31. oktober 2006

Dekkskiftearbeidar

No har det altså skjedd. Eg har hatt min debut. Som dekkskiftearbeidar. På Emma sin store stolthet: Den grå Golfen. Og det var heilt fantastisk! I alle fall mykje enklare enn eg hadde trudd! Men litt vanskelegare enn det ser ut til på bileta under. Korleis klarte eg å sjå så uengasjert ut? Det ser jo faktisk ut som om eg berre sit der og held i ein pinne og latar som om eg gjer noko...

No vil eg ha ein ting klart: eg gjorde meir enn som så! OK, Emma, me gjorde meir enn som så.
1. Me jekka bilen opp (med litt hjelp frå storebror-Jonas)
2. Fekk laus dei fire mutrane (trur det heiter det) på kvart dekk
3. Tok sommardekket av
4. Fekk på vinterdekka
5. Skrudde igjen mutrane
6. Jekka bilen ned igjen.

Og her er bileta som stadfestar det heile (som nemnt over: det er litt vanskelegare og mer engasjerande enn kva bileta skulle seie).





2 kommentarer:

Camilla Jørgine sa...

Eg legg merke til at eg e imponert!

Anonym sa...

Verkeleg imponerande - GIRL POWER e da som må te! (Do you remember?)