk på "gamleskulen" i Oslo der eg møtte fantastiske elevar og kollegaer. Mine tre første år som lærar har gitt meg mange gode minner, og mange gode møter med flotte menneske som eg vil huske lenge, lenge, lenge...

Og her nokre bilete som frå desse dagane:





30. september 2009

...takkekort...

Ja, no har me vore gift i fleire månader alt! Det kjennes veldig godt å ha starta livet ilag "på ordentlig". Og etter vel tre månader må eg seie at eg blir meir og meir glad for valet vi gjorde i juni. Arnt-Inge er ein kjernekar!

Eg stortrivst i huset vårt på landet, og har starta i jobb på ny skule, noko som også har gått veldig bra. No har eg haustferie (eller haustavspaseringsveke, som ein kollega likar å kalle det). Og uavhengig av namn, så er det ei veldig god veke. Har vore i Oslo og besøkt søster og svoger, vore på kafe med tidlegare kollegaer, rydda litt, slappa av ein del og kosa meg enda meir. Og enda er det berre onsdag!

I kveld har eg brukt litt/ein del tid på takkekort. Vi har ikkje bestemt oss enda for kva lay-out vi skal legge oss på, men mange forslag har vi. Har funne ei side på nettet som verkar veldig bra, så vi kjem nok til å bruke den. Men det er vanskeleg å velje ut biletet/bileta vi vil bruke! Og kva tekst skal vi ha? Det hadde vore så greitt å få nokre prøveeksemplar i handa før ein trykka på "bestill"-knappen. Jaja, det blir vel ei ordning. Vi har sett frist til før jul for å få alt pakka og klart og sendt ut. Enda litt tid, altså.

I skrivande stund driv min kjære mann og min kjære svigerfar og ryddar etter å ha pussa to teglsteinveggar i stova. Og utan å forklare for mykje kva dei har gjort og kvifor dei har gjort det, så kan eg seie at dei har vore veldig flinke, og at resulatatet ser strålande ut! Gjenstår enda ein liten vegg og litt krinkelkrokar rundt sjølve peisen før jobben er ferdig, men det tar me (dvs dei) til veka. Så dei som er interesserte kan gjerne ta ein tur for å sjå kor fint det har blitt!

22. april 2009

Litt til bryllup

Har du lyst å følgje litt med på bryllupsplanane til Arnt-Inge og meg? Gå inn på denne linken, så finn du ein aldri så liten bryllusblogg :o)

I dag er det forresten 66 dagar att!

10. mars 2009

Eg gler meg til sommaren...

...for då skal Arnt-Inge og eg skal gifte oss! I januar fridde han, og no er det meste av tid og stad bestemt. Me gler oss stort, kan nesten ikkje vente! Samtidig er det igrunnen godt at det enda er ei stund (107 dagar fortalte han meg i dag) til det skal skje. Er jo ein del som må ordnast først. Men det beste av alt med dette, er at eg skal få dele alle framtidige dager i lag med han som eg er så glad i. 27.juni er dagen då han og eg skal seie ja til å dele resten av livet med kvarandre. DET skal bli ein god dag!


9. desember 2008

Julekalenderkos

Når året vårt tikkar mot advent,
eg håpar på post, og eg er spent;
Kjem den i år
slik at eg får
ein sjanse til pengar, litt lettent?


Og trufast så ligg den og ventar
når eg uti kassen den hentar.
Eg blir veldig gla'
og tenkjer "Hurra!"
Eg håpar at dette seg gjentar.


Til no har det blitt lite pengar,
men likevel; skrapinga fengar!
Så takk, kjære far
fordi at du tar
på alvor ein advents-tilhengar!

19. november 2008

Frost

ein kald oktobermorgon
ute er det frost
inne er det varme i peisen
ullteppe
og tøflar
ute er det frost
vakker frost
iskrystallar
fascinerande mønster
kulde
og inne ventar varme i peisen
ullteppe
tøflar
og ein varm kopp kaffi

15. november 2008

Den store bryllaupshausten - del 2

Tre veker etter det flotte vestlandsbryllaupet, stod eit nytt, flott par klare for å gi kvarandre sitt "Ja!". Denne gongen var det vakre Rømskog som var staden, og paret var Emma Sofie og Jan Krister. Og eg var så heldig at eg fekk æra av å vere Emma sin forlovar. Det vart ein nydelig dag med eit fantastisk par og en herlig fest både i kyrkja og i kommunehuset. Brura og brudgommen stråla om kapp med kvarandre, og talane og godora var mange og ektefølte. Ein heilt perfekt dag! På bileta under ser du nokre få augneblink frå dagen. Fleire bilete kan du få sjå dersom du avlegg eit besøk heime hos meg ;o) Nyt det flotte paret!

23. september 2008

Den store bryllaupshausten

Dette har vore ein flott haust! Travel både på jobb og privat, men fin også. Eg har vore så heldig at to jenter har spurt meg om å vere forlovar for dei når dei skulle seie sitt "Ja" til sin hjartans utkåra. Og eg svara sjølvsagt ja til dei rause og ærefulle tilboda. Det fyrste bryllaupet fann plass i Alversund kyrkje laurdag 30.august 2008. Då var det mi kjære veslesyster, Camilla, som lova Eirik å dele resten av livet sitt med han. Her kan du sjå nokre bilete frå denne fantastiske dagen:

Då var dei mann og kone!


Dei nygifte saman med forlovarane sine

23. april 2008

Gratulerar med dagen, morfar!

Til morfar: No er du det tredje
aprilbarn som eg her vil hedre
Ein mann av få ord
(litt ulik mi mor)
Men me kunne ei fått deg bedre

For du bryr deg om folka rundt deg
Eit omsorgsfullt andlet er ditt preg
Du likar jo godt
når alt stort og smått
er heime på Mjelstad der hjå deg

I huset til deg og til mormor
finn eg avslappingsplassen min på jord
Eg har sove bort
eit par timar fort
For roa hjå dykk den er så stor

Gratulerar så mykje med dagen, morfar! Håpar du har ein god dag, og at du blir gjort litt ekstra stas på. Takk for at eg alltid får lov til å komme heim til deg og mormor :o) Er lenge sidan eg har vore der no, men eg gler meg allereie til neste gong. Håpar det ikkje blir for lenge til. Glad i deg, morfar.

Klem frå Elisabeth

21. april 2008

Camilla, my beloved sister

i dag har du bursdag, Camilla
på lim'rick har eg visst fått dilla
her e ein te deg
"god bursdag" frå meg
husk på at du e fin i lilla

Eit litt usakleg innlegg? Nei, eg prøvde mitt beste. Men formen e liksom ikkje heilt der verken fysisk eller limricksk. Men Camilla, som fylle 24 år i dag (HURRA HURRA HURRA!), fortjente et innlegg okke som. Ho e nemlig heilt super, både som søster og venninne. Veldig glad i deg, Camilla. Glede meg stort te i mårå når du og Eirik kjem ein tur. Og glede meg enda større (viss det går an å seie, og det trur eg ikkje...men du fatte poenget?) til bryllupet i august. Tenk, lille Camilla skal bli kone. I alle undersøkelsa du skal fylle ut så må du heretter (eller egnetlig deretter, fordi du gifte deg jo ikkje i dag sjøl om du har bursdag i dag...men deretter blei liksom litt feil det og...) krysse av på "GIFT". Stas :o) Litt nedtur for oss to storesøstre at du var den første av oss som kom så langt, men me håper (og trur :o)) at me kjem etter. Glede meg med deg både på bursdag og i bryllupsforberedelsa. Du er heilt topp. Glad i deg, Cammi :o)

Og så er du fin òg, berre sjå her:

10. april 2008

Grattis te mormor!

Mi mormor ho surfar på nettet.
Kor gamal ho er? Prøv å gjette!
Fir' snes minus ett!
Du fekk nok'kje rett,
Men talet er faktisk det rette.

For mormor tør prøve det meste.
Tar utfordringar fleir' enn dei fleste.
Radio, mobil,
alt gjer ho med stil.
Og er ikkje redd for å teste.

I dag så har ho altså bursdag.
Og då skal ho få eit blogginnslag.
For mormor er bra,
heilt super å ha!
Er glad for å ha ho på mitt lag.

Glad i deg, mormor!
Klem frå Elisabeth

30. januar 2008

Om å gjere grep...

Eg trur eg må gjere eit grep snart
I dag stod det for meg krystallklart;
Ein utrena kropp
gir altfor fort opp
mot angrep frå virus og ant rart

For nok ein gong låg eg der sliten
Eg kjente meg faktisk litt liten
Oppkast og sånn
det er jo heilt bånn
(skal spare dykk for detaljbiten)

Så no skal eg komme i form fort
I alle fall skal eg få litt gjort
Symjing, gå tur,
Ein sabla god kur
Eit virus vil då komme til kort


(Dette limerick-innlegget må lesast med stor velvilje; det er ikkje alltid rytmen seier seg sjølv, men legg trykk på orda på ein litt rar måte, så stemmer det altså ;o) Rita, du får det nok til i alle fall, e jo min limerick-buddy)

Alle innlegg med respekt for seg sjølv, krev igrunnen eit bilete eller to, denne gongen blei det eit av min kjære og meg på nyttårdsbordtur på Color Fantasy ilag med jobben te Arnt-Inge. Ein superfin tur! Akkurat her er me i Kiel, litt trøtte begge to, men fornøyde likevel.

26. desember 2007

O jul med din glede!

Jula er så mykje. Blant anna god mat og hyggelig selskap. Og dette ser du på bileta under. Dei er (stort sett) teke under årets julemiddag. Som sjølvsagt var pinnekjøt, poteter, erterstuing, gulerøtter, kålrabi og smelta smør. Like sjølvsagt var det blanda frukt med vaniljesaus til dessert. Noko som burde vore sjølvsagt, men ikkje var det i år, var at minstejenta (for ho er faktisk det) ikkje kunne feire ilag med oss. Camilla måtte arbeide både veslejulaftan og 1.juledag, så då blei det austlandsjul på ho. Heldigvis skulle også hennar kjære Eirik feire austlandsjul, så då blei det fellesfeiring på dei. Og det gjekk nok bra, sjølv om saknet etter Camilla var stort her heime. Nyforlova som ho og Eirik var/er, så var det nok litt kjekt å vere ilag denne jula og. Håpar og trur det blir vestlandsjul på begge to til neste år.
God jul, alle saman!


30. november 2007

Mi veke...

Sist fredag reiste eg ein tur til vakre Bergen by
Eg reiste over fjellet flott med det ein kallar fly
Ved sida mi sat Arnt-Inge, og han var nokså spent
Han skulle nemlig treffe folk han aldri før har kjent
Det blei visst kalla signingsferd og visning dette her
Og dei som skulle signa han var mor og far så kjær
I tillegg hadde søster ei og brødre to stilt opp
Dei ville sjekke ut om denne fyren var ein flopp
Besøket var ein stor suksess (det visste eg jo godt
for denne herre fyren her, han er utruleg flott!)


Returreisa til Oslo by blei utsett gong på gong
Eg følte littegranne på at turen blei litt "long"
(flyet va forsinka altså, ikkje nåkke ant!)
Mandag morgon, for ein dag! Eg våkna, tenkte "Nei!"
For feberen var godt på vei, og formen den var lei
Tirsdag, onsdag, torsdag gjekk, og eg var ikkje bra
Blei sur då Stockholmsfolket utan Bettan måtte dra
No sit eg her ein fredagskveld og diktar litt og sånn
Må innrømma eg er litt slapp, men ikkje heilt på bånn

Ja slik var siste veka mi; heilt topp men også dritt
Uansett så var det alt litt tid av livet mitt ;o)


Vakre Arnt-Inge på vakre Mundalstø med utsikt over
vakre Osterfjorden og vakre Osterøy

9. november 2007

Berre eit lite apropos...

...gårsdagens bursdagsbarn har blitt nettkjendis! Sjekk ut på http://www.lamitad.no/. Stussa litt over ingressen der, Emmis, men kanskje du har forandra deg litt? "Morgenfugl som spretter opp når hanen galer..." ???

8. november 2007

Happy birthday to you!

I Ecuador der sitt det ei som fyller tjueseks
Eg håpar at ho feira blir, med bedre mat enn kjeks
For ho e langveis heimefra, og savne far og mor
Eg tippe òg at lengtinga te Jan e skikk'lig stor
Sjøl sitt eg her i kåken vår og seie: "Grattis, Em!
Må livet ditt bli superbra, sjøl ette tjuefem"

Gratulerar med dagen, kjære Emma! Håpe du fekk/har ein bra dag der i Ecuador. Savne deg her heima. Love å feira deg når du e tebake her når det nærme seg jul. Glede meg! I Oslo e da forresten øspøs vær i ettermiddag. Kom heim fra jobb og såg ut som ei kråka...Va i alle fall våt. Sånn her såg eg ut:
SO LONG, MY FRIENDS!

11. oktober 2007

Gratulerar med dagen, PAPPA!

I dag har pappa bursdag. Han blir heile 55 år, men spør du meg så held han seg godt. Sjå berre her:

OK, her er du rett nok 54 1/2 år, pappa, men det er vel grenser for kor mykje du har forandra deg sidan då? Ilag med deg er mamma, som fylte 50 i mars. Flotte foreldre som eg er skikkelig glad i og stolt av. Håpar dagen din blir bra, pappa, og at du snart er tilbake og skriv kommentarar på bloggen min (kor har det eigentleg vorte av deg???)


Grattis med dagen din, pappa
I dag ska vel du bere "slapp a'"?
No på femogfemti
Fortener du plenty
Av snop ifrå matbutikksjappa

(OK, ikkje akkurat mitt beste dikt, men var ikkje så mykje som rimte på pappa. Men det blei eit dikt, så no har du fått gratulasjonar i mange kanalar; sms, telefon, blogg, postkort og gave.)