31. oktober 2006

Dekkskiftearbeidar

No har det altså skjedd. Eg har hatt min debut. Som dekkskiftearbeidar. På Emma sin store stolthet: Den grå Golfen. Og det var heilt fantastisk! I alle fall mykje enklare enn eg hadde trudd! Men litt vanskelegare enn det ser ut til på bileta under. Korleis klarte eg å sjå så uengasjert ut? Det ser jo faktisk ut som om eg berre sit der og held i ein pinne og latar som om eg gjer noko...

No vil eg ha ein ting klart: eg gjorde meir enn som så! OK, Emma, me gjorde meir enn som så.
1. Me jekka bilen opp (med litt hjelp frå storebror-Jonas)
2. Fekk laus dei fire mutrane (trur det heiter det) på kvart dekk
3. Tok sommardekket av
4. Fekk på vinterdekka
5. Skrudde igjen mutrane
6. Jekka bilen ned igjen.

Og her er bileta som stadfestar det heile (som nemnt over: det er litt vanskelegare og mer engasjerande enn kva bileta skulle seie).





21. oktober 2006

Host, haust og hurrarop

Jadda, då var hausten verkeleg kome, og med den er min hoste også på plass. Lurar av og til på om den er kronisk eller noko. Den er kjem nemleg tilbake kvar haust, like trufast som Rosenborg. Og er frykteleg irriterande, provoserande og upassande, akkurat som Rosenborg. I tillegg verkar det som om den aldri slepp taket. Nok ein ting den har til felles med trønderpakket (Hm...er "pakket" eit litt-på-kanten-ord mon tru? Er ein del av mitt fotball-ordforråd, men er kanskje ikkje særleg vakkert. Det må eg kanskje tenke litt meir på.)

Nok om hoste og RBK. Sjølv om det pregar kvardagen/helga mi ein del. For eigentleg skulle eg vore i Sandefjord Normisjon no, og sunge på møte der med Ambassadør. Men så kom denne elendige hosten, tok med seg litt feber og la meg på sofaen. Og her ligg eg. Dritt.

I morgon er det klart for det så mange (i alle fall pressa) har kalla seriefinale. Den store, viktige og altavgjerande kampen mellom Brann og Rosenborg på ærverdige (litt sånn Davy-ord, det der) Brann Stadion. I morgon klokka 20:00 skjer det. Og då må, bør, skal og kjem Brann til å vinne. Ifølge Charlie, vinn dei 5-0, og han scorar 3 mål. Ja takk, seier no eg. For med 5-0 i morgon så er me i leiinga i serien, og gullet er så godt som vårt (eh...) (viss du lurte; med "me" og "vårt" snakkar eg om Brann, og eg føler meg såpass delaktig i det dei driv med at eg er inkludert i ein eventuell siger i morgon, og eit gull i november). Sjølvsagt er morgondagens kamp særs viktig, men det har dei andre kampane i haust vore også. Hadde Brann klart å tatt fleire poeng i dei, så ville ikkje morgondagens kamp verka like avgjerande som den no gjer. Så utsegn som "årets viktigste kamp" og "de viktigste poengene denne sesongen" og liknande, provoserer meg litt veldig. For det hadde ikkje vore så avgjerande og viktig dersom mine kjære og høgt elska fotballspelarar hadde scora meir og vunne oftare denne hausten.

Men men, då hadde heller ikkje morgondagens kamp vore så spennande, ei heller så utruleg artig å faktisk vinne!

Overskrifta til dette sjukdomsprega, lange og litt uryddige innlegget, er "Host, haust og hurrarop". Host fordi det er haust, og hurrarop fordi det byrja på h og dermed passa inn i bokstavrimet mitt, samstundes som eg håpar og trur at det blir siger til oss i morgon slik at alle bergensarar (og andre interesserte) kan rope hurra og sånn. Nettopp.

Eit lite foto av mine kjære Brann-spelarar er vel på sin plass på ein dag som dette. Har ikkje tatt noko eg vil kalla blinkskot sjølv, så har stelt eit bilete frå brann.no sine sider. Flotte karar i raudt! Og ganske så gode på bana:)



Og så må eg berre sitere Doddo sine ord i ein fantastisk Brann-song-tekst (melodien er eg ikkje like stor fan av...) Høyr berre her:

En dag skal det skje
at Rosenborg rykker ned
at Palestina og Israel slutter fred
at Bush blir klok
at Raymond Kvisvik leser en bok
på flere hundre sider
(Min kommentar: drit litt i Raymond og boklesing akkurat no, men funka fint så lenge han var ein av oss)

En dag skal det skje
At Han der oppe gjør retur
At all sykdom får en kur
At alle kan spise seg mett
At alle bergensere får rett
Og bridge blir hipt og kult og fett
(til deg som ikkje heilt skjøna poenget med å dra kortspelet bridge inn i ein fotballsong: bridge er kanskje det ein kan kalle favoritthobbyen til vår kjære Brann- og landslagskaptein Martin Andresen. Kanskje ikkje verdas mest hippe spel, eg for min del forbind det med gamle damer av ein eller annan grunn..men likar Martin det, så er det sikkert eit fint spel òg)

Oj, dette blei eit langt innlegg. Altfor langt. Så tusen takk til deg som har halde ut og faktisk les desse siste linene i dette innlegget prega av altfor mykje tid aleine utan å prate med folk...

11. oktober 2006

Pappa

I dag har pappa bursdag. Hurra for han! Ein skikkelig grepa kar, pappaen min. Han kan alt, han. Snekre, fikse bil, fikse tette rør, teikne hus, bygge hus, sage ved, hjelpe til med flytting,kjøre bil, lage kjøttkaker, koke egg, pynte juletre (skikkelig god med flagga og lysa i alle fall. Eg får lov til å ta på korger og sånn på. Det er eg litt god til.), og sikkert tusen andre ting.

Mest av alt er han skikkeleg god til å være pappa. Og det er bra, for me er jo 5 ungar som han skal være pappa til. Flaks for oss at han er så god!

Sånn ser pappa ut. Han er 54 i dag, og eg synes han held seg godt! Sjølv om dette biletet vart tatt i fjor då me var på ferie i Palanga (Litauen). Han hadde fått ny skjorte og greier... Ikkje like lett alltid, å forstå kva som står på skjortene og sånn. For det første er skrifta litt rar, for det andre er det på engelsk. Så sjølv om det står noko så stygt og ukristeleg (i alle fall for ein KrF-politikar) som God Damn Fantastic, så er det litt sant. Pappa er ganske fantastisk. Og han kan alt. Bortsett frå å lese og forstå trykk på t-skjorter skrive på engelsk...

Har skrive ein liten limerick til pappa i dag, og det må eg jo nesten legge ut her på denne eminente bloggen... Vel vel, eminent blog eller ei, limericken kjem i alle fall her!

Ein pappa som min er den beste
Han er faktisk god på det meste
Han fikser jo alt
viss noko går galt
Skal tru kva som kan bli det neste?

8. oktober 2006

Frokost på kafe

Eg har hatt min første haustferie som arbeidande. Og det har vore fantastisk! Føltes ganske så velfortent også, det må eg innrømme. Godt med ei veke fri! Dagane gjekk fort, og no er det brått søndag og jobb i morgon. Akk ja, sånn går det! Blir kjekt å starte opp igjen i morgon også, då. Har jo sakna ungane "mine" litt!

Veka har gått med til litt av kvart. Eg har gjort ingenting nokre dagar, hatt besøk andre, rydda etter besøk atter andre, og rava rundt i Oslo by sånn heilt i slutten. Hatt det fint, med andre ord. Mamma, mormor og veslebror Robin kom med toget over fjellet på tysdag morgon, og var her til torsdag kveld. Tre flotte dagar med tre flotte folk! Takk for besøket alle saman:)


Over ser de bilete av fire frokostetande menneske. Vil bere ha sagt at det kun er mormor som har vore på badet og fresha seg opp før denne frokosten blei fortært. Altså; me tre andre er utruleg mykje vakrare i røynda. Eller noko slikt... Frokosten var, uavhengig av dei etande sin utsjånad, god.

I dag var eg på Baker Brun på St.Hanshaugen og åt frokost ilag med Siril og Linn Elisabeth. Frokost på kafe kan absolutt anbefalast! Både smakfult, sosialt, urbant (følte meg ganske urban jaffall! Sånt skjer jo ikkje heima på Leknes liksom), dyrt (men pytt sann) og god måte å komme seg opp og ut på ein søndags morgon. Og når sola skin frå blå himmel ute, kyrkjeklokkene ringer og gatene er fulle av folk på søndagstur, då er Oslo ein ganske ok plass å være. Dagens anbefaling er altså: Frokost på kafe! (er det ikkje ein sang som heiter det? Med Elle Melle eller noko? Hm...den trur eg at eg må skaffe meg. Eller har du den, Camilla? Synes du snakka om å kjøpe den ein gong nemlig)

Enn så lenge; ha ein flott dag!

16. september 2006



testing testing...

30. august 2006

Tida...

Det heiter seg at tida ikkje går, men at ho kjem. Det kan nok vere sant. Men i det siste har det kome så altfor lite tid min veg. Eg berre nemner det...

24. august 2006

Hei hei hå, nå tar vi skolesekken på...

Prøve å lære meg ein ny morgonsong som klassa mi kan. Men eg heng litt etter. Veit ikkje om eg har dei første orda rett ein gong...I tillegg kan dei teikn (som i teiknspråk) til teksten, og då er eg totalt satt på sidelina. Eg har mykje å lære av mine søte små.

Jepp, både tid, tankar og energi går med til kun ein ting den siste tida: elevane mine som eg nettopp har blitt kontaktlærar for. Møtte dei for første gong på mandag, og det var jo kjekt. Dei er mange, ulike, unike, sjarmerande, fulle av energi og påfunn. Mykje kjekt, mykje nytt, mykje slitsomt, mykje å tenke på og mykje å gjere. Føler eg køyrer ei sliten-glad-trøytt-optimistisk-livredd-stressa-positiv-berg-og-dal-bane der eg eigentleg ikkje har kontroll. Men trivst godt, både blant kollegaer, elevar og omgivnader. Livet er godt, om enn litt einsformig (ok, litt uklar her: dagane er ganske varierande, men dei handlar kun om ein ting: jobben. Berre spør Emma...)

Håpar alle andre lesarar av bloggen min (trur eg er oppe i 6 som har stått fram no - hurra for dykk!) også har det bra. Lykke til til Siril og Ingvill som er i samme båt som meg. Bere vent; snart har me og litt meir kontroll på ting!

Neste innlegg skal bli litt meir interessant og sånn, men akkurat no så har eg så lite å kome med. Lite å gi, liksom. Men eg er her, eg lever og eg oppdaterer bloggen min, om enn på ein litt keisam måte.

So long, my friends!

31. juli 2006

Kar for sin kilt

No har eg blitt vaksen på alvor
Det gjekk opp for meg her i forgår
Eg laurdag så stilt
Såg Kar for sin kilt
Eg har jo trass alt fylt tju'fem år

Eit merkeleg utfall av dette
(det er nesten flaut å berette)
Eg må følgje med
For alt kan jo skje
viss Paul ikkje vel seg den rette

Sjå Kar for sin kilt neste laurdag
Kanhende blir du òg i godlag
Av serien flott
Der folk har det godt
Men heilt annan humor enn O-fag...

 Kven vil karen i kilt(Paul) velje? (Duste)-Lucy eller Isobel?

23. juli 2006

O-fag

O-fag var ikkje akkurat mitt favorittfag på skulen. Det innebar så altfor mykje liksom. Alt frå å lære om kongar og prinsar til å fargelegge kart over land og fylker. 
Og verst av alt; eg måtte lære om historiske hendingar. Det klarte eg aldri.  Eller, eg hugsa det for ei stakka stund, men berre veker etter var alt som blåst vekk (her kunne eg nok, i namnet åt sanninga, byta veker ut med dagar. Eller timar. Og det utan å overdrive (eller blir det underdrive?)).

Nok mas om o-fag. Eller orienteringsfag, som det i grunnen heitte. Det er jo byta ut frå læreplanane no (takk og lov) men erstatta med andre fag som NaMi og liknande (ikkje fullt så takk og lov. Kva skal ein lære om kongar, prinsar, kart og historie etter? Eg har klart meg fint utan!).

Uansett; poenget er at eg har lært å like o-fag i sommar! Og kven andre enn Bård og Vegard har lært meg det? Ingen! Dei har eit fantastisk småvittig og merksnodig program på petre kvar vekedag mellom 12 og 13. Og dette programmet har fått meg til å innsjå at det finst mykje rart ute i verda som det faktisk kan være littegranne interessant å vite om. Til å prate om i festleg lag og sånn. Til no har eg kopla totalt ut når andre har dratt historiske hendingar, geografikunnskapar eller liknande på bana i festleg lag (faktisk synes eg ikkje det er særleg festleg lag lengre når slike ting blir samtaleemne. Blir nesten litt ufestleg, eller ukoseleg stemning for min del. For eg føler meg så dum...) Det nye (?) med o-fag med Ylvis, er at dei snakkar om sånne interessante merksnodige ting. Sånne ting som eg faktisk har lyst å lære. 

Og då kan eg, når hausten kjem, brife med mine nyerverva kunnskapar i festleg lag og slutte å føle meg dum og sånn. Og så blir alt så trygt og godt for vesle meg når eg kan delta i slike djupt faglege samtalar. Og det heile passar jo meget godt å presentere o-fag sitt slagord i denne samanhengen: Vår fagkunnskap - din trygghet.

Dagens (eller månadens...) anbefaling blir dermed o-fag på petre kvar vekedag mellom 12 og 13. Dei har også lagt ut diverse lydkutt på nettet, på http://www.nrk.no/o-fag/

Her ville eg eigentleg legge ut eit bilete av mine favorittgutar (to av dei i alle fall), men det har eg ikkje. Difor blir det eit bilete av ein sjiraff eg traff i Dyreparken i Kristiansand på onsdag. Kanskje er det Raffen?

15. juni 2006

No skal eg nok ein gong prøve noko nytt...

Hei!

Tebake frå Bulgaria no. Tusen takk til alle de som har kommentert at eg har blitt brun! Slikt varmar eit kviting-hjarta:) Har rukke å pakke ut, vaske klede, pakka inn, vore på 5-års treff på Bibelskulen, pakka ut, vaska klede, pakka inn igjen (delvis, vel å merke) og sett igang med den store inn- (eller var det ut-?) pakkinga frå leiligheten her i Vibes. Slitsomt å være på flyttefot! Har resultert i at eg har endra døgnrytme sånn litt...var oppe til ca 0430 i natt, og blir vel ikkje tidlig kveld i kveld heller...Får liksom gjort mest om natta. Kanskje ein samanheng med at Emma har sove om dagen pga nattevakt og dermed så må det vere litt stille i huset? Ja, eg kan no i alle fall skulde på det:)

Elles lite nytt. Snart reiser eg heim til mitt kjære Leknes for å feire bursdag (gullbursdag!!!) og jobbe litt. Blir kjekt å sjå vakre Osterfjorden igjen etter gamalt!

Siril, viss du les dette, så vil eg seie at eg håpar du har fått med deg at eg har gjort eit forsøk med å oppdatere infoen om meg. Både ny plass og bu og jobb er kome med. Eigentleg så ville eg mest av alt sei til deg at eg håpar du får eit superbra opphald i Thailand hos Eirin&co. Det fortener du no etter vel fullført adjunkt-utdanning. Glede meg te å høyra kordan misjonærane har det der borte.

Vel, det var alt for denne gang. No må eg pakke litt til...og på grunn av at eg forsøker å få inn eit bilete av meg sjølv i profilen min, så legg eg ut eit bilete av meg sjølv her no...berre av den grunn altså! So long!

6. juni 2006

Nest siste dag i Bourgas

Ja, no e snart vaart opphold i Bulgaria slutt...Me syns sjoel me har opparbeida oss ein akseptabel brunfarge, men den konklusjonen maa me kanskje revurdera ette ein episode i dag tidlig...me hadde et litt traumatisk moete med to av Sunny Beachs lifeguarda, og da resulterte i limericken de kan lesa nerafor. Ergo; me e'kje spesielt brune likavel. Bere saann at de veit da naar me kjem heim, liksom.

Me gjekk ne' te strande, fant solstol
To menn kom imot oss, dei va cool
-Velkommen te stra'n!
sa han eine ma'n
-Me ser de e kvite og treng sol

4. juni 2006

Te tross for litt troebbel i start'n
Har me no faatt opp solefart'n
E farga og flott
I alt ant enn graatt
Har nesten heilt gloemt kjipepart'n

30. mai 2006

Bulgaria...


To jenter skal reise til Bourgas
Dei reiser frå Gardermo'n flyplass
I morgon dei fèr
til sol og godt vèr
I veska ligg pengar og raudt pass

See you soon!

26. mai 2006

Nynorsk

Mi kjære syster, Camilla, gjorde meg merksam på noko her ein dag. Eg må ikkje gløyma målføret mitt! Det vakre, melodiøse og svært så diktarvenlege skriftsspråket NYNORSK. Difor er dagens bidrag ein limerick i tre delar (eller skal eg sei akter?) på dette poetiske målføret. Dersom nokre av lesarane (ja, de tre-fire som ser ut til å lese her sånn av og til), ikkje er heilt fortrulege med nynorsk, så kan det stillast spørsmål til forfattaren (altså meg) om innhald og slikt. Gjerne i form av ein kommentar her på sida. Det har ikkje vore så mange av dei i det siste (kanskje ikkje i det heile, men eg likar ikkje overdrive heller).

Ein takk går til Ingvill og Rita
Dei båe kan dikta, må vita
To lim'rickar bra
Eg ropar: "Hurra!"
og kjenner at eg blir for lita

For eg har nok gjort mitt som diktar
Dei andre mot stjernene siktar
Ser ut til at eg
må finne min veg
Å vere ein bloggeigar pliktar...

Så neste gong blir det ei lim'rick
Eg verda må sjå med eit nytt blikk
Og kva dette vert?
Rapport frå konsert!
Frå Slåbrock og Gaute sin musikk

18. mai 2006

Kongen og sånn

Ein dag som den syttande mai
er mange folk skikkeleg gla'i
I år som i fjor
i bunad eg for
til by'n for å rope hurra'i...

Eg såg både folk, korps og kongen
For meg var det jo fyrste gongen
At eg kongen såg
der eg gjekk i tog
Han vinka til meg frå balkongen


Eg veit at han vinka til fleire
mangfaldige tusen sku' feire
At Noreg er fritt
det er ditt og mitt
Ja, kven kan vel ynskje seg meire?

12. mai 2006

Jomfrutårnet...


Det ligg eit tårn i Bergen by,
eit tårn så raudt og flott.
For tida jobbar brannmenn der,
dei flytter snart for godt.
Då håpar eg å flytte inn,
gi tårnet ein ny glød;
for det skal det huse meg og
andre jomfruer i nød.
Til no så er vi berre to
som glad har takka ja
til framtid god i Bergen by,
og Jomfrutårnet bra.
Men sit du der og tenker no;
Her vil jo eg og bu!
Så er det enda tid og rom,
ja, berre sei frå, du!
Kontakt meg her på bloggen min,
så skal du snart få svar.
Sannsynlegvis blir svaret "Ja",
så berre gjer deg klar!

5. mai 2006

Curious George

Har du nokon gong høryt om Curious George? Det har eg. Han har nemleg budd på rommet mitt sidan eg var ganske så ung. Fekk ein brun ape-bamse av onkelen min, som det stod noko merkeleg på magen på. Ganske tidleg forstod eg at George, det var eit namn. Men Curious, kva i alle dagar var det for noko? Eit namt? Og korleis skulle eg uttale det i så tilfelle? Må innrømme at eg var godt igang med ungdomsskule-engelsken før eg forstod kva bamsen min blei kalla. Nysgjerrige George! Eller Nysgjerrige Nils som det er blitt oversett til i norske bøker. Absolutt ikkje like flott og sjarmerande som originalen, men...

Jaja, nok pjatt om min vesle søte ape-bamse. Poenget med heile dette innlegget, er at eg no har oppdaga eit heilt fantastisk samantreff; min nye favorittartist, Jack Johnson, har gitt ut ei plate som heiter, og hald deg fast; Sing-A-Longs and Lullabies for the film Curious George! Kult, eller? Ei fantastisk flott plate, forresten. Og ein fantastisk flott bamse. Her er dei begge to (plata og bamsen, ikkje plata og Jack eller bamsen og Jack...) i sofaen i stova vår. Hipp hurra for begge to!

Dagens anbefaling (kanskje ein ny post i bloggen min?) er altså Jack Johnson med Sing-A-Longs and Lullabies for the film Curious George.

20. april 2006

men bloggen te Elisabeth va'kje død...

Trudde kanskje eg hadde gitt opp min tilværelse som bloggar? Å nei da! I'm back! Har hatt ein flott påskeferie heima hos mor og far. Herlig å vera heima og slappa av og sånn! Vestlandet viste seg frå si mest omtalte sia; regn regn regn regn regn regn regn...hurra hurra! Bilde te venstre e forresten tatt den eine dagen da va sol sol sol sol sol! Palmesøndag la eg, to av mine yngre søsken(som alle tre smile så fint på bildet) samt mamma og pappa ut på tur over Rinnane. Herlig! Som du ser av ansikta våre, va me litt trøtte og sånn, men humøret va absolutt testede:)

Har egentli ikkje så mykje nytt å sei, tross mitt langvarige fravær. Men eg klare jo (som de ser) å skriva nåkken linje om rett og slett ingenting!

Da va alt for denne gang. Slenge med et bilde tatt inne i bilen te storesøs ved Gullgruven i Åsane onsdag før skjærtorsdag. Raindrops kept falling and falling and falling and falling and falling...

3. april 2006

Med båt i Oslo

Har fått nåkken klage på lite oppdatering på min herlige blogg (ok, kun ei klage, men like å legga på litt). Uansett antall klage, så kjem da ei aldri så liten oppdatering her. Hurra!

Har nok ein gang fått ånden øve meg og skrive ein flott (?) limerick. Må innrømma at akkurat denne limerick-bølga e iferd med å ta knekken på meg. Da har gått så langt at eg driv å tenke i limerick form. Hodet mitt e liksom på "dadadadadadadadada - dadadadadadadadada -dadadadada - dadadadada - dadadadadadadadada"-form for tida. Slitsomt! Og da ser ikkje ut te å gå øve med da føsta heller, så derfor kan eg likså godt skriva inn min siste produksjon (forresten allerede publisert i Torbjørn sin nyoppretta blogg)



Ein båttur i Oslo e muli'
Tross i at da ikkje e juli
Kakao i ein kopp
på Nakholmen stopp
Så herlig, ja nesten utruli'



(limericken handle(viss du mot formodning ikkje sku forstå da) om ein båttur i Oslofjorden i sol og flott vær på lørdag. Ein tur som absolutt kan anbefalast!)



Og så må eg jo nesten ha med et bilde av reisefølget; først Ingvill (på ferie frå Trondheim - HurraHurraHurra!), Rita, Linn Elisabeth og meg.

28. mars 2006

Ein heilt ualminnelig dag...

Den starta me at eg va vikar for ein tjedjeklasse på Marienlyst. Ikkje så spesielt, kanskje.

Så gjekk eg heim. Heilt normalt.

Deretter åt eg litt lunch. Ikkje nåkke ekstraordinært med da heller.

Neste post på programmet; forsøk på jobbing med FLABS-oppgava med Rita. Gjekk ikkje som smurt. Blei sur og frustrert. VELDIG sur og frustrert. Og sulten. Ganske vanlig reaksjon sånn i tre-fire tida.

Rita laga middag. Relativt dagligdags da óg.

Så såg me "Home and Away". Utrulig vanli aktivitet i detta huset (viss TV-sjåing kan kallast ein aktivitet...)

Me gav FLABSn og drøftinga ein ny sjanse. Gjekk om mulig enda verre enn ved føste forsøk. Frustrasjonen va te å ta og føla på. Me blei drittsure begge to. Tenkte at "FLABS e møkkafag!". Me gav opp.

Rita ringte te Torbjørn. Supervanlig.

Eg for ut på joggetur. SUPERDUPERUVANLIG OG PÅ GRENSA TE EIN SENSASJON! Då eg kom inn igjen va frustrasjonen gått litt øve. Regnet, Forgnerparken og den utslitte kroppen (hardt for den, stakkar. E'kje vant te ant enn å gå te og frå ting. Går riktignok litt fort, men ikkje joggefort...) tok tankane vekk frå møkka-FLABSn for ei lita stund.

Og no sitt Rita og eg og ska sjå Dirty Dancing. Ikkje veldig uvanlig, me har sett den mange mange mange ganga. Men lenge sia sist. Så kanskje sånn midt-på-treet-vanlig. Gitt opp møkka-FLABSn for i dag. På'an igjen i mårå. Ganske så kjempevanli i vårt hus. Å utsetta ting, altså...


Her e et lite flatterande bilde av meg som e komt igjen frå joggetur og ska i dusjen. Bere sånn at eg har et lite bevis på at eg faktisk va ute. Dårlig bevis, kanskje, men eg ville ellers ikkje frivillig lagt ut et så svett og ulekkert bilde av meg sjøl. Så du bør tru at da e sant!

(Viss du lure ka som va så ualminnelig med akkurat denne dagen, så va da joggeturen. Eg driv nemlig ikkje med sånt. Sånn egentli. Men nåkken ganga driv frustrasjonen øve møkka-FLABSn ein te å gjera ting ein ikkje kan. Som f eks å jogga. Nemlig.)