23. juli 2006

O-fag

O-fag var ikkje akkurat mitt favorittfag på skulen. Det innebar så altfor mykje liksom. Alt frå å lære om kongar og prinsar til å fargelegge kart over land og fylker. 
Og verst av alt; eg måtte lære om historiske hendingar. Det klarte eg aldri.  Eller, eg hugsa det for ei stakka stund, men berre veker etter var alt som blåst vekk (her kunne eg nok, i namnet åt sanninga, byta veker ut med dagar. Eller timar. Og det utan å overdrive (eller blir det underdrive?)).

Nok mas om o-fag. Eller orienteringsfag, som det i grunnen heitte. Det er jo byta ut frå læreplanane no (takk og lov) men erstatta med andre fag som NaMi og liknande (ikkje fullt så takk og lov. Kva skal ein lære om kongar, prinsar, kart og historie etter? Eg har klart meg fint utan!).

Uansett; poenget er at eg har lært å like o-fag i sommar! Og kven andre enn Bård og Vegard har lært meg det? Ingen! Dei har eit fantastisk småvittig og merksnodig program på petre kvar vekedag mellom 12 og 13. Og dette programmet har fått meg til å innsjå at det finst mykje rart ute i verda som det faktisk kan være littegranne interessant å vite om. Til å prate om i festleg lag og sånn. Til no har eg kopla totalt ut når andre har dratt historiske hendingar, geografikunnskapar eller liknande på bana i festleg lag (faktisk synes eg ikkje det er særleg festleg lag lengre når slike ting blir samtaleemne. Blir nesten litt ufestleg, eller ukoseleg stemning for min del. For eg føler meg så dum...) Det nye (?) med o-fag med Ylvis, er at dei snakkar om sånne interessante merksnodige ting. Sånne ting som eg faktisk har lyst å lære. 

Og då kan eg, når hausten kjem, brife med mine nyerverva kunnskapar i festleg lag og slutte å føle meg dum og sånn. Og så blir alt så trygt og godt for vesle meg når eg kan delta i slike djupt faglege samtalar. Og det heile passar jo meget godt å presentere o-fag sitt slagord i denne samanhengen: Vår fagkunnskap - din trygghet.

Dagens (eller månadens...) anbefaling blir dermed o-fag på petre kvar vekedag mellom 12 og 13. Dei har også lagt ut diverse lydkutt på nettet, på http://www.nrk.no/o-fag/

Her ville eg eigentleg legge ut eit bilete av mine favorittgutar (to av dei i alle fall), men det har eg ikkje. Difor blir det eit bilete av ein sjiraff eg traff i Dyreparken i Kristiansand på onsdag. Kanskje er det Raffen?

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei, lærer.
Liker du ikke Natur og Miljø? Syns du ikke jeg skal like det heller? Kanskje du kan droppe den timen på mandag da?