23. april 2008

Gratulerar med dagen, morfar!

Til morfar: No er du det tredje
aprilbarn som eg her vil hedre
Ein mann av få ord
(litt ulik mi mor)
Men me kunne ei fått deg bedre

For du bryr deg om folka rundt deg
Eit omsorgsfullt andlet er ditt preg
Du likar jo godt
når alt stort og smått
er heime på Mjelstad der hjå deg

I huset til deg og til mormor
finn eg avslappingsplassen min på jord
Eg har sove bort
eit par timar fort
For roa hjå dykk den er så stor

Gratulerar så mykje med dagen, morfar! Håpar du har ein god dag, og at du blir gjort litt ekstra stas på. Takk for at eg alltid får lov til å komme heim til deg og mormor :o) Er lenge sidan eg har vore der no, men eg gler meg allereie til neste gong. Håpar det ikkje blir for lenge til. Glad i deg, morfar.

Klem frå Elisabeth

21. april 2008

Camilla, my beloved sister

i dag har du bursdag, Camilla
på lim'rick har eg visst fått dilla
her e ein te deg
"god bursdag" frå meg
husk på at du e fin i lilla

Eit litt usakleg innlegg? Nei, eg prøvde mitt beste. Men formen e liksom ikkje heilt der verken fysisk eller limricksk. Men Camilla, som fylle 24 år i dag (HURRA HURRA HURRA!), fortjente et innlegg okke som. Ho e nemlig heilt super, både som søster og venninne. Veldig glad i deg, Camilla. Glede meg stort te i mårå når du og Eirik kjem ein tur. Og glede meg enda større (viss det går an å seie, og det trur eg ikkje...men du fatte poenget?) til bryllupet i august. Tenk, lille Camilla skal bli kone. I alle undersøkelsa du skal fylle ut så må du heretter (eller egnetlig deretter, fordi du gifte deg jo ikkje i dag sjøl om du har bursdag i dag...men deretter blei liksom litt feil det og...) krysse av på "GIFT". Stas :o) Litt nedtur for oss to storesøstre at du var den første av oss som kom så langt, men me håper (og trur :o)) at me kjem etter. Glede meg med deg både på bursdag og i bryllupsforberedelsa. Du er heilt topp. Glad i deg, Cammi :o)

Og så er du fin òg, berre sjå her:

10. april 2008

Grattis te mormor!

Mi mormor ho surfar på nettet.
Kor gamal ho er? Prøv å gjette!
Fir' snes minus ett!
Du fekk nok'kje rett,
Men talet er faktisk det rette.

For mormor tør prøve det meste.
Tar utfordringar fleir' enn dei fleste.
Radio, mobil,
alt gjer ho med stil.
Og er ikkje redd for å teste.

I dag så har ho altså bursdag.
Og då skal ho få eit blogginnslag.
For mormor er bra,
heilt super å ha!
Er glad for å ha ho på mitt lag.

Glad i deg, mormor!
Klem frå Elisabeth

30. januar 2008

Om å gjere grep...

Eg trur eg må gjere eit grep snart
I dag stod det for meg krystallklart;
Ein utrena kropp
gir altfor fort opp
mot angrep frå virus og ant rart

For nok ein gong låg eg der sliten
Eg kjente meg faktisk litt liten
Oppkast og sånn
det er jo heilt bånn
(skal spare dykk for detaljbiten)

Så no skal eg komme i form fort
I alle fall skal eg få litt gjort
Symjing, gå tur,
Ein sabla god kur
Eit virus vil då komme til kort


(Dette limerick-innlegget må lesast med stor velvilje; det er ikkje alltid rytmen seier seg sjølv, men legg trykk på orda på ein litt rar måte, så stemmer det altså ;o) Rita, du får det nok til i alle fall, e jo min limerick-buddy)

Alle innlegg med respekt for seg sjølv, krev igrunnen eit bilete eller to, denne gongen blei det eit av min kjære og meg på nyttårdsbordtur på Color Fantasy ilag med jobben te Arnt-Inge. Ein superfin tur! Akkurat her er me i Kiel, litt trøtte begge to, men fornøyde likevel.

26. desember 2007

O jul med din glede!

Jula er så mykje. Blant anna god mat og hyggelig selskap. Og dette ser du på bileta under. Dei er (stort sett) teke under årets julemiddag. Som sjølvsagt var pinnekjøt, poteter, erterstuing, gulerøtter, kålrabi og smelta smør. Like sjølvsagt var det blanda frukt med vaniljesaus til dessert. Noko som burde vore sjølvsagt, men ikkje var det i år, var at minstejenta (for ho er faktisk det) ikkje kunne feire ilag med oss. Camilla måtte arbeide både veslejulaftan og 1.juledag, så då blei det austlandsjul på ho. Heldigvis skulle også hennar kjære Eirik feire austlandsjul, så då blei det fellesfeiring på dei. Og det gjekk nok bra, sjølv om saknet etter Camilla var stort her heime. Nyforlova som ho og Eirik var/er, så var det nok litt kjekt å vere ilag denne jula og. Håpar og trur det blir vestlandsjul på begge to til neste år.
God jul, alle saman!


30. november 2007

Mi veke...

Sist fredag reiste eg ein tur til vakre Bergen by
Eg reiste over fjellet flott med det ein kallar fly
Ved sida mi sat Arnt-Inge, og han var nokså spent
Han skulle nemlig treffe folk han aldri før har kjent
Det blei visst kalla signingsferd og visning dette her
Og dei som skulle signa han var mor og far så kjær
I tillegg hadde søster ei og brødre to stilt opp
Dei ville sjekke ut om denne fyren var ein flopp
Besøket var ein stor suksess (det visste eg jo godt
for denne herre fyren her, han er utruleg flott!)


Returreisa til Oslo by blei utsett gong på gong
Eg følte littegranne på at turen blei litt "long"
(flyet va forsinka altså, ikkje nåkke ant!)
Mandag morgon, for ein dag! Eg våkna, tenkte "Nei!"
For feberen var godt på vei, og formen den var lei
Tirsdag, onsdag, torsdag gjekk, og eg var ikkje bra
Blei sur då Stockholmsfolket utan Bettan måtte dra
No sit eg her ein fredagskveld og diktar litt og sånn
Må innrømma eg er litt slapp, men ikkje heilt på bånn

Ja slik var siste veka mi; heilt topp men også dritt
Uansett så var det alt litt tid av livet mitt ;o)


Vakre Arnt-Inge på vakre Mundalstø med utsikt over
vakre Osterfjorden og vakre Osterøy

9. november 2007

Berre eit lite apropos...

...gårsdagens bursdagsbarn har blitt nettkjendis! Sjekk ut på http://www.lamitad.no/. Stussa litt over ingressen der, Emmis, men kanskje du har forandra deg litt? "Morgenfugl som spretter opp når hanen galer..." ???

8. november 2007

Happy birthday to you!

I Ecuador der sitt det ei som fyller tjueseks
Eg håpar at ho feira blir, med bedre mat enn kjeks
For ho e langveis heimefra, og savne far og mor
Eg tippe òg at lengtinga te Jan e skikk'lig stor
Sjøl sitt eg her i kåken vår og seie: "Grattis, Em!
Må livet ditt bli superbra, sjøl ette tjuefem"

Gratulerar med dagen, kjære Emma! Håpe du fekk/har ein bra dag der i Ecuador. Savne deg her heima. Love å feira deg når du e tebake her når det nærme seg jul. Glede meg! I Oslo e da forresten øspøs vær i ettermiddag. Kom heim fra jobb og såg ut som ei kråka...Va i alle fall våt. Sånn her såg eg ut:
SO LONG, MY FRIENDS!

11. oktober 2007

Gratulerar med dagen, PAPPA!

I dag har pappa bursdag. Han blir heile 55 år, men spør du meg så held han seg godt. Sjå berre her:

OK, her er du rett nok 54 1/2 år, pappa, men det er vel grenser for kor mykje du har forandra deg sidan då? Ilag med deg er mamma, som fylte 50 i mars. Flotte foreldre som eg er skikkelig glad i og stolt av. Håpar dagen din blir bra, pappa, og at du snart er tilbake og skriv kommentarar på bloggen min (kor har det eigentleg vorte av deg???)


Grattis med dagen din, pappa
I dag ska vel du bere "slapp a'"?
No på femogfemti
Fortener du plenty
Av snop ifrå matbutikksjappa

(OK, ikkje akkurat mitt beste dikt, men var ikkje så mykje som rimte på pappa. Men det blei eit dikt, så no har du fått gratulasjonar i mange kanalar; sms, telefon, blogg, postkort og gave.)

29. september 2007

Haust og gull og sånn...



Det er haust
Huff, eg naus
Vinden susar
Havet brusar
Svarte skyer
Over byer
Kalde tær
Og nakne trær

Skrive av Elisabeth, tidleg på småskulen ein gong (og fritt gjengitt etter hukommelsen)

Som de forstår, vakna diktaren i meg ganske tidleg. Dette diktet var i alle fall omlag slik då eg skreiv det. Eg hugsar eg laga eit relativt vakkert måleri som skulle høyre til diktet. Kall meg gjerne kunstnarisk...Og sidan eg ikkje har dette vakre måleriet her, så legg eg inn eit anna haustbilete; eg med mi nye, haustfarga hue. Vakkert...

Vel, hausten er her, og med den haustferie (eller haustavspasering om du vil ;o) ) Eg befinn meg på Ørje i huset til min kjære. Han er på jobb, medan eg rular her heime hos han. Har vore ein tur på butikken, rydda litt her inne, jobba litt (faktisk!) og slappa av ein heil del. Herlig med ferie! Har tid til alt mogleg, liksom. Og humøret er særs godt i dag; Brann knuste LSK i går, og er no på god veg mot det fryktelig etterlengta seriegullet. Blir så bra! Einaste minuset med gårsdagens kamp var at eg såg den på TV og ikkje på Åråsen...men fytti katta - for ein kamp! Heldige med utteljinga, rett skal vere rett, men me (altså Brann) var overlegne i det meste. No gjeld det "berre" å halde tunga beint i munnen, beina på jorda og fokus på neste kamp (stein på stein, ein kamp om gange etc etc) så kjem nok gullet heim!

Fra Nymark til Laksevåg,
Fra Nornes til Loddefjord torg,
Hele Bergen vet at gullet skal hem!
Gullet ska hem! Gullet ska heeem!
Hem te Bergen, gullet ska hem!

Og her har du to av gullgutta; Erik Huseklepp og Jan Gunnar Solli (som endelig scora for oss!)


22. september 2007

Livet det er helt allright

Og eigentleg enda litt betre enn allright. Har det ganske så fint! Har unnagjort den travlaste perioden på jobb på ei stund (trur eg), ei veke att til haustferie, og Arnt Inge e på besøk i byn. Ute skin sola, og det er 15 grader. Har ete frokost, drukke kaffi og alt er såre vel. Tenkte meg ein tur ut for å shoppe litt snart. Kanskje ei ny bukse? Har forsvinnande lite nytt å komme med...kanskje fordi eg gjer forsvinnande lite spennande for tida. Eller, det er spennande det eg driv med på jobb, men ikkje så fryktelig interessant for andre å høyre om liksom. Har som sagt kun ei veke att før haustferien, og det er heilt ok ;o) Har enda ikkje planane heilt klare for den veka, men blir ein liten tur til Estland ilag med min kjære frå tirsdag til onsdag. Kanskje Ørje den første helga, og så litt slækking i storbyen dei andre dagane, kanskje.

Har forresten fått opp stillas på fram- og baksida av "huset mitt" no. Og i dag, laurdag, byrja dei å jobbe klokka 0800. LITT irriterande, i alle fall når eg hadde tenkt å sove ein smule lenge i dag...Jaja, blir jo SÅ fint når dei er ferdige!

Forresten; eg har funne ut at eg er skikkelig praktisk anlagt; sist helg stod eg i timevis og blanda sement til golv på do og gang hos Arnt Inge. Eg va skikkelig god, altså! Skulle sjølvsagt tatt bilete av det, men ingen av mine medarbeidarar kom på det, så då var det litt flaut å komme på det sjølv...Men Kåre, Lasse, Runar og Edvart (lokale heltar) såg meg i aksjon, og er mine vitne viss nokon mot alle odds skulle stille seg kritisk til mine blande-perfekt-sement-evner. Så det så!

Hadde som sagt ingen bilete frå den store blandedagen; men internett kunne bidra med eit bilete som illustrasjon likevel. Omlag ein sånn ein var det eg jobba med HEILE DAGEN (minst). Og berre så det er sagt; det var knallkjekt! Må kanskje informere om at blandaren eg brukte var ein smule eldre og meir rusta enn dette eksemplaret...men pytt sann!

12. september 2007

Kjære pappa og alle andre trufaste lesarar

det har vore val her i Noreg
og røysta har eg gitt ifrå meg
på måndag så vel
som nett her i kveld
kor ho har tatt vegen veit ei eg

i Oslo eg røysta på måndag
og sjølvsagt så valde eg rett lag (stol på det, pappa)
i går hende det
som ikkje sku' skje
heilt ærleg; det kom som eit hardt slag

for borte vart røysta frå halsen
og då vart eg ute av valsen;
ein lærar heilt stum
kan verke litt dum
for teiknspråk det kan eg'kje, Falsen (er sikkert nokon som heiter det til etternavn som eg kunne sagt dette til, ikkje sant?)

Som de kanskje (?) forstod, så har eg gjort borgarplikta mi på måndag, men samstundes mista talerøysta mi heilt. Og det passa skikkeleg dårleg; har nemlig 27 utviklingssamtalar (kvar på 1/2 time, ergo 13,4 timar (fytti, er det SÅ mykje???)) foran meg dei neste to vekene. I tillegg til undervisning... Kan bli ein del tause samtalar med andre ord. Jaja, like greit, det ;o)

Ellers så skjer det ikkje så mykje. Var på jobb fra 0800-2130 i går, 0730-1800 i dag, og minst like lenge i morgon. Flaks at skulen stenger 1530 på fredagar, for då MÅ eg ut! Og då er det klart for lønningspils (slapp av, KRUFA, eg ska'kje drikka ant enn brus!) og så kjem min kjære tilbake frå Estland utpå kvelden. Og då mellomlandar han her hos meg. På laurdag ventar Ørje og frihelg på landet. Herlig! Så sjølv om stemma har svikta og det er mykje jobb for tida, er humøret rimelig bra. Så det så!

I skrivande stund leier Hellas 2-1 over Noreg på Ullevål...ikkje bra...Håpar det snur!

Eit blogginnlegg utan bilete er i grunnen litt keisamt, så her kjem eit flott blinkskot som i grunnen ikkje har noko med noko å gjere anna enn at det er nettopp eit blinkskot ;o) (litt inspirert av Emma som driv og legg inn bilete av sin draumebil og sånn)


4. september 2007

Du skal hedre din far og din mor...

...og no betyr det at eg skal gjere det pappa bad meg om i dag; Du må oppdatera bloggen din snart, Elisabeth! So here it comes, Daddy (beskjed til pappa: Det betyr; her kjem det, pappa!).

Store (?) ting har skjedd i livet mitt i det siste;
* Eg har starta i jobb etter sommarferien (kjekt)
* Eg har debutert som ungdomsskulelærar (skummelt)
* Eg har vore på Momarkedet (levd ut ein av mine bardomsdraumar, og ærleg tala; etter å ha vore der, skulle eg nesten ynskje at draumen hadde fått bli like rosenraud og fin som den var då eg var liten...)
* Hausthosten har kome (og i fjor varte den til jul...)
* Emma har reist til Ecuador (tre mnd i leiligheten utan ho blir rart og tomt!)
* Brann ligg framleis på toppen av tippeligaen! I år blir det gull! Hurra!

Vel, det var vel det...Men oppdatering, det fekk du, pappa!

14. august 2007

It's a long way to Tipperary...

...it's a long way to go
I'ts a long way to Tipperary
to the sweetest girl I know
Good bye Picadilly
Farewell Lester Square
Its a lont, long way to Tipperary
but my heart's right there

Jadda, litt mimring tebake te barneskulen og engelske sanga. Sangen har igrunnen ingen betydning for meg (e på INGEN måte ei søt jente som har hjerta mitt i Tipperary (kor e da egnetlig???)), ant enn at eg sang på den stadig vekk sist veke. Artig det! Grunnen e enkel; har vore i London med HM7-jentene sia sist. Hadde det supert! Va turista, shoppa, åt, sov, gjekk masse, tok buss og båt, prata engelsk (not fluently, but...) og kosa oss veldig. Her e et bilde av heile gjengen på tur, pluss Tower Bridge (trur da e da den heite...?)



Hadde plana om et bra innlegg i dag, men droppa det te fordel for detta. Kjem tebake sterkare ein an gang!

28. juli 2007

The blog is not dead - it's still alive!

Hei du som les! Jepp, bloggen te Elisabeth e på ny oppe og går. Den tok seg berre ein velfortjent ferie i litt for mange veke...Nåkke som resulterte i at eg (altså Elisabeth) har ein del å ta igjen. I korte trekk kan eg oppsummera sommaren min sånn:

# Vore litt heima på Leknes

# Feira at Rita og Torbjørn vil vera mann og kone livet ut - Hurra for et fantastisk par og ein super dag!

# Ei helg i Göteborg ilag med ein usedvanlig kjekk kar...meir om han under ;o)

# Ei veke som medarbeidar på TenOase i Fredrikstad (it had it's ups and downs, but all in all a great experience. Takk te Siril, Linn Elisabeth og Toril som hjalp meg gjennom veka med støttande ord og oppmuntring)

# Ei veke som "forelder" for Robin ilag med min eminente søster og partner Camilla (slitsomt å være forelder altså, trur eg drøye den litt...Og tur te akvariet i Bergen ein varm sommardag bør du tenke godt gjennom før du legg ut på. Bere nevne det...)

# Omlag tre dagar ilag med mi supre søster Solveig i Oslo (jepp, me fekk shoppa litt, hatt piknik på Hovedøya, sløva foran tv'en, ete, sove, prata og kost oss)

Vel, det trur eg var sommaren så langt, i alle fall i veldig grove trekk. MEN eg glømte ein viktig ting, som eg egentlig har starta tradisjon på her på "Tenk om verda var som på film...". Bursdagen te mine kjære og nære søster Solveig den 16.juli! Uff og uff!

Derfor:
På bursdagen va du på feri'
og då blei da krøll på min seri'
men no prøve eg
å blidgjera deg
den bestaste søstre i veri'
(ok, delt førsteplass med Cammi, men du e best storesøster, ho best lillesøster)

Og så et bilde sjølsagt:




Dette blir visst et litt langt innlegg, merke eg...Please bear with me, ok? Må bere fortella littegranne om den fyren eg va i Göteborg med. Han heite Arnt Inge og e kjæresten min... Skikkelig bra fyr, veldig gla i han, og han gjer at sommaren ikkje føles lika kjip sjøl om været ikkje har vore så bra. Og sånn ser han ut:



30. mai 2007

Eg e'sje fra Norge, eg e fra Bergen (jaffall nesten)

I dag tok eg meg sjøl i å LIKE at det regna ute. Eg synes det var heilt herlig å ha utedag i Østmarka i lett regn. Gå rundt i regnklede, hoppe i dammar (er jo lærar for 2.trinn, så litt barnsleg må eg jo vere), og lære ungane den fantastiske sangleiken so-makaroni. Jepp, eg likar regn. I alle fall i små dosar. Og så lenge eg har regnklede på. Regn er faktisk heilt ok!

24. mai 2007

how to lose one's mind...

har du spela tetris på nettet?
då kan du brått gå ifrå vettet
det hende med meg
du bør passe deg
eg drøymer om rekkene rette

13. mai 2007

Tarje 19 år!

Å bli 19 er kanskje ingen milepæl. Ingen sånn dag som ein drøymer og og ser fram til. Svært få tenker vel; "Når eg blir 19, då skal eg..." Eller: "Eg gler meg til eg fyller 19! Då kan eg endeleg...!"

Ein kan ikkje seie at frå i dag kan eg lærekjøre bil eller ta mopedlappen, slik ein kan når ein fyller 16. Ein kan heller ikkje kalle seg myndig og ta billappen, slik ein kan når ein fyller 18. Eller sei at ein er ferdig med tenåra som når ein fyller 20. 19 er liksom berre ein mellomstasjon. Ein fase ein MÅ gjennom, men som ikkje er noko stort i seg sjølv. Omlag som det å fylle 17. Men likevel, eg synes du har noko å feire i dag, Tarje! For tenk, du har fått bli heile 19 år! Det er på dagen 19 år sidan dine tre svært så stolte storesystre fekk vite at endeleg hadde veslebroren kome. Og det er 19 år sidan pappa stolt kunne forkynne at det var "Gunnar og sønn" som ringte jobben og fortalte den gledelege hendinga. Ein minnerik dag, med andre ord. Mange som var stolte og glade. Og det er me framleis, berre så det er sagt. Du er ein bra fyrm Tarje. Sjølv om du vart fødd på sjølvaste fredag den trettande.

Så, tradisjonen tru, har eg skrive eit aldri så lite dikt til deg på denne store, men akk så "kjipe" 19-års dagen. Feir med måte, me er mange som er glade i deg.

Mel: Bamses fødselsdag

I dag du fyller nitten år, det er nesten utrulig
at veslegut snart vaksen er, det kan'kje vere mulig
Me ser jo at du er stor
Høgare enn far og mor
Likevel er det litt rart, me skjøner det nok snart:)

Eg håpar dagen din blir bra, ja, aller helst den beste
Nyt tenåra til fulle no, for 20 blir det neste
Du er kjekk og veldig bra
Betre bror kan ingen ha
Hipp hurra for Tarje no, du er så snil og go'

2. mai 2007

Kor e alle bloggar hen...?

I god Jan Eggum-ånd (?) har eg laga ein aldri så liten etterlysning...

Kor e alle bloggar hen?
Stå opp igjen
Blogspot kom tebake!
Facebook har tatt over alt
og bloggen har forfalt
Nei, dette her gikk riktig galt...



21. april 2007

Camilla, 23 år - hurra!

I dag har lillesøstra mi bursdag! Grattis mest mulig med dagen, Cammi! 23 e ein flott alder, altså:) Prøvte å skriva et dikt te deg, men da blei liksom ikkje så bra...Men tradisjonen tru (?), så publisere eg i vei sjøl om ikkje kvaliteten e så høg. Beklage! Sia diktet ikkje e så supert, så må eg skriva litt ant om deg, sånn at eg får fram at eg syns du e super! E kjempegla i deg, og syns da e supert å ha deg her i Oslo. Ka sku eg gjort utn litt familie her? Glede meg te shopping med deg og Ingrid! Og her kjem diktet...og et bilde av deg. Du e nemlig så fin;)

For tjuetre år sidan kom du
Eg var stolt av deg, det må du tru
Ei flott jente då
Og no likeså
Du er kjempebra, og I love you!