2010 er godt i gang, faktisk heile fem dagar gamalt! Så langt har året vore kaldt, fint, snøfylt, solrikt, ISkaldt og avslappande. I morgon startar jobbkvardagen igjen, og det kan nok bli litt hardt. Merka i dag då eg stod opp klokka 0700 at det føltes alt anna enn naturleg og bra...og i morgon må eg opp enda før det. Jaja, i staden for å grue seg til slikt, kan eg jo nemne fine ting ferien har bragt med seg!
- Kjekk julefeiring i eigen heim for første gong! Og for første gong med "eigenprodusert" pinnekjøt.
- Spennande køyring på snøfylte vegar på veg til Gardermoen tidleg, tidleg, tidleg 2.juledags morgon... (litt i overkant spennande, ifølge min mann, sjåføren...men me kom trygt fram!)
- Mors og fars pinnekjøtmiddag i ekte Eineholatradisjon 2.juledag. Heile familien samla, nydeleg middag og herleg stemning rundt bordet. Nesten som julaftan!
- Herlege romjulsdagar i Einehola ilag med foreldre, søsken og svigersøsken. Tenk at eg har ein så flott familie!
- Tradisjonsrikt og triveleg 3.juledagsbesøk hos mormor og morfar ilag med heile slekta på Mjelstad-sida, 27 i alt. Nok ein gong: tenk at eg har ein så flott familie! Absolutt noko å vere takknemleg for!
- Bytur til Bergen (verdas flottaste by?) ilag med veslebror, storesyster, kommande svoger samt herleg ektemann.
- Me fann bilen nesten med ein gong då me landa på Gardermoen veslenyttårsaftan! Og det tok berre ein halvtimes graving før den var klar til å frakte oss heimover.
- Nydeleg nattmat hos svigerforeldre på veg fra Gardermoen til heimen vår.
- Flott nyttårsfeiring med gode vener og veners barn på Sjøglimt. God mat, gode folk og godt nytt år!
- Kalde og klare januardagar med innekos, aking, nyttårsfrokost, fyr i peisen, høgtlesing i skogen på kvelden, turgåing, Oslo-tur...
- Besøk på "gamleskulen" i Oslo der eg møtte fantastiske elevar og kollegaer. Mine tre første år som lærar har gitt meg mange gode minner, og mange gode møter med flotte menneske som eg vil huske lenge, lenge, lenge...
Og her nokre bilete som frå desse dagane:


.jpg)
2 kommentarer:
Eg trur eg besvime!! OPPDATERING!!
Sterkt!
Eg har ikkje besvimt. Det var herlig å lese bloggen din, du og Camilla har noen flotte blogger, og det er flott for en mormor å lese at dere har det så bra. bildene var og fine! Vi h<r det og kaldt, minus 12 gr, men godt og vaaarmt inne. Imorgen får vi besøk av din mamma, men morfar og jeg skal til byn først. Enig i at Bergen e Byen med stor B! Ha en fin helg til dere alle. GODT NYTT ÅR! kLEMMER FRA MORMOR
Legg inn en kommentar