17. april 2007

De e på tide no...

Jaja, sånn kan det gå! Skrytte på meg å oppdatere bloggen etter at Brann hadde spelt mot Stabæk, i alle fall viss dei (altså Brann) vann. Kanskje trudde du at Brann ikkje hadde vunne sidan eg ikkje hadde oppdatert? Då tok du feil! Dei vann 1-0 etter ei ordentlig Helstad-scoring. Kanskje ikkje ein veldig velspela kamp, men eg var der og dei vann! Hurra!

I går var eg ikkje der, altså på Stadion, men eg såg delar av kampen mellom Brann og Strømsgodset på Zebra. Nok ein gang vann det beste laget, denne gongen heile 3-1. Helstad scora to og Winters eitt. Kven som scora for Godset er vel irrelevant sidan det ikkje hadde noko å seie for poengdelinga;) Kongestart på sesongen, med andre ord.

Her er mannen som scora tre av Branns fire mål så langt. Årets foreløpige toppscorar i eliteserien; Thorstein Helstad.


I helga hadde eg forresten aktivitetshelg (?) i Rømskogtraktene. Den innehaldt to stk 30-årsbursdagar, "shopping" i Töcksfors Shoppingsenter, og skyting med diverse våpen (trur eit av dei heitte salongrifle???) der metallrotter og poteter fungerte som blink. Eg var dritgod! Eg splæsja i alle fall ein del poteter, og rottene fall som fluger. I tillegg fekk eg kjørt firhjuling. DET var i alle fall skikkelig artig! Gjekk fort, men ikkje gale, så det var berre bra. Og sjølvsagt brukte eg hjelm. Sikkerhet er viktig! Den einaste skåret i gleda, er at eg ikkje tok bilete for å forevige denne særs spennande og utfordrande helga. Men men, bilete er best på radio hevder dei som jobbar der, så då kan du jo lese dette innlegget høgt for deg sjølv som om det var på radio, og så kjem bileta av seg sjølv. Og dei blir knallfine, eg love deg!

That's it for now, folks. Er ganske trøytt etter lang dag på jobb (undervisning, planlegging, retting, kopiering, foreldremøte...), så no skal eg ete litt og så sove heilt til klokka 0630 i morgon. Hurra!

9. april 2007

Så e de på 'an igjen...

Jepp, då er påskeferien 2007 unnagjort. Min første påskeferie som arbeidande lærar blei veldig så bra. Var heime på Leknes frå lørdag-søndag (altså over ei veke) og der var det fullt hus og stormande jubel frå morgon til kveld. Vel, lite jubel kanskje, men fullt hus var det. Alle "ungane" i huset var heime frå tirsdag kveld, og med ein "svoger" i tillegg til oss andre, var me 8 individ samla. Kjekt! Torsdag var det tid for den store 50-års feiringa. Mamma hadde invitert 100 av sine næraste familie og vener (sitat Tarje), så det var folksomt på Hella skulestove. Folksomt og god stemning:) Takk til alle for ein fin ettermiddag/kveld! Me ungane gjorde det me kunne for å vise mamma kor glad me er i ho, og det gjekk vel fint, eller? Terje og mormor var i alle fall særleg imponert over den vakre sangen vår. Me vurderer plateslepp neste vår...The Angels trur eg me kallar oss. Å, det blir vakkert!

Ein av dei aller beste vårteikna for min del, er seriestart. 12 lag starta i dag, men sjølve storkampen skjer i morgon. Stabæk-Brann på Nadderud. Blir stas! Eg gler meg som ein unge! Reknar med eg kjem med ein heidundrande rapport derfrå i morgon. Viss den uteblir, så veit de korleis det har gått...Men som den evige optimist eg er (i alle fall når det kjem til Brann) så blir det nok 3 poeng og storseier:) Helstad og Winters score eit par kvar, og Opdal står fjellstøtt i mål. Å, våren er vakker!

Ha det bra så lenge!

Syns eit bilete av årets Brann-lag er på sin plass på ein dag som denne:

25. mars 2007

Mamma


Til mamma som femti år fyller
I bloggen min eg deg no hyller
Du e veldig bra
Ei flott mor å ha
Du livet med gode ting gyller

Ei mor slik som deg er heilt toppen
Du sit gjerne ned med tekoppen
Kan prate om alt
kva no det enn gjaldt
I tillegg så trener du kropppen

Som de kanskje forstår, så har mamma hatt bursdag! Og ho fylte 50 år. Faktisk var det i går, altså 24.mars det store skjedde. Eg hadde eigentleg tenkt å kome med helsinga då, men så skar det seg litt her på bloggen min, og ikkje minst med dataen. Den er (som Emma smerteleg har fått erfare) litt vanskelig å ha med å gjere. Brått så vil den liksom ikkje være på internett meir, så den stoppar rett og slett opp. Nok om det. Over til viktigare ting: mamma sin 50 års dag. Mamma er ei heilt fantastisk dame. Ikkje berre er ho veldig bra som mamma, ho er veldig bra til å være alt mogleg anna også. For eksempel er ho veldig god til å prate med, ho er snill, ho bryr seg om folk rundt henne, ho er raus og så er ho veldig veldig veldig omsorgsfull. Eg og mine fire søsken er heldige som har akkurat ho til mamma. Og pappa er heldig som fann ho og fekk ho til kone.

Mamma, gratulerar så veldig mykje med dagen! Gler meg til me skal feire den ilag med slekt og vener i påska!

Helsing stolt og glad datter :)


14. mars 2007

Tikken, har'n, tatt etc...

Eg har an! Takka være kjære lillesøs Cammi, så har eg no blitt tatt i tikken. Nåkke eg har forstått at i bloggeverda betyr at eg no skal skrive 6 ting om meg sjølv som ikkje alle (men sikkert ein del) veit om meg. Har vridd hjernen fram og tebake (e da mulig egentil??? Et dårlig uttrykk i så tilfelle, men poenget kom vel fram?) og her kjem 6 meir eller mindre interessante ting om meg og mitt liv som du kanskje ikkje va klar øve. Les og bli klok...elle nåkke sånt. På sluttn ska eg tikka 6 nye folk som ska gjera da samma, og da kan bli litt av ei nøtt, men eg får prøva. Tikke alle eg har blog-adressa te i alle fall!

1. Då eg va mindre hadde eg ein drøm om å spela på Brann sitt A-lag. Sia Brann kun har lag for den mannlege delen av befolkninga, og eg var (og e) jente (totalt blotta for ballfølelse og talent), blei da ingenting av. Neste drøm va å bli trenar for Brann. Så fysioterapeut. Blei ingen av delanne. Men eg har tatt da igjen ved å vera relativt engasjert supporter på sidelinja.

2. Eg kan ikkje fordra syngedame à là Celine Dion, Mariah Carey og Whitney Houston...

3. Som fersk student i Bergen, takka eg naivt ja te å sitta på ein bil som kjørte forbi meg på busstoppet. Ein an fyr som stod der skulle sitte på, og han såg snill ut, så eg såg mitt snitt te å sparra 20 krone på å haika med tre villt fremmede gutta. Vel fremmed og fremmed, fru Blom, sjåføren viste seg å vera Anders Styve (boksar frå Bergen for dei som ikkje visste da), og han lurte veldig på om eg ikkje va litt vel godtruande som satt meg inn i bilen uten å kjenne dei...Godt poeng, Anders...

4. Som liten va eg unormalt glad i spekesild. Da gjekk øve.

5. Eg kan ikkje strikka. Har ikkje lyst å læra da heller, nåkke som resulterte i mi einsaste frekke utsegn på¨barneskulen: Lærar: Så gjer du slik og slik (viser meg strikking av ei maske) Eg: Da kan du gjera sjøl! Strikkemarerittet resulterte i at eg tok strikketøyet med meg heim og lot mamma strikke det ferdig for meg til neste dag.

6. Eg har fått tilbud om å bli med Raymond Kvisvik og Azar Karadas i dusjen, men takka nei...

Dermed e eg ferdig! Og eg tikke:

Solveig

Torbjørn

Ingvill (har vel egentli ikkje blog, men MySpace...)

og da va dei vennande eg hadde her som har blog sjøl. For ein kjip venneflokk eg har! (i alle fall på bloggefronten...)

So long, everyone!

28. februar 2007



Song til Harald på 70-års dagen
melodi: Bamses fødselsdag

På lørdag var det storstilt fest for kongen vår på slottet
For Harald fylte 70 år, så ner te by'n me måtte
Folk var komt i hundretal
Kongen hadde ikkje val
Måtte ut og helse på
oss som kom for å sjå

Me stod og vinka, veiva vilt med fine flagga våre
Me måtte få ut ballfolka som dansa beina såre
Ut dei kom og vinka bra
Me vart skikk'lig kjempegla'
Kongen e ein artig kar
gla' for at me han har




12. februar 2007

Spennande oppdatering???

Eg lova jo dyrt og heilag at dette innlegget som eg no er iferd med å skrive,
skulle bli enormt interessant og bra...vel, eg skal gjere mitt beste. For eg har verkeleg hatt ei interessant og bra veke! Det toppa seg definitivt då eg debuterte som Impuls-deltakar i helga. For eit opplegg! Fantastisk bra møte (eg vel å kalle dei det, er ikkje heilt fortruleg med "Celebration"), utfordrande talar, inspirerande seminar og flotte folk over heile fjøla. Eg sat att med ei kjensle av at dette var stort. Gud hadde verkeleg vore med denne helga, og endra fleire enn meg. Så tusen takk til Student-Impuls!

Vil også sende ei stor takk til mine trufaste bloggelesarar. Særleg Siril og Linn Elisabeth. Dei var så venlege at dei ville bu hos meg i helga, og det var eg utruleg glad for! Supre jenter, er de! Flotte å prate med om alt mogleg også. Lurar på kva eg har gjort for å ha det så bra! Susanne fortener også ein stor takk. Supert at du ville vere med meg i helga! Er jo ikkje alle av oss som er skapt til å vere medarbeidarar slik som Linn E og Siril.

Ja...om dette var interessant, det veit eg ikkje. Men eg hadde uansett ei heilt fantastisk helg. Det var et alvorleg antiklimaks å vakne opp til tett hals, halvfeberish kropp og hovudpine...men vala eg tok i helga var framleis med meg:)

I tråd med mitt image som limmerick-meister (?), så kjem det ein liten ein her på tampen.

Eg ligg her på sofa'n og sløver
og undrar litt på om det høver
at dette er det
eg skal slutte med...
Pytt sann, det går nok. Eg prøver!

(jadda, eg er litt sjuk, ikkje heilt i form og det smittar over på det meste...men bær over med meg, vær så snill!)


Googla influensa for å finne eit bilete av ein person med nettopp dette, og då fann eg denne karen. Kjekk fyr, så eg limer han like godt inn (sjølv om eg er ganske så usikker på kva linken mellom han og influensa er). Jepp, jepp...Jag är inte sjuk, jag är bära svensk :) (trur han fyren er svensk, altså...)

4. februar 2007

Oppdatering

Dagens oppdatering skjer i stikkordsform. Oversiktleg og greit, om enn lite spennande (særleg 
sidan det ikkje har skjedd det heilt store sidan sist).
  • Eg er ikkje smitta av kjærleiksviruset enda (så veit du det, pappa)
  • Helga har vore særs roleg og avslappande
  • Har gjort unna 12 utviklingssamtalar(samtale med elev og foresette) på jobb, har berre 17 igjen. Hurra!
  • Har bestilt tur heim i vinterferien 17.-21.februar
  • I Oslo er snøen på veg bort for ei lita stund i alle fall. Opptil fleire grader pluss i dag!
  • Dette er kanskje den kjedelegaste oppdateringa eg nokon gong har hatt...uff...
Eg lovar å komme med ei ny ei snart, og den skal vere skikkeleg artig. Så berre gled dykk!

Ha ei god veke enn så lenge!


21. januar 2007

Love is in the air...

...everywhere I look around...

Sist søndag skjedde det som berre måtte skje ein dag:
Emma blei forelska, så vart ho og Jan ilag
No sit dei sikkert hand i hand i Østerväll ein stad
I Oslo her sit berre eg, men eg er kjempeglad
Eg ynsker Emma lukke til, eg trur på Jan og ho
At dei to passar bra ilag, det tar eg heilt med ro
Kan hende er det også slik at kjærleiksvirus fins
Då vil eg snart bli smitta litt, då vert eg glad til sinns:)

16. januar 2007

25 år og to dagar!

Eg har liksom brukt å presentere ulike bursdagsbarn på bloggen min, og hadde store planar om å gjere det for to dagar sidan også. Men etter litt hard medfart over havet mellom Oslo og København forsvann alt av vit og gode idear. Difor er overskrifta i dag 25 år og to dagar. For det er det fantastiske Kjersti er i dag. På søndag, 14.januar med andre ord, runda ho nemlig 25! Velkommen etter, vesla! Som eit lite plaster på såret for at eg ikkje la inn helsinga på dagen, har eg sjølvsagt skrive ein limmerick til deg. Esepecially for you, my dear. Kjempegla i deg, lykke til med fotballenke-tilværet på Bryne. Me kjem over med toget snarare enn du anar:)

At du no er vaksen, det veit vi
Tjuefem år var på høg tid
Grattis til deg
med klem ifrå meg
Eg kjem på besøk når eg får fri

Tru ikkje at eg manglar "grynet"
men eg kan vel ei kallast lynet
For gåva den kjem
har kun eitt problem;
Kva er di adresse på Bryne?



Beklagar at biletet vart dette, Kjersti, men det var det "beste" eg fann i farta...Og her viser du jo verkeleg dine evner som husmor! Sjølv om det var ei tøff tid for oss alle då vi måtte forlate vårt kjære HMV 7...
Those were the days, my friend...

7. januar 2007

Nyttårsforsett 2007



Godt nyttår, godtfolk!

No har det gått ei veke sidan me starta markeringa av  at 2006 var over og 2007 var igang. Eg for min del hadde ei flott feiring ilag med 8 menneske, eller 4 par om du vil. Me var altså 9 i alt. Eg og 4 par. Men det føltes ikkje som om det var meg og 4 par. Eg meiner, eg synes dei var riktig så gode til å ikkje vere så "parete". Så sjølv om eg gjekk inn i enda eit nytt år som singel (eller fri og frank, det er jo ein positiv måte å seie singel på), og denne gongen gjorde det omringa av 4 svært så lukkelege par (alle er gift/forlova), så var det ei heilt super feiring! Takk til Rita&Torbjørn, Kjersti&Vegar, Kamilla&Tor Arne, Ingelin&Arne!

Nytt år nye moglegheiter. Eg snakka med Emma om dette her ein dag. Sikkert på torsdag. 
Etter den samtalen fann eg ut at årets nyttårsforsett for min del måtte bli dette: Å forlbi singel/fri og frank. Merkeleg mål? Vel...grunnen er enkel, og utruleg logisk. Høyr berre her: hadde nokon laga statistikk over kor mange nyttårsforsett som verkeleg blir halde, er eg overbevist om at den ville hatt ein tydeleg tendens. Eg tippar at 1% blir halde, medan 99% ikkje blir det. Soleklar siger til brutte nyttårsforsett med andre ord. Nettopp difor valde eg det nyttårsforsettet eg gjorde. Eg legg mi lit til statistikken (som kanskje ikkje fins, men som hadde vore slik viss den fantes).

Nyttårsforsett er til for å brytast. Dermed basta!

Godt nyttår alle saman! Måtte 2007 bli eit år for brutte nyttårsforsett:)



18. desember 2006

Ari



Nokre meiner Ari
skriv langt under pari
Kanhende er det fakta
men denne Ari-jakta
har eg langt opp i halsen
er lei av hetse-valsen
Så dagens bloggeinnlegg
er tiltenkt mannen med skjegg
Eg traff han her på laurdag
han sa god jul og "all slag"
og holdt meg fast i armen
slo på Ari-sjarmen
Så mitt kvarter med Ari
vil bli eit minne varig
Eg syns han er ein flott kar
god ektemann og bra far

Jepp, jepp! Ikkje sei at eg ikke har eit ope sinn!
Men seriøst: eg syns Ari Behn er ein morsom fyr, han har humor, er sjølvironisk og tar seg ikkje så høgtideleg. Og då eg traff han på laurdag var han venleg, snill og grei. Så det så!

8. desember 2006

Rita+Torbjørn=Nyforlova!



Torbjørn i Bergen, ein flott kar
han fridde til Rita, fekk bra svar
ho sa sjølvsagt "Ja!"
til å han ta
til ektemann. Bryllaup - det blir bra!

Grattis til begge to! Gler meg til bryllaup til sommaren:)

26. november 2006

Robin



den verda berre du ser...

to uttrykksfulle auge

ei nase og ein munn
du er ein gut på sju år
og du er god og sunn

du smiler, ler og tullar
har humor og humør
men brått så er det over
då stenger du ei dør

og lukkar allting ute
går inn dit berre du
kan sjå, forstå og høyre
kva hender der, mon tru?

vi andre ynskjer ofte
at vi fekk vere med
inn i den verda du ser
sjå kva som der kan skje

men verda di er berre di
vi andre kjem ei inn
vi kan kun sjå og tenke
forstå deg trinn for trinn

vi er så glade i deg
det veit vi du forstår
og alltid vil du vere
den gode guten vår
 

23. november 2006

Det neste løftet...

Eg tar t-bana til jobb kvar morgon. Og tilbake frå jobb kvar kveld (for det har blitt kveld før eg vender nasen heimover for tida). Turen på bana tar omlag 20 minuttar. Og så brukar eg 10 minuttar gå heimefrå og til bana, og 5 minutt å gå frå endestasjonen til jobb. I alt bruker eg altså 1 time og 10 minutt til og frå jobb kar dag. Og i det siste har eg nytta desse minutta og timane til å høyre på lydbok. "Frelseren" av Jo Nesbø. Veldig bra bok, spør du meg. Og tida på bana saman med Harry Hole, Halvorsen, Beate Lønn, Li og Li og ikkje minst "Den lille frelseren", har gjort morgonen litt mindre grytidleg, og kvelden litt mindre sein. I tillegg trur eg at ein kan lære eitt og anna av folka i bøkene. Harry Hole, til dømes. Ein alkoholisert politimann utan dei heilt store sosiale evnene, javel, men likevel. Han har nokre poeng innimellom som får meg til å tenke. Blant anna inspirerte det meg til tittelen på dette innlegget.

Hun så ned på hendene sine. "Tror du på Gud, Harry?"
"Nei,"

"Likevel sverget du i Hans påsyn at du ville redde gutten min."
"Ja," sa Harry og reiste seg.
Hun ble sittende og se opp på ham. "Er du en mann som holder det du lover?"

"Ikke alltid."
"Du tror ikke på Gud," sa hun. "Og ikke på ditt eget ord, heller. Hva er det igjen, da?"

Han trakk jakka tettere rundt seg.
"Fortell meg hva du tror på, Harry."
"Jeg tror på det neste løftet," sa han, snudde seg mysende mot den brede avenyen med stille søndagstrafikk. "At mennesker kan holde løftet selv om de brøt det forrige. Jeg tror på nye starter. Jeg fikk visst ikke sagt det..." Han vinket mot et blått taxiskilt som kom cruisende.
"Men det er derfor jeg er i denne bransjen." ("Frelseren"
kapittel 24).

Å tru på Gud og tru på seg sjølv, er viktig. Men også det å tru på "det neste løftet" er avgjerande for mitt forhold til menneska rundt meg. Dersom eg gir dei rundt meg ein sjanse kvar, vil det vere for lite for dei fleste. I alle fall ville det vore for lite for meg. Takka vere det at eg har fått lov til å gi eit nytt løfte, sjølv om eg braut det første, har eg fått vist at eg kan stolast på. Eg har blitt gitt ein ny start.

I tråd med dette om ny start og nye løfte, opnar eg no min "nye" blogg. Her er det rom for alt og alle. Eg, som er eigaren av heile greia, har lova meg sjølv (og dermed mine trufaste lesarar også), at innlegga mine frå no av skal vere litt annleis enn dei har vore før. Kanskje litt filosofiske. Kanskje ærlegare. I alle fall litt annleis. Trur eg, då.

7. november 2006

Emma ein gong te

Om vel 4 timar er det ein ny fødselsdagsdag på gong. Og det er ingen ringare enn Emma som fyller år. 25, for å være nøyaktig. Og slikt kan jo ikke gå upåakta hen i denne bloggen, som trass alt er eigd og laga og alt det der av Emma sin kjære(?) bustaddelar (me prøver å unnga ordet sambuar for å unnga uheldige misoppfatningar om forholdet vårt), nemleg meg. Derfor, Emma, hjarteleg tillukke med dagen i morgon! Akkurat no har du besøk av din kjære famile. Både stort og smått har tatt turen til Oslo for å feire hhv dotter, syster, svigerinne og tante. Kan godt forstå at dei kjem, Emma er nemleg ei heilt utruleg bra jente. Skikkeleg glad i deg, Emmis!

Som seg hør og bør når nokon har bursdag, så har eg sjølvsagt komponert eit aldri så lite dikt. Her kjem det, saman med eit riktig så flatterande bilete av jubilanten:




Gratulerar, Emma-god, med femti delt på to
At du er flott å sjå te, ja, da ser jo alle no
Men inni e du lika bra, og da e ikkje tull
Snill og morsom, søt og rar, ja, lika god som gull
At du e singel, undra meg, da vil nok snart ta slutt
For du må vera drømmedama te ein super gutt

31. oktober 2006

Dekkskiftearbeidar

No har det altså skjedd. Eg har hatt min debut. Som dekkskiftearbeidar. På Emma sin store stolthet: Den grå Golfen. Og det var heilt fantastisk! I alle fall mykje enklare enn eg hadde trudd! Men litt vanskelegare enn det ser ut til på bileta under. Korleis klarte eg å sjå så uengasjert ut? Det ser jo faktisk ut som om eg berre sit der og held i ein pinne og latar som om eg gjer noko...

No vil eg ha ein ting klart: eg gjorde meir enn som så! OK, Emma, me gjorde meir enn som så.
1. Me jekka bilen opp (med litt hjelp frå storebror-Jonas)
2. Fekk laus dei fire mutrane (trur det heiter det) på kvart dekk
3. Tok sommardekket av
4. Fekk på vinterdekka
5. Skrudde igjen mutrane
6. Jekka bilen ned igjen.

Og her er bileta som stadfestar det heile (som nemnt over: det er litt vanskelegare og mer engasjerande enn kva bileta skulle seie).





21. oktober 2006

Host, haust og hurrarop

Jadda, då var hausten verkeleg kome, og med den er min hoste også på plass. Lurar av og til på om den er kronisk eller noko. Den er kjem nemleg tilbake kvar haust, like trufast som Rosenborg. Og er frykteleg irriterande, provoserande og upassande, akkurat som Rosenborg. I tillegg verkar det som om den aldri slepp taket. Nok ein ting den har til felles med trønderpakket (Hm...er "pakket" eit litt-på-kanten-ord mon tru? Er ein del av mitt fotball-ordforråd, men er kanskje ikkje særleg vakkert. Det må eg kanskje tenke litt meir på.)

Nok om hoste og RBK. Sjølv om det pregar kvardagen/helga mi ein del. For eigentleg skulle eg vore i Sandefjord Normisjon no, og sunge på møte der med Ambassadør. Men så kom denne elendige hosten, tok med seg litt feber og la meg på sofaen. Og her ligg eg. Dritt.

I morgon er det klart for det så mange (i alle fall pressa) har kalla seriefinale. Den store, viktige og altavgjerande kampen mellom Brann og Rosenborg på ærverdige (litt sånn Davy-ord, det der) Brann Stadion. I morgon klokka 20:00 skjer det. Og då må, bør, skal og kjem Brann til å vinne. Ifølge Charlie, vinn dei 5-0, og han scorar 3 mål. Ja takk, seier no eg. For med 5-0 i morgon så er me i leiinga i serien, og gullet er så godt som vårt (eh...) (viss du lurte; med "me" og "vårt" snakkar eg om Brann, og eg føler meg såpass delaktig i det dei driv med at eg er inkludert i ein eventuell siger i morgon, og eit gull i november). Sjølvsagt er morgondagens kamp særs viktig, men det har dei andre kampane i haust vore også. Hadde Brann klart å tatt fleire poeng i dei, så ville ikkje morgondagens kamp verka like avgjerande som den no gjer. Så utsegn som "årets viktigste kamp" og "de viktigste poengene denne sesongen" og liknande, provoserer meg litt veldig. For det hadde ikkje vore så avgjerande og viktig dersom mine kjære og høgt elska fotballspelarar hadde scora meir og vunne oftare denne hausten.

Men men, då hadde heller ikkje morgondagens kamp vore så spennande, ei heller så utruleg artig å faktisk vinne!

Overskrifta til dette sjukdomsprega, lange og litt uryddige innlegget, er "Host, haust og hurrarop". Host fordi det er haust, og hurrarop fordi det byrja på h og dermed passa inn i bokstavrimet mitt, samstundes som eg håpar og trur at det blir siger til oss i morgon slik at alle bergensarar (og andre interesserte) kan rope hurra og sånn. Nettopp.

Eit lite foto av mine kjære Brann-spelarar er vel på sin plass på ein dag som dette. Har ikkje tatt noko eg vil kalla blinkskot sjølv, så har stelt eit bilete frå brann.no sine sider. Flotte karar i raudt! Og ganske så gode på bana:)



Og så må eg berre sitere Doddo sine ord i ein fantastisk Brann-song-tekst (melodien er eg ikkje like stor fan av...) Høyr berre her:

En dag skal det skje
at Rosenborg rykker ned
at Palestina og Israel slutter fred
at Bush blir klok
at Raymond Kvisvik leser en bok
på flere hundre sider
(Min kommentar: drit litt i Raymond og boklesing akkurat no, men funka fint så lenge han var ein av oss)

En dag skal det skje
At Han der oppe gjør retur
At all sykdom får en kur
At alle kan spise seg mett
At alle bergensere får rett
Og bridge blir hipt og kult og fett
(til deg som ikkje heilt skjøna poenget med å dra kortspelet bridge inn i ein fotballsong: bridge er kanskje det ein kan kalle favoritthobbyen til vår kjære Brann- og landslagskaptein Martin Andresen. Kanskje ikkje verdas mest hippe spel, eg for min del forbind det med gamle damer av ein eller annan grunn..men likar Martin det, så er det sikkert eit fint spel òg)

Oj, dette blei eit langt innlegg. Altfor langt. Så tusen takk til deg som har halde ut og faktisk les desse siste linene i dette innlegget prega av altfor mykje tid aleine utan å prate med folk...

11. oktober 2006

Pappa

I dag har pappa bursdag. Hurra for han! Ein skikkelig grepa kar, pappaen min. Han kan alt, han. Snekre, fikse bil, fikse tette rør, teikne hus, bygge hus, sage ved, hjelpe til med flytting,kjøre bil, lage kjøttkaker, koke egg, pynte juletre (skikkelig god med flagga og lysa i alle fall. Eg får lov til å ta på korger og sånn på. Det er eg litt god til.), og sikkert tusen andre ting.

Mest av alt er han skikkeleg god til å være pappa. Og det er bra, for me er jo 5 ungar som han skal være pappa til. Flaks for oss at han er så god!

Sånn ser pappa ut. Han er 54 i dag, og eg synes han held seg godt! Sjølv om dette biletet vart tatt i fjor då me var på ferie i Palanga (Litauen). Han hadde fått ny skjorte og greier... Ikkje like lett alltid, å forstå kva som står på skjortene og sånn. For det første er skrifta litt rar, for det andre er det på engelsk. Så sjølv om det står noko så stygt og ukristeleg (i alle fall for ein KrF-politikar) som God Damn Fantastic, så er det litt sant. Pappa er ganske fantastisk. Og han kan alt. Bortsett frå å lese og forstå trykk på t-skjorter skrive på engelsk...

Har skrive ein liten limerick til pappa i dag, og det må eg jo nesten legge ut her på denne eminente bloggen... Vel vel, eminent blog eller ei, limericken kjem i alle fall her!

Ein pappa som min er den beste
Han er faktisk god på det meste
Han fikser jo alt
viss noko går galt
Skal tru kva som kan bli det neste?

8. oktober 2006

Frokost på kafe

Eg har hatt min første haustferie som arbeidande. Og det har vore fantastisk! Føltes ganske så velfortent også, det må eg innrømme. Godt med ei veke fri! Dagane gjekk fort, og no er det brått søndag og jobb i morgon. Akk ja, sånn går det! Blir kjekt å starte opp igjen i morgon også, då. Har jo sakna ungane "mine" litt!

Veka har gått med til litt av kvart. Eg har gjort ingenting nokre dagar, hatt besøk andre, rydda etter besøk atter andre, og rava rundt i Oslo by sånn heilt i slutten. Hatt det fint, med andre ord. Mamma, mormor og veslebror Robin kom med toget over fjellet på tysdag morgon, og var her til torsdag kveld. Tre flotte dagar med tre flotte folk! Takk for besøket alle saman:)


Over ser de bilete av fire frokostetande menneske. Vil bere ha sagt at det kun er mormor som har vore på badet og fresha seg opp før denne frokosten blei fortært. Altså; me tre andre er utruleg mykje vakrare i røynda. Eller noko slikt... Frokosten var, uavhengig av dei etande sin utsjånad, god.

I dag var eg på Baker Brun på St.Hanshaugen og åt frokost ilag med Siril og Linn Elisabeth. Frokost på kafe kan absolutt anbefalast! Både smakfult, sosialt, urbant (følte meg ganske urban jaffall! Sånt skjer jo ikkje heima på Leknes liksom), dyrt (men pytt sann) og god måte å komme seg opp og ut på ein søndags morgon. Og når sola skin frå blå himmel ute, kyrkjeklokkene ringer og gatene er fulle av folk på søndagstur, då er Oslo ein ganske ok plass å være. Dagens anbefaling er altså: Frokost på kafe! (er det ikkje ein sang som heiter det? Med Elle Melle eller noko? Hm...den trur eg at eg må skaffe meg. Eller har du den, Camilla? Synes du snakka om å kjøpe den ein gong nemlig)

Enn så lenge; ha ein flott dag!

16. september 2006



testing testing...