Eg er ingen god ventar...som så mange andre, er eg utålmodig etter å kome i gang med ting. På å bli feridg. Og så er det tid for ny venting. Øver meg på å bli betre til å leve her og no. På å setje pris på det som er, ikkje berre på det som kjem.
Dei siste sju-åtte månadane har eg venta på å bli mamma. Synes lenge at tida gjekk fort. Men i det siste syns eg tida har hatt så god tid! Eg gler meg slik til å bli kjent med knøtteliten inne i magen! Kven er ho/han? Denne veka har eg også måtta gjere det eg absolutt ikkje ville. Eg har blitt sjukemeld 40 %. Var ein lang prosess før eg innsåg at det ville vere til det beste både for meg sjølv, knøtteliten og dei rundt meg. Så i dag "debuterer" eg med min første sjukemeldingsdag. Sju veker att til termin. Fire veker att til permisjon.
Så no skal eg verkeleg setje venteevnene mine på prøve. For dagane heime blir rolege. Dagane på jobb har vore hektiske. Dagane heime gir meg god tid til å tenke. Planlegge. Drøyme. Ynskje. Vere redd. Bekymra. Skremt. Og så utruleg utålmodig! Då er det godt at veslesyster kan bidra med litt spenning i kvardagen! Snart blir eg tante til ein liten gut! For i dag er termindatoen til mi flotte veslesyster Camilla (omtala i sist innlegg) og hennar gode ektemann, Eirik.
Heldigvis trur eg det er sant det som blir sagt; den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.
Har kjøpt "ventetulipanar" som minnar meg om at snart er kanskje våren her... Og når våren er her, då er også knøtteliten her :)

2 kommentarer:
Så kjekt at blogglivet er tilbake.Kjekt å lese. Gleder meg til fortsettelsen.....
Måtte litt innom her og. gleder meg til oldebarn nr. 2.
Legg inn en kommentar