12. mai 2006

Jomfrutårnet...


Det ligg eit tårn i Bergen by,
eit tårn så raudt og flott.
For tida jobbar brannmenn der,
dei flytter snart for godt.
Då håpar eg å flytte inn,
gi tårnet ein ny glød;
for det skal det huse meg og
andre jomfruer i nød.
Til no så er vi berre to
som glad har takka ja
til framtid god i Bergen by,
og Jomfrutårnet bra.
Men sit du der og tenker no;
Her vil jo eg og bu!
Så er det enda tid og rom,
ja, berre sei frå, du!
Kontakt meg her på bloggen min,
så skal du snart få svar.
Sannsynlegvis blir svaret "Ja",
så berre gjer deg klar!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Usannsylig bra dikt, stolt av deg. Jomfru i nød her!!! Eg e med! Drømmefinale i Idol. Vi glær oss. Heia Alex!

Camilla Jørgine sa...

Tenk om eg kunne dikta akkurat sånn som deg,mi kjære søster...DET hadde vore nåkke det...