
Til mamma som femti år fyller
I bloggen min eg deg no hyller
Du e veldig bra
Ei flott mor å ha
Du livet med gode ting gyller
Ei mor slik som deg er heilt toppen
Du sit gjerne ned med tekoppen
Kan prate om alt
kva no det enn gjaldt
I tillegg så trener du kropppen
I bloggen min eg deg no hyller
Du e veldig bra
Ei flott mor å ha
Du livet med gode ting gyller
Ei mor slik som deg er heilt toppen
Du sit gjerne ned med tekoppen
Kan prate om alt
kva no det enn gjaldt
I tillegg så trener du kropppen
Som de kanskje forstår, så har mamma hatt bursdag! Og ho fylte 50 år. Faktisk var det i går, altså 24.mars det store skjedde. Eg hadde eigentleg tenkt å kome med helsinga då, men så skar det seg litt her på bloggen min, og ikkje minst med dataen. Den er (som Emma smerteleg har fått erfare) litt vanskelig å ha med å gjere. Brått så vil den liksom ikkje være på internett meir, så den stoppar rett og slett opp. Nok om det. Over til viktigare ting: mamma sin 50 års dag. Mamma er ei heilt fantastisk dame. Ikkje berre er ho veldig bra som mamma, ho er veldig bra til å være alt mogleg anna også. For eksempel er ho veldig god til å prate med, ho er snill, ho bryr seg om folk rundt henne, ho er raus og så er ho veldig veldig veldig omsorgsfull. Eg og mine fire søsken er heldige som har akkurat ho til mamma. Og pappa er heldig som fann ho og fekk ho til kone.
Mamma, gratulerar så veldig mykje med dagen! Gler meg til me skal feire den ilag med slekt og vener i påska!
Helsing stolt og glad datter :)
1 kommentar:
Hurra for mamma!Må innrømme at eg ikkje har laga limerick på mi side,men til gjengjeld så klarte eg å få det opp på bloggen på riktig dag(dataen min e nemlig veldig pålitelig...hvis den vil)
Legg inn en kommentar