Eg tar t-bana til jobb kvar morgon. Og tilbake frå jobb kvar kveld (for det har blitt kveld før eg vender nasen heimover for tida). Turen på bana tar omlag 20 minuttar. Og så brukar eg 10 minuttar gå heimefrå og til bana, og 5 minutt å gå frå endestasjonen til jobb. I alt bruker eg altså 1 time og 10 minutt til og frå jobb kar dag. Og i det siste har eg nytta desse minutta og timane til å høyre på lydbok. "Frelseren" av Jo Nesbø. Veldig bra bok, spør du meg. Og tida på bana saman med Harry Hole, Halvorsen, Beate Lønn, Li og Li og ikkje minst "Den lille frelseren", har gjort morgonen litt mindre grytidleg, og kvelden litt mindre sein. I tillegg trur eg at ein kan lære eitt og anna av folka i bøkene. Harry Hole, til dømes. Ein alkoholisert politimann utan dei heilt store sosiale evnene, javel, men likevel. Han har nokre poeng innimellom som får meg til å tenke. Blant anna inspirerte det meg til tittelen på dette innlegget.
Hun så ned på hendene sine. "Tror du på Gud, Harry?"
"Nei,"
"Likevel sverget du i Hans påsyn at du ville redde gutten min."
"Ja," sa Harry og reiste seg.
Hun ble sittende og se opp på ham. "Er du en mann som holder det du lover?"
"Ikke alltid."
"Du tror ikke på Gud," sa hun. "Og ikke på ditt eget ord, heller. Hva er det igjen, da?"
Han trakk jakka tettere rundt seg.
"Fortell meg hva du tror på, Harry."
"Jeg tror på det neste løftet," sa han, snudde seg mysende mot den brede avenyen med stille søndagstrafikk. "At mennesker kan holde løftet selv om de brøt det forrige. Jeg tror på nye starter. Jeg fikk visst ikke sagt det..." Han vinket mot et blått taxiskilt som kom cruisende.
"Men det er derfor jeg er i denne bransjen." ("Frelseren" kapittel 24).
Å tru på Gud og tru på seg sjølv, er viktig. Men også det å tru på "det neste løftet" er avgjerande for mitt forhold til menneska rundt meg. Dersom eg gir dei rundt meg ein sjanse kvar, vil det vere for lite for dei fleste. I alle fall ville det vore for lite for meg. Takka vere det at eg har fått lov til å gi eit nytt løfte, sjølv om eg braut det første, har eg fått vist at eg kan stolast på. Eg har blitt gitt ein ny start.
I tråd med dette om ny start og nye løfte, opnar eg no min "nye" blogg. Her er det rom for alt og alle. Eg, som er eigaren av heile greia, har lova meg sjølv (og dermed mine trufaste lesarar også), at innlegga mine frå no av skal vere litt annleis enn dei har vore før. Kanskje litt filosofiske. Kanskje ærlegare. I alle fall litt annleis. Trur eg, då.
3 kommentarer:
Bloggen din har blitt så flott!!
Og i tråd med "Det neste løftet.." temaet, vil eg no love at eg skal prøve å kommentere litt meir på bloggen din! Eg er her ofte, nemlig!!
Og no er det ikkje lenge til eg kjem på besøk til tigerstaden heller, det blir bra!
Grattis,Mattis(Mattis rimte meir enn Elisabeth),med ny look på bloggen.Ser virkelig lovande ut.Eg like den nye bloggen din òg for å sei det sånn!
Har akkurat fått vite at me ska levere inn begge oppg i ex.fac,så de e jo DIGG!Like it love it.Ha ei go helg hvis me ikkje snakkast!
Heisann:)
Så fin bloggen din he blitt. Må berre sei at ej las Frelsaren for ei stund sida og skal sei det ikkje tok mange daga før ej va ferdi. Spennande!! Også veldig sant at boka he mange gode poeng.
Legg inn en kommentar