28. mars 2006

Ein heilt ualminnelig dag...

Den starta me at eg va vikar for ein tjedjeklasse på Marienlyst. Ikkje så spesielt, kanskje.

Så gjekk eg heim. Heilt normalt.

Deretter åt eg litt lunch. Ikkje nåkke ekstraordinært med da heller.

Neste post på programmet; forsøk på jobbing med FLABS-oppgava med Rita. Gjekk ikkje som smurt. Blei sur og frustrert. VELDIG sur og frustrert. Og sulten. Ganske vanlig reaksjon sånn i tre-fire tida.

Rita laga middag. Relativt dagligdags da óg.

Så såg me "Home and Away". Utrulig vanli aktivitet i detta huset (viss TV-sjåing kan kallast ein aktivitet...)

Me gav FLABSn og drøftinga ein ny sjanse. Gjekk om mulig enda verre enn ved føste forsøk. Frustrasjonen va te å ta og føla på. Me blei drittsure begge to. Tenkte at "FLABS e møkkafag!". Me gav opp.

Rita ringte te Torbjørn. Supervanlig.

Eg for ut på joggetur. SUPERDUPERUVANLIG OG PÅ GRENSA TE EIN SENSASJON! Då eg kom inn igjen va frustrasjonen gått litt øve. Regnet, Forgnerparken og den utslitte kroppen (hardt for den, stakkar. E'kje vant te ant enn å gå te og frå ting. Går riktignok litt fort, men ikkje joggefort...) tok tankane vekk frå møkka-FLABSn for ei lita stund.

Og no sitt Rita og eg og ska sjå Dirty Dancing. Ikkje veldig uvanlig, me har sett den mange mange mange ganga. Men lenge sia sist. Så kanskje sånn midt-på-treet-vanlig. Gitt opp møkka-FLABSn for i dag. På'an igjen i mårå. Ganske så kjempevanli i vårt hus. Å utsetta ting, altså...


Her e et lite flatterande bilde av meg som e komt igjen frå joggetur og ska i dusjen. Bere sånn at eg har et lite bevis på at eg faktisk va ute. Dårlig bevis, kanskje, men eg ville ellers ikkje frivillig lagt ut et så svett og ulekkert bilde av meg sjøl. Så du bør tru at da e sant!

(Viss du lure ka som va så ualminnelig med akkurat denne dagen, så va da joggeturen. Eg driv nemlig ikkje med sånt. Sånn egentli. Men nåkken ganga driv frustrasjonen øve møkka-FLABSn ein te å gjera ting ein ikkje kan. Som f eks å jogga. Nemlig.)

25. mars 2006

Kong Ole av Kollen

Speaker rope: Ole Einar! Og publikum svare: Ole Einar!

Stemningen i Kollen e topp! Vore med på (dvs vore tilskuar på) mitt føste (og absolutt ikkje siste) verdenscuprenn i skiskyting. Oppvarming med Kati Wilhelm-demonstrasjon, og så den store finalen; Ole Einar Bjørndalen-show. KONGE! Ord blir fattige i når ein står ansikt te ansikt (ok, ikkje akkurat da, men han suste forbi meg så nærmt at eg kunne pirka i han med flagget mitt viss eg ville. Men da ville eg ikkje...) Legg inn et bilde tatt av han som vise kor nærmt han faktisk va (og kor fort han kjørte forbi oss)

I god skirenn-i-Kollen-ånd så har eg i dag laga ein aldri så liten limerick som beskriv kor flott da va å vera publikum;

I dag va da world cup i Kollen
Sku nesten tatt med parasollen
For sole skein flott
og rennet va rått
Med Bjørndalen i hovedrollen

(Ane de ein ny skirenn-kommentator-spire her? Lure på om NRK veit at eg finst...)

23. mars 2006

Å Vestland, Vestland...

Ingvill ettelyste bilde frå Leknes i sist innlegg...Nesten flaut å sei da, men eg tok ingen - eg gjentar ingen - bilde heima denne gongen. Ganske så merkeleg, i grunnen, for været var flott og folka særdeles goodlooking...Så derfor får da bli nåkken arkivfoto denne gongen. Love oppdaterte og vakre bilde ette påske, Ingvill!







Utsikt frå Rinnane. 14.august 2005








Utsikt frå terassen vår. 7.oktober 2005








Utsikt, også denne gongen frå terassen vår. 16.desember 2005

20. mars 2006

Tyver i natten...

No har eg ikkje skrive nåkke i bloggen min på aldri så lang tid. Har fått litt petter for da(og med petter meine eg sjølsagt pepper...bere så da e sagt. Trur eg har fått meg litt dysleksi sia sist...sånn kan da gå).

Sia sist har da skjedd store ting; eg har tatt Lavprisekspressen heim te Vestlandet. Hurra for billig reisealternativ øve fjellet! 98,- tur/retur e ganske så øvekommelig sjøl for ein fattig student som meg. Kjekt å vera heima. Faktisk så va heile storfamilien på sju samla te felles søndagsmiddag i går - fin gjeng! Tarje tok opp et tema som har plaga han ei stund; hyppige temaskifte i samtalen rundt matbordet. Spesielt blant familiens kvinnelige medlemma. Han har litt problem med å henga med (sjøl ette 17 års trening...litt seinlært, Tarje???). Pappa trøsta han med at han har gitt opp å henga med. Den raude tråden (som eg kan lova deg e der ein plass!!!) syns han e litt lite synlig, så han sitt bere stille og tenke at "dei spør meg vel direkte viss dei vil ha mi meining". Og da gjer me jo, pappa.

Mens bussturen te Vestlandet gjekk knirkefritt, så va turen tebake meir dramatisk...eg blei nesten rana på Gol! Meir om detta kjem mot slutten av innlegget...men fyttikatta så skummelt da egentli va! Tenkte ikkje så grådig på da akkurat der og då, men no har eg innsett at da va på grensa te høgdramatisk (slår kanskje ikkje Camilla si flyhistorie frå fredag, men likavel; dramatikk inne på bussen på Gol e'kje te å spøka med da heller!)

Sist innlegg spurte eg om tips te ka eg kan skriva om her, og mi kjære lillesøster og flydramaqueen, Camilla, kom med oppte fleire forslag, blant ant dikt, og da veit jo de som kjenne meg at eg e grådig go te! (eh...). Uansett så tenkte eg at eg ska gjera et forsøk i dag. Dikte heite kanskje I et sete på Lavprisekspressen på Gol (kanskje eg bytte øveskrift når eg får bearbeida diktet litt, men foreløpig e detta arbeidstittelen...)

I et sete på Lavprisekspressen på Gol
Dramaet skjedde i natt klåkkå fem
Lavprisekspressen sku kjøra meg "hjem"
Frå Bergen te Oslo va veien den gjekk
Og eg hadde pakka i bag og i sekk
Bussen va full, men eg fann meg ein plass
Rad nummer to (et godt stykke frå dass)
Alt såg så fint ut, eg sov av og te
Ho som sat attme lot meg sova i fre'
Eg tenkte at nattbuss'n e go' som gull
Kjapt, trygt og billig, da e ikkje tull
Men detta va før me va komt fram te Gol
Sjåføren sku pausa, han trengte litt sol (sjøl om da va midt på natta og lite sol å sjå...tips te nytt rim her tas imot med takk!)
Me hadde vel stått dar på Gol et kvarter
Eg satt der og drømte om is te desèr (dessert?)
Då merka eg nåkke som ikkje va rett
Ein fyr nermed beina, ikkje spes fett
Eg rørte litt på meg, og då spratt han opp
han spurta av bussen i fullfart galopp
Eg sjekka i sekken; men den va intakt
Så eg slapp å springa på Gol-tyvejakt
Moralen e den; da e farlig på Gol
Særlig når føraren treng pause og sol
På Gol e da tjua som stel da dei finn
på Lavprisekspressen snik dei seg òg inn

Kanskje ikkje da besta dikte eg har skrive, men da e jo bere et føsteutkast...eg e veldig for prosessorientert skriving (heia Olga Dysthe og Ord på nye spor!), så prosessen fram mot ferdig produkt e enormt viktig.

Sjalabais så lenge!
Nytt dikt kjem kanskje snart;)

9. mars 2006

Emma og Sverige


Her e Emma. Ho e den andre personen eg dele leilighet med. Ho har ikkje kjæreste sånn som Rita har, men Emma e litt spesiell ho og. Ho e nemli halvt svensk (og halvt norsk). Og ber preg av da. Ikkje på den måten at ho kalle seg svensk. Elle prate svensk. Men når da passe seg sånn, så e ho litt svensk likavel. Ho syns for eksempel da va gøy med OL i år (elle OS som Emma sikkert ville kalt da i år). For då vant Sverige så mykje. Og så virka da som om Emma plutselig merka da svenska blodet i årena litt ekstra, og så blei ho svensk. Men da gjekk øve (kanskje tok da norska blodet øvehånd te slutt???) No e ho ganske norsk igjen, trur eg.

Fordelen med at Emma e litt svensk, e at eg stadig vekk får oppleva litt av den svenske kulturen. Foreldrena hennas (Elsie og Otto, henholdsvis svensk og norsk) bur nemli i Sverige. På et særdeles koselig småbruk (trur ein kan kalla da da...litt sånn "Emil"-stil på huset; veldig koselig!). Og der e eg av og te. Ilag med halvsvenske Emma, sjølsagt. Kjekt! Eg får meg altså ein utenlandstur i ny og ne. Og no når mine tre av mine søsken befinn seg i henholdsvis London(Camilla) og USA (Solveig og Tarje), så kan eg sei; "Og eg va i Sverige sist helg!" Kanskje ikkje lika spennande, men utland e utland, meine no eg! Forresten; takk te Robin som har vett te å holda seg i heimlandet:)

Jaja, så har eg presentert mine to sambuara. Ka ska eg då finna på te neste gang? Tips/forslag tas imot med takk!

1. mars 2006

Rita

Rita bur ilag med meg og Emma her i Oslo. Rita har kjæreste. Rita sin kjæreste heite Torbjørn og bur i Bergen. Rita har besøk av kjæresten sin, Torbjørn, no. Rita har besøk av kjæresten sin, Torbjørn, te søndag. Rita sin kjæreste, Torbjørn, e ein grei gutt. Rita søke på jobb no. Rita sin kjæreste, Torbjørn, hjelpe Rita med å søka på jobb no. E du lei av å lesa om Rita og kjæresten hennas, Torbjørn? Då ska du få sjå et bilde av dei i staden for! Sånn ser Rita og Torbjørn ut når dei søke jobb for Rita.


Eg e veldig gla i begge to. Sjøl om da e Torbjørn sin feil at Rita ikkje ska bu med meg og Emma i Oslo lenger enn te sommaren... Akkurat da e litt dårlig gjort, Torbjørn, men du e tilgitt. For du gjer Rita så gla. Og då blir eg òg så gla:)

I dag må eg og komma med ei oppklaring; Eirik e ikkje Camilla sin flamme men Camilla sin kjæreste. Nemlig! Kom te å omtala han som flamme i sist innlegg, og da va dumt gjort av meg. Flamme har visst nåkke litt useriøst med seg. Og Camilla og Eirik e ikkje useriøse. Nemlig. Sjøl om dei bere e ungfola begge to. Eg, ei voksen og moden kvinna (eg e'kje gammal, Cammi, eg e voksen og moden!), kunne kanskje hatt et seriøst forhold, men da har eg ikkje. Nemlig. Driv ikkje med sånt, eg. Nemlig.

Fremdeles ikkje komt heilt i havn med søke-jobbs-som-eg-ikkje-får-og-kanskje-ikkje-har-lyst-å-få-heller-arbeidet, men ska ringa te mine referansa i dag. Hurra!

27. februar 2006

Gøy med besøk!


Har hatt ei flott helg med besøk frå da fagra Vestlandet. Og dei som kom va ingen ringare enn mi kjære, kjære mor og kusina mi; Synne. Riktignok kom dei ikkje bere for å besøka meg, Camilla va nok òg veldig hovudperson for besøket (og me kan vel lika godt innrømma da føst som sist; besøket va grådig intressert i å treffa Camilla sin store flamme; Eirik).

Lørdagen gjekk med te ein del shopping (Bogstadveien e bra nabogata å ha for sånne formål!), eting, DVD-sjåing og prating (e da nåkke familien min kan e da nettopp prating...spør Emma viss du trur eg tulle...) Søndag va den store sightseeing-dagen; Frognerparken med Vigelandsanlegget, Karl Johan, Stortinget, Hotel Cæsar og slottet. Synne og eg va vel kanskje dei mest ivrige sightseearane, nåkke som bildena me tok gjenspeile (stort sett me som e "modella". Og Synne; me gjer oss særs godt på bilde, syns du ikkje???) Gøy å vera turist!

Må jo nesten legga te at eg i løpet av helga fekk fleire folk te kjedislista; Amund (Idol-dommar) med kone Sunniva (modell), Ingolf Håkon Teigene (takk te NRK som gir oss stadig fleire folk som e aktuelle te ei sånn flott lista!), Kristin Halvorsen og Tore Andre Flo (han e skikkelig høg altså!)

Da va vel da eg hadde å bidra med for i dag. Forresten; eg har begynt å søka på jobba te høstn...skummelt! Og vanskelig! Og så e motivasjonen ikkje heilt på topp (koffor sku nåkken gidda å ansetta meg; nyutdanna, uerfaren og ung som eg e...eg hadde ikkje ansatt meg for å sei da sånn. Litt dårlig utgangspunkt, kanskje?) Jaja, da ordne seg vel!

23. februar 2006

picture perfect...


No når eg har forstått konseptet med å legga inn bilde, så tenkte eg at eg sku legga inn litt fleire. Et av cammi, seff, forda ho har vore sånn ein god konsulent i min prosess fram mot ferdig førsteutkastblogg. Her e ho!



Og så må eg jo ikkje glømma mine to herlige sambisa Rita og Emma; bedre jente ska du leita lenge ette. Her e dei to frøknene godhjerta og sammfunnsengasjerte på vei ut i Oslohausten for å samle inn pengar til TV-aksjonen 2005. Gjorde ein hederlig innsats! Slike jenter det vil gamle Norge ha!

så va da detta med bilde då...

Prøve nåkke nytt no; legga ut bilde. Cammi har fortalt meg at d finst ein knapp som heite "Add image" som ska brukast te sånt...og eg fant den! Eureka Eureka! (litt usikker på betydningen av d, men e jo da dei sei i Donald og sånn når dei finn ut av lure ting. Sånn som eg gjorde no). Så då må eg jo legga ut eg nydelig bilde av meg tatt i sommar på ferie i Palanga (Litauen). For ei dama! (ved nærmare ettersyn så ser da jo ut som om eg prøve å pressa meg mellom trena og samtidig sjå drømmande ut...litt mislykka forsøk på "fintbildeavElisabethpåferie"...jaja, sånn kan da gå!)

19. februar 2006

joda, da va sånn!

Eg fekk da te! Sku gjerne hatt litt meir innhold på denne bloggen, men eg finn rett og slett ikkje ut kordan eg ska legga inn bilde og sånn...Så akkurat no e eg ikkje spes fornøyd med kordan denne bloggen ser ut. Men eg love eg skal gjera ein innsats for å få den meir spennande. Kanskje eg kan søka hjelp hos mine mer bevandra blogg-innehavar-søstre. Jepp jepp!

18. februar 2006

Hej hej hallå!

E da sånn da fungere liksom? Har eg lagt ut min føste blogspot-helsing no? Ikkje veit eg...Kanskje, kanskje ikkje. Eg e uansettt på vei te å laga meg ein blogg...Så gjenstår da å sjå om nåkken finn han då!