
Godt nyttår, godtfolk!
No har det gått ei veke sidan me starta markeringa av at 2006 var over og 2007 var igang. Eg for min del hadde ei flott feiring ilag med 8 menneske, eller 4 par om du vil. Me var altså 9 i alt. Eg og 4 par. Men det føltes ikkje som om det var meg og 4 par. Eg meiner, eg synes dei var riktig så gode til å ikkje vere så "parete". Så sjølv om eg gjekk inn i enda eit nytt år som singel (eller fri og frank, det er jo ein positiv måte å seie singel på), og denne gongen gjorde det omringa av 4 svært så lukkelege par (alle er gift/forlova), så var det ei heilt super feiring! Takk til Rita&Torbjørn, Kjersti&Vegar, Kamilla&Tor Arne, Ingelin&Arne!
Nytt år nye moglegheiter. Eg snakka med Emma om dette her ein dag. Sikkert på torsdag.
Etter den samtalen fann eg ut at årets nyttårsforsett for min del måtte bli dette: Å forlbi singel/fri og frank. Merkeleg mål? Vel...grunnen er enkel, og utruleg logisk. Høyr berre her: hadde nokon laga statistikk over kor mange nyttårsforsett som verkeleg blir halde, er eg overbevist om at den ville hatt ein tydeleg tendens. Eg tippar at 1% blir halde, medan 99% ikkje blir det. Soleklar siger til brutte nyttårsforsett med andre ord. Nettopp difor valde eg det nyttårsforsettet eg gjorde. Eg legg mi lit til statistikken (som kanskje ikkje fins, men som hadde vore slik viss den fantes).
Nyttårsforsett er til for å brytast. Dermed basta!
Godt nyttår alle saman! Måtte 2007 bli eit år for brutte nyttårsforsett:)





6 kommentarer:
Enig
Lykke til med brytinga!Det blir bra når dei blir brutt ;o)
Tilbake i Oslo har så langt vore okå,men sku ønske eg va litt meir gira på tilbake til studier...
Det her kan vere nøkkelen til en utømmelig kilde...
Alle ønske om gode nyttårsforsett!
Takk for sist, Bettan! Veldig kjekt å feira nyttår m deg! Hadde ikkje blitt den samme festen uten quiz og limerick-konkurranse..gøy! Eg lurte forresten på om d e lov å komma m forslag t fleire nyttårsforsett?? Eg har et på lur nemlig.. ka m at du og Emma IKKJE flytta te bergen?! Kan d førast på lista?? Flott! Eg savna deko m andre ord.. Når d gjeld det andre forsettet, så ska eg virkelig legga sjela mi i arbeidet med bordplasseringen til bryllupet.. hehe:) Ha ei god veka!
Hei Godt nyttår eller nytt år eller god fortsetning som alle her i Töcksfors!(Jeg tror jeg går for: Godt nytt, velsignet, fantastisk, superbra år!)teorien din höres veldig bra ut! et annetmoment er at det ofte blir sånn at det man sier man ikke skal gjöre, det gjör man. Så hvis man innstiller seg på å väre singel, kanskje man blir mer attraktiv?! Lykke til med singellivet ;) elin ps. kom på besök til Emma snart og ta med din söster!
Din søster blir gjerne med på besøk til Emma :)
Legg inn en kommentar