Jadda, då var hausten verkeleg kome, og med den er min hoste også på plass. Lurar av og til på om den er kronisk eller noko. Den er kjem nemleg tilbake kvar haust, like trufast som Rosenborg. Og er frykteleg irriterande, provoserande og upassande, akkurat som Rosenborg. I tillegg verkar det som om den aldri slepp taket. Nok ein ting den har til felles med trønderpakket (Hm...er
"pakket" eit litt-på-kanten-ord mon tru? Er ein del av mitt fotball-ordforråd, men er kanskje ikkje særleg vakkert. Det må eg kanskje tenke litt meir på.)
Nok om hoste og RBK. Sjølv om det pregar kvardagen/helga mi ein del. For eigentleg skulle eg vore i Sandefjord Normisjon no, og sunge på møte der med Ambassadør. Men så kom denne elendige hosten, tok med seg litt feber og la meg på sofaen. Og her ligg eg. Dritt.
I morgon er det klart for det så mange (i alle fall pressa) har kalla seriefinale. Den store, viktige og altavgjerande kampen mellom Brann og Rosenborg på ærverdige (litt sånn Davy-ord, det der) Brann Stadion. I morgon klokka 20:00 skjer det. Og då må, bør, skal og kjem Brann til å vinne. Ifølge Charlie, vinn dei 5-0, og han scorar 3 mål. Ja takk, seier no eg. For med 5-0 i morgon så er me i leiinga i serien, og gullet er så godt som vårt (eh...) (viss du lurte; med "me" og "vårt" snakkar eg om Brann, og eg føler meg såpass delaktig i det dei driv med at eg er inkludert i ein eventuell siger i morgon, og eit gull i november). Sjølvsagt er morgondagens kamp særs viktig, men det har dei andre kampane i haust vore også. Hadde Brann klart å tatt fleire poeng i dei, så ville ikkje morgondagens kamp verka like avgjerande som den no gjer. Så utsegn som
"årets viktigste kamp" og
"de viktigste poengene denne sesongen" og liknande, provoserer meg litt veldig. For det hadde ikkje vore så avgjerande og viktig dersom mine kjære og høgt elska fotballspelarar hadde scora meir og vunne oftare denne hausten.
Men men, då hadde heller ikkje morgondagens kamp vore så spennande, ei heller så utruleg artig å faktisk vinne!
Overskrifta til dette sjukdomsprega, lange og litt uryddige innlegget, er
"Host, haust og hurrarop". Host fordi det er haust, og hurrarop fordi det byrja på h og dermed passa inn i bokstavrimet mitt, samstundes som eg håpar og trur at det blir siger til oss i morgon slik at alle bergensarar (og andre interesserte) kan rope hurra og sånn. Nettopp.
Eit lite foto av mine kjære Brann-spelarar er vel på sin plass på ein dag som dette. Har ikkje tatt noko eg vil kalla blinkskot sjølv, så har stelt eit bilete frå brann.no sine sider. Flotte karar i raudt! Og ganske så gode på bana:)

Og så må eg berre sitere Doddo sine ord i ein fantastisk Brann-song-tekst (melodien er eg ikkje like stor fan av...) Høyr berre her:
En dag skal det skje
at Rosenborg rykker ned
at Palestina og Israel slutter fred
at Bush blir klok
at Raymond Kvisvik leser en bok
på flere hundre sider(Min kommentar: drit litt i Raymond og boklesing akkurat no, men funka fint så lenge han var ein av oss)
En dag skal det skje
At Han der oppe gjør retur
At all sykdom får en kur
At alle kan spise seg mett
At alle bergensere får rett
Og bridge blir hipt og kult og fett (til deg som ikkje heilt skjøna poenget med å dra kortspelet bridge inn i ein fotballsong: bridge er kanskje det ein kan kalle favoritthobbyen til vår kjære Brann- og landslagskaptein Martin Andresen. Kanskje ikkje verdas mest hippe spel, eg for min del forbind det med gamle damer av ein eller annan grunn..men likar Martin det, så er det sikkert eit fint spel òg)
Oj, dette blei eit langt innlegg. Altfor langt. Så tusen takk til deg som har halde ut og faktisk les desse siste linene i dette innlegget prega av altfor mykje tid aleine utan å prate med folk...