4. februar 2011

Velkommen!

Seint i går kveld blei eg tante til verdas flottaste gut. Og eg er superstolt tante! Bilete av den vesle vil de nok få sjå på bloggen til hans flotte mor, Camilla Jørgine. Men eg vil berre ynskje han velkommen til oss her på bloggen min også.

Tenk, eit fantastisk, lite menneske har kome til to nydelege foreldre som ikkje veit kva godt dei kan gjere for han. Eg ber om at Gud må ta vare på den vesle familien på tre, dagane dei har framføre seg og alt dei no kjem til å oppleve.


Som ei lita helsing til guten og foreldra, kjem her første verset frå ein nydeleg dåpssalme, skriven av Eyvind Skeie:


Velkommen til livet, du lille,
velkommen til menneskets jord.
Velkommen til oss og de andre
som lengter og håper og tror.
Vi holder deg i våre hender
og ber i Guds hellige navn:
La livet bli godt for den lille,
for barnet vi fikk i vår favn.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Elisabeth, hørte til min store glede at du har åpnet bloggen igjen. Det er kjempekjekt. Gratulerer hjerteligst som tante, har sett den flotte gutten som jeg er blitt oldemor til. fine og vakre ord du har skrevet. Ha det fint og jeg gleder meg fortsatt! klem fra mormor Elna Jørgine

Elisabeth og Teodor sa...

Ja, no tenkte eg det var på tide med ei lita oppdatering her. Kjekt at du oppdaga det! Oleander er heilt fantastisk flott! Gler meg, om mogleg, enda meir til å bli mamma sjølv etter å ha helst på han. Og gler meg veldig til å vise nurket vårt fram heime på Vestlandet.

Klem

Camilla Jørgine sa...

Kjære, gode du!!
Her har du starta blogglivet igjen og eg hat ikkje fått det med meg. Og i tillegg har du via eit innlegg til vår lille skatt. TUSEN takk, gode søster og tante.
Oleander er heldig som har ei så flott tante, og han gler seg til å få ein feller eller kusine.

Herleg hvis ventetida blir brukt til enda meir blogging, for det likar vi!

klem og nuss fra Cam og Oleander