21. januar 2007

Love is in the air...

...everywhere I look around...

Sist søndag skjedde det som berre måtte skje ein dag:
Emma blei forelska, så vart ho og Jan ilag
No sit dei sikkert hand i hand i Østerväll ein stad
I Oslo her sit berre eg, men eg er kjempeglad
Eg ynsker Emma lukke til, eg trur på Jan og ho
At dei to passar bra ilag, det tar eg heilt med ro
Kan hende er det også slik at kjærleiksvirus fins
Då vil eg snart bli smitta litt, då vert eg glad til sinns:)

16. januar 2007

25 år og to dagar!

Eg har liksom brukt å presentere ulike bursdagsbarn på bloggen min, og hadde store planar om å gjere det for to dagar sidan også. Men etter litt hard medfart over havet mellom Oslo og København forsvann alt av vit og gode idear. Difor er overskrifta i dag 25 år og to dagar. For det er det fantastiske Kjersti er i dag. På søndag, 14.januar med andre ord, runda ho nemlig 25! Velkommen etter, vesla! Som eit lite plaster på såret for at eg ikkje la inn helsinga på dagen, har eg sjølvsagt skrive ein limmerick til deg. Esepecially for you, my dear. Kjempegla i deg, lykke til med fotballenke-tilværet på Bryne. Me kjem over med toget snarare enn du anar:)

At du no er vaksen, det veit vi
Tjuefem år var på høg tid
Grattis til deg
med klem ifrå meg
Eg kjem på besøk når eg får fri

Tru ikkje at eg manglar "grynet"
men eg kan vel ei kallast lynet
For gåva den kjem
har kun eitt problem;
Kva er di adresse på Bryne?



Beklagar at biletet vart dette, Kjersti, men det var det "beste" eg fann i farta...Og her viser du jo verkeleg dine evner som husmor! Sjølv om det var ei tøff tid for oss alle då vi måtte forlate vårt kjære HMV 7...
Those were the days, my friend...

7. januar 2007

Nyttårsforsett 2007



Godt nyttår, godtfolk!

No har det gått ei veke sidan me starta markeringa av  at 2006 var over og 2007 var igang. Eg for min del hadde ei flott feiring ilag med 8 menneske, eller 4 par om du vil. Me var altså 9 i alt. Eg og 4 par. Men det føltes ikkje som om det var meg og 4 par. Eg meiner, eg synes dei var riktig så gode til å ikkje vere så "parete". Så sjølv om eg gjekk inn i enda eit nytt år som singel (eller fri og frank, det er jo ein positiv måte å seie singel på), og denne gongen gjorde det omringa av 4 svært så lukkelege par (alle er gift/forlova), så var det ei heilt super feiring! Takk til Rita&Torbjørn, Kjersti&Vegar, Kamilla&Tor Arne, Ingelin&Arne!

Nytt år nye moglegheiter. Eg snakka med Emma om dette her ein dag. Sikkert på torsdag. 
Etter den samtalen fann eg ut at årets nyttårsforsett for min del måtte bli dette: Å forlbi singel/fri og frank. Merkeleg mål? Vel...grunnen er enkel, og utruleg logisk. Høyr berre her: hadde nokon laga statistikk over kor mange nyttårsforsett som verkeleg blir halde, er eg overbevist om at den ville hatt ein tydeleg tendens. Eg tippar at 1% blir halde, medan 99% ikkje blir det. Soleklar siger til brutte nyttårsforsett med andre ord. Nettopp difor valde eg det nyttårsforsettet eg gjorde. Eg legg mi lit til statistikken (som kanskje ikkje fins, men som hadde vore slik viss den fantes).

Nyttårsforsett er til for å brytast. Dermed basta!

Godt nyttår alle saman! Måtte 2007 bli eit år for brutte nyttårsforsett:)



18. desember 2006

Ari



Nokre meiner Ari
skriv langt under pari
Kanhende er det fakta
men denne Ari-jakta
har eg langt opp i halsen
er lei av hetse-valsen
Så dagens bloggeinnlegg
er tiltenkt mannen med skjegg
Eg traff han her på laurdag
han sa god jul og "all slag"
og holdt meg fast i armen
slo på Ari-sjarmen
Så mitt kvarter med Ari
vil bli eit minne varig
Eg syns han er ein flott kar
god ektemann og bra far

Jepp, jepp! Ikkje sei at eg ikke har eit ope sinn!
Men seriøst: eg syns Ari Behn er ein morsom fyr, han har humor, er sjølvironisk og tar seg ikkje så høgtideleg. Og då eg traff han på laurdag var han venleg, snill og grei. Så det så!

8. desember 2006

Rita+Torbjørn=Nyforlova!



Torbjørn i Bergen, ein flott kar
han fridde til Rita, fekk bra svar
ho sa sjølvsagt "Ja!"
til å han ta
til ektemann. Bryllaup - det blir bra!

Grattis til begge to! Gler meg til bryllaup til sommaren:)

26. november 2006

Robin



den verda berre du ser...

to uttrykksfulle auge

ei nase og ein munn
du er ein gut på sju år
og du er god og sunn

du smiler, ler og tullar
har humor og humør
men brått så er det over
då stenger du ei dør

og lukkar allting ute
går inn dit berre du
kan sjå, forstå og høyre
kva hender der, mon tru?

vi andre ynskjer ofte
at vi fekk vere med
inn i den verda du ser
sjå kva som der kan skje

men verda di er berre di
vi andre kjem ei inn
vi kan kun sjå og tenke
forstå deg trinn for trinn

vi er så glade i deg
det veit vi du forstår
og alltid vil du vere
den gode guten vår
 

23. november 2006

Det neste løftet...

Eg tar t-bana til jobb kvar morgon. Og tilbake frå jobb kvar kveld (for det har blitt kveld før eg vender nasen heimover for tida). Turen på bana tar omlag 20 minuttar. Og så brukar eg 10 minuttar gå heimefrå og til bana, og 5 minutt å gå frå endestasjonen til jobb. I alt bruker eg altså 1 time og 10 minutt til og frå jobb kar dag. Og i det siste har eg nytta desse minutta og timane til å høyre på lydbok. "Frelseren" av Jo Nesbø. Veldig bra bok, spør du meg. Og tida på bana saman med Harry Hole, Halvorsen, Beate Lønn, Li og Li og ikkje minst "Den lille frelseren", har gjort morgonen litt mindre grytidleg, og kvelden litt mindre sein. I tillegg trur eg at ein kan lære eitt og anna av folka i bøkene. Harry Hole, til dømes. Ein alkoholisert politimann utan dei heilt store sosiale evnene, javel, men likevel. Han har nokre poeng innimellom som får meg til å tenke. Blant anna inspirerte det meg til tittelen på dette innlegget.

Hun så ned på hendene sine. "Tror du på Gud, Harry?"
"Nei,"

"Likevel sverget du i Hans påsyn at du ville redde gutten min."
"Ja," sa Harry og reiste seg.
Hun ble sittende og se opp på ham. "Er du en mann som holder det du lover?"

"Ikke alltid."
"Du tror ikke på Gud," sa hun. "Og ikke på ditt eget ord, heller. Hva er det igjen, da?"

Han trakk jakka tettere rundt seg.
"Fortell meg hva du tror på, Harry."
"Jeg tror på det neste løftet," sa han, snudde seg mysende mot den brede avenyen med stille søndagstrafikk. "At mennesker kan holde løftet selv om de brøt det forrige. Jeg tror på nye starter. Jeg fikk visst ikke sagt det..." Han vinket mot et blått taxiskilt som kom cruisende.
"Men det er derfor jeg er i denne bransjen." ("Frelseren"
kapittel 24).

Å tru på Gud og tru på seg sjølv, er viktig. Men også det å tru på "det neste løftet" er avgjerande for mitt forhold til menneska rundt meg. Dersom eg gir dei rundt meg ein sjanse kvar, vil det vere for lite for dei fleste. I alle fall ville det vore for lite for meg. Takka vere det at eg har fått lov til å gi eit nytt løfte, sjølv om eg braut det første, har eg fått vist at eg kan stolast på. Eg har blitt gitt ein ny start.

I tråd med dette om ny start og nye løfte, opnar eg no min "nye" blogg. Her er det rom for alt og alle. Eg, som er eigaren av heile greia, har lova meg sjølv (og dermed mine trufaste lesarar også), at innlegga mine frå no av skal vere litt annleis enn dei har vore før. Kanskje litt filosofiske. Kanskje ærlegare. I alle fall litt annleis. Trur eg, då.

7. november 2006

Emma ein gong te

Om vel 4 timar er det ein ny fødselsdagsdag på gong. Og det er ingen ringare enn Emma som fyller år. 25, for å være nøyaktig. Og slikt kan jo ikke gå upåakta hen i denne bloggen, som trass alt er eigd og laga og alt det der av Emma sin kjære(?) bustaddelar (me prøver å unnga ordet sambuar for å unnga uheldige misoppfatningar om forholdet vårt), nemleg meg. Derfor, Emma, hjarteleg tillukke med dagen i morgon! Akkurat no har du besøk av din kjære famile. Både stort og smått har tatt turen til Oslo for å feire hhv dotter, syster, svigerinne og tante. Kan godt forstå at dei kjem, Emma er nemleg ei heilt utruleg bra jente. Skikkeleg glad i deg, Emmis!

Som seg hør og bør når nokon har bursdag, så har eg sjølvsagt komponert eit aldri så lite dikt. Her kjem det, saman med eit riktig så flatterande bilete av jubilanten:




Gratulerar, Emma-god, med femti delt på to
At du er flott å sjå te, ja, da ser jo alle no
Men inni e du lika bra, og da e ikkje tull
Snill og morsom, søt og rar, ja, lika god som gull
At du e singel, undra meg, da vil nok snart ta slutt
For du må vera drømmedama te ein super gutt

31. oktober 2006

Dekkskiftearbeidar

No har det altså skjedd. Eg har hatt min debut. Som dekkskiftearbeidar. På Emma sin store stolthet: Den grå Golfen. Og det var heilt fantastisk! I alle fall mykje enklare enn eg hadde trudd! Men litt vanskelegare enn det ser ut til på bileta under. Korleis klarte eg å sjå så uengasjert ut? Det ser jo faktisk ut som om eg berre sit der og held i ein pinne og latar som om eg gjer noko...

No vil eg ha ein ting klart: eg gjorde meir enn som så! OK, Emma, me gjorde meir enn som så.
1. Me jekka bilen opp (med litt hjelp frå storebror-Jonas)
2. Fekk laus dei fire mutrane (trur det heiter det) på kvart dekk
3. Tok sommardekket av
4. Fekk på vinterdekka
5. Skrudde igjen mutrane
6. Jekka bilen ned igjen.

Og her er bileta som stadfestar det heile (som nemnt over: det er litt vanskelegare og mer engasjerande enn kva bileta skulle seie).





21. oktober 2006

Host, haust og hurrarop

Jadda, då var hausten verkeleg kome, og med den er min hoste også på plass. Lurar av og til på om den er kronisk eller noko. Den er kjem nemleg tilbake kvar haust, like trufast som Rosenborg. Og er frykteleg irriterande, provoserande og upassande, akkurat som Rosenborg. I tillegg verkar det som om den aldri slepp taket. Nok ein ting den har til felles med trønderpakket (Hm...er "pakket" eit litt-på-kanten-ord mon tru? Er ein del av mitt fotball-ordforråd, men er kanskje ikkje særleg vakkert. Det må eg kanskje tenke litt meir på.)

Nok om hoste og RBK. Sjølv om det pregar kvardagen/helga mi ein del. For eigentleg skulle eg vore i Sandefjord Normisjon no, og sunge på møte der med Ambassadør. Men så kom denne elendige hosten, tok med seg litt feber og la meg på sofaen. Og her ligg eg. Dritt.

I morgon er det klart for det så mange (i alle fall pressa) har kalla seriefinale. Den store, viktige og altavgjerande kampen mellom Brann og Rosenborg på ærverdige (litt sånn Davy-ord, det der) Brann Stadion. I morgon klokka 20:00 skjer det. Og då må, bør, skal og kjem Brann til å vinne. Ifølge Charlie, vinn dei 5-0, og han scorar 3 mål. Ja takk, seier no eg. For med 5-0 i morgon så er me i leiinga i serien, og gullet er så godt som vårt (eh...) (viss du lurte; med "me" og "vårt" snakkar eg om Brann, og eg føler meg såpass delaktig i det dei driv med at eg er inkludert i ein eventuell siger i morgon, og eit gull i november). Sjølvsagt er morgondagens kamp særs viktig, men det har dei andre kampane i haust vore også. Hadde Brann klart å tatt fleire poeng i dei, så ville ikkje morgondagens kamp verka like avgjerande som den no gjer. Så utsegn som "årets viktigste kamp" og "de viktigste poengene denne sesongen" og liknande, provoserer meg litt veldig. For det hadde ikkje vore så avgjerande og viktig dersom mine kjære og høgt elska fotballspelarar hadde scora meir og vunne oftare denne hausten.

Men men, då hadde heller ikkje morgondagens kamp vore så spennande, ei heller så utruleg artig å faktisk vinne!

Overskrifta til dette sjukdomsprega, lange og litt uryddige innlegget, er "Host, haust og hurrarop". Host fordi det er haust, og hurrarop fordi det byrja på h og dermed passa inn i bokstavrimet mitt, samstundes som eg håpar og trur at det blir siger til oss i morgon slik at alle bergensarar (og andre interesserte) kan rope hurra og sånn. Nettopp.

Eit lite foto av mine kjære Brann-spelarar er vel på sin plass på ein dag som dette. Har ikkje tatt noko eg vil kalla blinkskot sjølv, så har stelt eit bilete frå brann.no sine sider. Flotte karar i raudt! Og ganske så gode på bana:)



Og så må eg berre sitere Doddo sine ord i ein fantastisk Brann-song-tekst (melodien er eg ikkje like stor fan av...) Høyr berre her:

En dag skal det skje
at Rosenborg rykker ned
at Palestina og Israel slutter fred
at Bush blir klok
at Raymond Kvisvik leser en bok
på flere hundre sider
(Min kommentar: drit litt i Raymond og boklesing akkurat no, men funka fint så lenge han var ein av oss)

En dag skal det skje
At Han der oppe gjør retur
At all sykdom får en kur
At alle kan spise seg mett
At alle bergensere får rett
Og bridge blir hipt og kult og fett
(til deg som ikkje heilt skjøna poenget med å dra kortspelet bridge inn i ein fotballsong: bridge er kanskje det ein kan kalle favoritthobbyen til vår kjære Brann- og landslagskaptein Martin Andresen. Kanskje ikkje verdas mest hippe spel, eg for min del forbind det med gamle damer av ein eller annan grunn..men likar Martin det, så er det sikkert eit fint spel òg)

Oj, dette blei eit langt innlegg. Altfor langt. Så tusen takk til deg som har halde ut og faktisk les desse siste linene i dette innlegget prega av altfor mykje tid aleine utan å prate med folk...

11. oktober 2006

Pappa

I dag har pappa bursdag. Hurra for han! Ein skikkelig grepa kar, pappaen min. Han kan alt, han. Snekre, fikse bil, fikse tette rør, teikne hus, bygge hus, sage ved, hjelpe til med flytting,kjøre bil, lage kjøttkaker, koke egg, pynte juletre (skikkelig god med flagga og lysa i alle fall. Eg får lov til å ta på korger og sånn på. Det er eg litt god til.), og sikkert tusen andre ting.

Mest av alt er han skikkeleg god til å være pappa. Og det er bra, for me er jo 5 ungar som han skal være pappa til. Flaks for oss at han er så god!

Sånn ser pappa ut. Han er 54 i dag, og eg synes han held seg godt! Sjølv om dette biletet vart tatt i fjor då me var på ferie i Palanga (Litauen). Han hadde fått ny skjorte og greier... Ikkje like lett alltid, å forstå kva som står på skjortene og sånn. For det første er skrifta litt rar, for det andre er det på engelsk. Så sjølv om det står noko så stygt og ukristeleg (i alle fall for ein KrF-politikar) som God Damn Fantastic, så er det litt sant. Pappa er ganske fantastisk. Og han kan alt. Bortsett frå å lese og forstå trykk på t-skjorter skrive på engelsk...

Har skrive ein liten limerick til pappa i dag, og det må eg jo nesten legge ut her på denne eminente bloggen... Vel vel, eminent blog eller ei, limericken kjem i alle fall her!

Ein pappa som min er den beste
Han er faktisk god på det meste
Han fikser jo alt
viss noko går galt
Skal tru kva som kan bli det neste?

8. oktober 2006

Frokost på kafe

Eg har hatt min første haustferie som arbeidande. Og det har vore fantastisk! Føltes ganske så velfortent også, det må eg innrømme. Godt med ei veke fri! Dagane gjekk fort, og no er det brått søndag og jobb i morgon. Akk ja, sånn går det! Blir kjekt å starte opp igjen i morgon også, då. Har jo sakna ungane "mine" litt!

Veka har gått med til litt av kvart. Eg har gjort ingenting nokre dagar, hatt besøk andre, rydda etter besøk atter andre, og rava rundt i Oslo by sånn heilt i slutten. Hatt det fint, med andre ord. Mamma, mormor og veslebror Robin kom med toget over fjellet på tysdag morgon, og var her til torsdag kveld. Tre flotte dagar med tre flotte folk! Takk for besøket alle saman:)


Over ser de bilete av fire frokostetande menneske. Vil bere ha sagt at det kun er mormor som har vore på badet og fresha seg opp før denne frokosten blei fortært. Altså; me tre andre er utruleg mykje vakrare i røynda. Eller noko slikt... Frokosten var, uavhengig av dei etande sin utsjånad, god.

I dag var eg på Baker Brun på St.Hanshaugen og åt frokost ilag med Siril og Linn Elisabeth. Frokost på kafe kan absolutt anbefalast! Både smakfult, sosialt, urbant (følte meg ganske urban jaffall! Sånt skjer jo ikkje heima på Leknes liksom), dyrt (men pytt sann) og god måte å komme seg opp og ut på ein søndags morgon. Og når sola skin frå blå himmel ute, kyrkjeklokkene ringer og gatene er fulle av folk på søndagstur, då er Oslo ein ganske ok plass å være. Dagens anbefaling er altså: Frokost på kafe! (er det ikkje ein sang som heiter det? Med Elle Melle eller noko? Hm...den trur eg at eg må skaffe meg. Eller har du den, Camilla? Synes du snakka om å kjøpe den ein gong nemlig)

Enn så lenge; ha ein flott dag!

16. september 2006



testing testing...

30. august 2006

Tida...

Det heiter seg at tida ikkje går, men at ho kjem. Det kan nok vere sant. Men i det siste har det kome så altfor lite tid min veg. Eg berre nemner det...

24. august 2006

Hei hei hå, nå tar vi skolesekken på...

Prøve å lære meg ein ny morgonsong som klassa mi kan. Men eg heng litt etter. Veit ikkje om eg har dei første orda rett ein gong...I tillegg kan dei teikn (som i teiknspråk) til teksten, og då er eg totalt satt på sidelina. Eg har mykje å lære av mine søte små.

Jepp, både tid, tankar og energi går med til kun ein ting den siste tida: elevane mine som eg nettopp har blitt kontaktlærar for. Møtte dei for første gong på mandag, og det var jo kjekt. Dei er mange, ulike, unike, sjarmerande, fulle av energi og påfunn. Mykje kjekt, mykje nytt, mykje slitsomt, mykje å tenke på og mykje å gjere. Føler eg køyrer ei sliten-glad-trøytt-optimistisk-livredd-stressa-positiv-berg-og-dal-bane der eg eigentleg ikkje har kontroll. Men trivst godt, både blant kollegaer, elevar og omgivnader. Livet er godt, om enn litt einsformig (ok, litt uklar her: dagane er ganske varierande, men dei handlar kun om ein ting: jobben. Berre spør Emma...)

Håpar alle andre lesarar av bloggen min (trur eg er oppe i 6 som har stått fram no - hurra for dykk!) også har det bra. Lykke til til Siril og Ingvill som er i samme båt som meg. Bere vent; snart har me og litt meir kontroll på ting!

Neste innlegg skal bli litt meir interessant og sånn, men akkurat no så har eg så lite å kome med. Lite å gi, liksom. Men eg er her, eg lever og eg oppdaterer bloggen min, om enn på ein litt keisam måte.

So long, my friends!

31. juli 2006

Kar for sin kilt

No har eg blitt vaksen på alvor
Det gjekk opp for meg her i forgår
Eg laurdag så stilt
Såg Kar for sin kilt
Eg har jo trass alt fylt tju'fem år

Eit merkeleg utfall av dette
(det er nesten flaut å berette)
Eg må følgje med
For alt kan jo skje
viss Paul ikkje vel seg den rette

Sjå Kar for sin kilt neste laurdag
Kanhende blir du òg i godlag
Av serien flott
Der folk har det godt
Men heilt annan humor enn O-fag...

 Kven vil karen i kilt(Paul) velje? (Duste)-Lucy eller Isobel?

23. juli 2006

O-fag

O-fag var ikkje akkurat mitt favorittfag på skulen. Det innebar så altfor mykje liksom. Alt frå å lære om kongar og prinsar til å fargelegge kart over land og fylker. 
Og verst av alt; eg måtte lære om historiske hendingar. Det klarte eg aldri.  Eller, eg hugsa det for ei stakka stund, men berre veker etter var alt som blåst vekk (her kunne eg nok, i namnet åt sanninga, byta veker ut med dagar. Eller timar. Og det utan å overdrive (eller blir det underdrive?)).

Nok mas om o-fag. Eller orienteringsfag, som det i grunnen heitte. Det er jo byta ut frå læreplanane no (takk og lov) men erstatta med andre fag som NaMi og liknande (ikkje fullt så takk og lov. Kva skal ein lære om kongar, prinsar, kart og historie etter? Eg har klart meg fint utan!).

Uansett; poenget er at eg har lært å like o-fag i sommar! Og kven andre enn Bård og Vegard har lært meg det? Ingen! Dei har eit fantastisk småvittig og merksnodig program på petre kvar vekedag mellom 12 og 13. Og dette programmet har fått meg til å innsjå at det finst mykje rart ute i verda som det faktisk kan være littegranne interessant å vite om. Til å prate om i festleg lag og sånn. Til no har eg kopla totalt ut når andre har dratt historiske hendingar, geografikunnskapar eller liknande på bana i festleg lag (faktisk synes eg ikkje det er særleg festleg lag lengre når slike ting blir samtaleemne. Blir nesten litt ufestleg, eller ukoseleg stemning for min del. For eg føler meg så dum...) Det nye (?) med o-fag med Ylvis, er at dei snakkar om sånne interessante merksnodige ting. Sånne ting som eg faktisk har lyst å lære. 

Og då kan eg, når hausten kjem, brife med mine nyerverva kunnskapar i festleg lag og slutte å føle meg dum og sånn. Og så blir alt så trygt og godt for vesle meg når eg kan delta i slike djupt faglege samtalar. Og det heile passar jo meget godt å presentere o-fag sitt slagord i denne samanhengen: Vår fagkunnskap - din trygghet.

Dagens (eller månadens...) anbefaling blir dermed o-fag på petre kvar vekedag mellom 12 og 13. Dei har også lagt ut diverse lydkutt på nettet, på http://www.nrk.no/o-fag/

Her ville eg eigentleg legge ut eit bilete av mine favorittgutar (to av dei i alle fall), men det har eg ikkje. Difor blir det eit bilete av ein sjiraff eg traff i Dyreparken i Kristiansand på onsdag. Kanskje er det Raffen?

15. juni 2006

No skal eg nok ein gong prøve noko nytt...

Hei!

Tebake frå Bulgaria no. Tusen takk til alle de som har kommentert at eg har blitt brun! Slikt varmar eit kviting-hjarta:) Har rukke å pakke ut, vaske klede, pakka inn, vore på 5-års treff på Bibelskulen, pakka ut, vaska klede, pakka inn igjen (delvis, vel å merke) og sett igang med den store inn- (eller var det ut-?) pakkinga frå leiligheten her i Vibes. Slitsomt å være på flyttefot! Har resultert i at eg har endra døgnrytme sånn litt...var oppe til ca 0430 i natt, og blir vel ikkje tidlig kveld i kveld heller...Får liksom gjort mest om natta. Kanskje ein samanheng med at Emma har sove om dagen pga nattevakt og dermed så må det vere litt stille i huset? Ja, eg kan no i alle fall skulde på det:)

Elles lite nytt. Snart reiser eg heim til mitt kjære Leknes for å feire bursdag (gullbursdag!!!) og jobbe litt. Blir kjekt å sjå vakre Osterfjorden igjen etter gamalt!

Siril, viss du les dette, så vil eg seie at eg håpar du har fått med deg at eg har gjort eit forsøk med å oppdatere infoen om meg. Både ny plass og bu og jobb er kome med. Eigentleg så ville eg mest av alt sei til deg at eg håpar du får eit superbra opphald i Thailand hos Eirin&co. Det fortener du no etter vel fullført adjunkt-utdanning. Glede meg te å høyra kordan misjonærane har det der borte.

Vel, det var alt for denne gang. No må eg pakke litt til...og på grunn av at eg forsøker å få inn eit bilete av meg sjølv i profilen min, så legg eg ut eit bilete av meg sjølv her no...berre av den grunn altså! So long!

6. juni 2006

Nest siste dag i Bourgas

Ja, no e snart vaart opphold i Bulgaria slutt...Me syns sjoel me har opparbeida oss ein akseptabel brunfarge, men den konklusjonen maa me kanskje revurdera ette ein episode i dag tidlig...me hadde et litt traumatisk moete med to av Sunny Beachs lifeguarda, og da resulterte i limericken de kan lesa nerafor. Ergo; me e'kje spesielt brune likavel. Bere saann at de veit da naar me kjem heim, liksom.

Me gjekk ne' te strande, fant solstol
To menn kom imot oss, dei va cool
-Velkommen te stra'n!
sa han eine ma'n
-Me ser de e kvite og treng sol

4. juni 2006

Te tross for litt troebbel i start'n
Har me no faatt opp solefart'n
E farga og flott
I alt ant enn graatt
Har nesten heilt gloemt kjipepart'n