8. oktober 2006

Frokost på kafe

Eg har hatt min første haustferie som arbeidande. Og det har vore fantastisk! Føltes ganske så velfortent også, det må eg innrømme. Godt med ei veke fri! Dagane gjekk fort, og no er det brått søndag og jobb i morgon. Akk ja, sånn går det! Blir kjekt å starte opp igjen i morgon også, då. Har jo sakna ungane "mine" litt!

Veka har gått med til litt av kvart. Eg har gjort ingenting nokre dagar, hatt besøk andre, rydda etter besøk atter andre, og rava rundt i Oslo by sånn heilt i slutten. Hatt det fint, med andre ord. Mamma, mormor og veslebror Robin kom med toget over fjellet på tysdag morgon, og var her til torsdag kveld. Tre flotte dagar med tre flotte folk! Takk for besøket alle saman:)


Over ser de bilete av fire frokostetande menneske. Vil bere ha sagt at det kun er mormor som har vore på badet og fresha seg opp før denne frokosten blei fortært. Altså; me tre andre er utruleg mykje vakrare i røynda. Eller noko slikt... Frokosten var, uavhengig av dei etande sin utsjånad, god.

I dag var eg på Baker Brun på St.Hanshaugen og åt frokost ilag med Siril og Linn Elisabeth. Frokost på kafe kan absolutt anbefalast! Både smakfult, sosialt, urbant (følte meg ganske urban jaffall! Sånt skjer jo ikkje heima på Leknes liksom), dyrt (men pytt sann) og god måte å komme seg opp og ut på ein søndags morgon. Og når sola skin frå blå himmel ute, kyrkjeklokkene ringer og gatene er fulle av folk på søndagstur, då er Oslo ein ganske ok plass å være. Dagens anbefaling er altså: Frokost på kafe! (er det ikkje ein sang som heiter det? Med Elle Melle eller noko? Hm...den trur eg at eg må skaffe meg. Eller har du den, Camilla? Synes du snakka om å kjøpe den ein gong nemlig)

Enn så lenge; ha ein flott dag!

3 kommentarer:

Camilla Jørgine sa...

Har virkelig gått inn for å få tak i den,men den e ikkje å oppdrive,så lang.Jakten e ikkje øve endåg,så kanskje ein dag,eller til og med I dag!?Eg har nemlig tatt ein dag med høstferie.Eg gidd rett og slett ikkje gå på skulen i dag.Har egentlig ingen andre ting å ta meg til,men MF følte berre veldig for å ta fir fra MF i dag,så derfor har eg heller blitt heima for å pumpe luft i sykkelen min!

Anonym sa...

Baker Brun? Nei, det va jo Baker Hansen. Men det va veldigt koseligt. Må sei at det nesten bør bli ein fast tradisjon. Kanskje ein gong i mnd eller annen kver mnd. Deal? Det va godt at du savna elevane. Eg gjorde ikkje d ser du, men så va det faktisk litt koseligt å ver tebage alligavel. Å muffinsane blei faktisk vellykka. TAKK OG LOV!!!!!!!!!!!

Elisabeth og Teodor sa...

Rød og gul og brun og hvit og Hansen og Olsen og Angelskår og Larsen og grønn og svart er det samme har han sagt...Jepp, jepp! Ikkje alltid like lett for ei morgontrøytt vestlandsjente å få med seg namnet på kafeen...Men koselig var det uansett:) Og det kan gjerne bli ein nokså fast tradisjon skal du sjå!