Nok om hoste og RBK. Sjølv om det pregar kvardagen/helga mi ein del. For eigentleg skulle eg vore i Sandefjord Normisjon no, og sunge på møte der med Ambassadør. Men så kom denne elendige hosten, tok med seg litt feber og la meg på sofaen. Og her ligg eg. Dritt.
I morgon er det klart for det så mange (i alle fall pressa) har kalla seriefinale. Den store, viktige og altavgjerande kampen mellom Brann og Rosenborg på ærverdige (litt sånn Davy-ord, det der) Brann Stadion. I morgon klokka 20:00 skjer det. Og då må, bør, skal og kjem Brann til å vinne. Ifølge Charlie, vinn dei 5-0, og han scorar 3 mål. Ja takk, seier no eg. For med 5-0 i morgon så er me i leiinga i serien, og gullet er så godt som vårt (eh...) (viss du lurte; med "me" og "vårt" snakkar eg om Brann, og eg føler meg såpass delaktig i det dei driv med at eg er inkludert i ein eventuell siger i morgon, og eit gull i november). Sjølvsagt er morgondagens kamp særs viktig, men det har dei andre kampane i haust vore også. Hadde Brann klart å tatt fleire poeng i dei, så ville ikkje morgondagens kamp verka like avgjerande som den no gjer. Så utsegn som "årets viktigste kamp" og "de viktigste poengene denne sesongen" og liknande, provoserer meg litt veldig. For det hadde ikkje vore så avgjerande og viktig dersom mine kjære og høgt elska fotballspelarar hadde scora meir og vunne oftare denne hausten.
Men men, då hadde heller ikkje morgondagens kamp vore så spennande, ei heller så utruleg artig å faktisk vinne!
Overskrifta til dette sjukdomsprega, lange og litt uryddige innlegget, er "Host, haust og hurrarop". Host fordi det er haust, og hurrarop fordi det byrja på h og dermed passa inn i bokstavrimet mitt, samstundes som eg håpar og trur at det blir siger til oss i morgon slik at alle bergensarar (og andre interesserte) kan rope hurra og sånn. Nettopp.
Eit lite foto av mine kjære Brann-spelarar er vel på sin plass på ein dag som dette. Har ikkje tatt noko eg vil kalla blinkskot sjølv, så har stelt eit bilete frå brann.no sine sider. Flotte karar i raudt! Og ganske så gode på bana:)

Og så må eg berre sitere Doddo sine ord i ein fantastisk Brann-song-tekst (melodien er eg ikkje like stor fan av...) Høyr berre her:
En dag skal det skje
at Rosenborg rykker ned
at Palestina og Israel slutter fred
at Bush blir klok
at Raymond Kvisvik leser en bok
på flere hundre sider(Min kommentar: drit litt i Raymond og boklesing akkurat no, men funka fint så lenge han var ein av oss)
En dag skal det skje
At Han der oppe gjør retur
At all sykdom får en kur
At alle kan spise seg mett
At alle bergensere får rett
Og bridge blir hipt og kult og fett (til deg som ikkje heilt skjøna poenget med å dra kortspelet bridge inn i ein fotballsong: bridge er kanskje det ein kan kalle favoritthobbyen til vår kjære Brann- og landslagskaptein Martin Andresen. Kanskje ikkje verdas mest hippe spel, eg for min del forbind det med gamle damer av ein eller annan grunn..men likar Martin det, så er det sikkert eit fint spel òg)
Oj, dette blei eit langt innlegg. Altfor langt. Så tusen takk til deg som har halde ut og faktisk les desse siste linene i dette innlegget prega av altfor mykje tid aleine utan å prate med folk...
4 kommentarer:
Værsågod!Eg ska begynne å følge med på foppalen igjen,Elisabeth.Eg berre må det,eg har ingen hobby og eg mmå få meg ein,og så lenge mine kreative evner ikkje får utløp pga at eg e lat,så ska eg prøve å komme tilbake til denne eminente sporten så lenge...Go bedring,my dear sis!
Takk for hilsen på bloggen min! Har sneke meg innpå bloggen din i ny og ne...Du skriv imponerande mykje her...går meg ein go gang der. Elles må eg sei at eg vart litt skuffa øve far-angelskårs frekke t-shorte! Håper du har tatt litt ansvar der...
Eg har lest (og egentlig kommentert) innlegget for lenge sidan, men då ville ikkje blogspot ha den kommentaren...
Her er det ikkje host (heldigvis, men det kjem vel). Hausten er her for fullt, kjenner at Kong Vinter er på veg. Dessverre ikkje så mykje hurrarop frå Stranda... Synd at det blei som det blei - men må berre sei som Erlend; Gull 2007! Merka at eg va litt småsur på mandag ja - men prøve stadig å ikkje la da gå ut øve elevane... (Trur eg klare da, visst ikkje hadde eg hatt eit problem.)
Ellers e livet travelt, men godt! Elevsamtalar denne veka. Stadig nye utfordringar.
Hei Bettan! Eg ser at Torbjørn e meir aktiv på bloggen din enn meg..har funne ut at eg må få gjort nåkke m d,så no prøve eg altså å hiva meg med i bloggfellesskapet.. :) Må sei at eg falt litt for ordbruken din i denne oppdateringen.. "ærverdige Brann-stadion".. herlig!Synd RBK stjal gullet,men optimismen for neste år kan heldigvis ingen ta frå oss.. Håpa da går fint m deko dar borti Oslo.Eg kjem jo på inspeksjon om knappe 7dagar!Elles so går da fint her..har vore på Ulriken idag og litt innøve vidda.Hadde tenkt oss heilt over,men skodda tok knekken på oss..me holdt på å enda opp i Arna :( hadde vore litt nedtur å måtta ta tog tebake fra fjellet liksom.. Oj,lang kommentar her! Jaja..har jo ingen egen blogg så eg får fronta meg litt her på din i staden.. :) Ha d fint til me snakkast lørdag morgon:)
Legg inn en kommentar