28. mars 2006

Ein heilt ualminnelig dag...

Den starta me at eg va vikar for ein tjedjeklasse på Marienlyst. Ikkje så spesielt, kanskje.

Så gjekk eg heim. Heilt normalt.

Deretter åt eg litt lunch. Ikkje nåkke ekstraordinært med da heller.

Neste post på programmet; forsøk på jobbing med FLABS-oppgava med Rita. Gjekk ikkje som smurt. Blei sur og frustrert. VELDIG sur og frustrert. Og sulten. Ganske vanlig reaksjon sånn i tre-fire tida.

Rita laga middag. Relativt dagligdags da óg.

Så såg me "Home and Away". Utrulig vanli aktivitet i detta huset (viss TV-sjåing kan kallast ein aktivitet...)

Me gav FLABSn og drøftinga ein ny sjanse. Gjekk om mulig enda verre enn ved føste forsøk. Frustrasjonen va te å ta og føla på. Me blei drittsure begge to. Tenkte at "FLABS e møkkafag!". Me gav opp.

Rita ringte te Torbjørn. Supervanlig.

Eg for ut på joggetur. SUPERDUPERUVANLIG OG PÅ GRENSA TE EIN SENSASJON! Då eg kom inn igjen va frustrasjonen gått litt øve. Regnet, Forgnerparken og den utslitte kroppen (hardt for den, stakkar. E'kje vant te ant enn å gå te og frå ting. Går riktignok litt fort, men ikkje joggefort...) tok tankane vekk frå møkka-FLABSn for ei lita stund.

Og no sitt Rita og eg og ska sjå Dirty Dancing. Ikkje veldig uvanlig, me har sett den mange mange mange ganga. Men lenge sia sist. Så kanskje sånn midt-på-treet-vanlig. Gitt opp møkka-FLABSn for i dag. På'an igjen i mårå. Ganske så kjempevanli i vårt hus. Å utsetta ting, altså...


Her e et lite flatterande bilde av meg som e komt igjen frå joggetur og ska i dusjen. Bere sånn at eg har et lite bevis på at eg faktisk va ute. Dårlig bevis, kanskje, men eg ville ellers ikkje frivillig lagt ut et så svett og ulekkert bilde av meg sjøl. Så du bør tru at da e sant!

(Viss du lure ka som va så ualminnelig med akkurat denne dagen, så va da joggeturen. Eg driv nemlig ikkje med sånt. Sånn egentli. Men nåkken ganga driv frustrasjonen øve møkka-FLABSn ein te å gjera ting ein ikkje kan. Som f eks å jogga. Nemlig.)

5 kommentarer:

Camilla Jørgine sa...

Drit i FLABS'en,jogg meir!Eg veit ikkje om eg meine det,men det høres bra ut...eller...eg e neimen ikkje sikker.Eg e ulaminnelig trøtt i dag,hodet mitt e tomt,men eg følte liksom for å skrive ein kommentar uten mål og meining...Egentlig sånn som eg pleie!

Solveig sa...

Ser det e veldig høg blogg-aktivitet hjå mine to søstre, og eg føle meg litt utafor. Så her må det skjerpings til for meg, og all honnør til cammi og ellis! Bortsett for det e eg velddig imponert over jogginga di ellis, e sjøl rimeleg slapp for tida... Sykkelen skal gravast fram frå kjellaren sporenstreks! I alle fall snart. Og uansett før påske. Satsar alt på det, ja.

Anonym sa...

Kjære Elisabeth. Ditte kreve nesten nasjonal merkedag kanskje også off. flaggdag (Det hadde i alle fall vore det viss det va snakk om mej..).Du kan virkelig vere stolt over ditte!

Torbjørn sa...

Ja, eg tar av meg hatten- bra jogga! E ikkje nokke reser på jogging sjøl- MEN eg jogga til hallen i går!! Elles vil eg takka for innlegg og limrick i gjesteboken min! Og så syns eg d var LITT unødvendig med den "Rita ringe til Torbjørn" kommentaren....

Camilla Jørgine sa...

No syns eg du elitt slapp med oppdatering.Ja,eg veit du har hatt besøki helge,men hallo!Korti blei da ein god unnskyldning...?