4. februar 2007

Oppdatering

Dagens oppdatering skjer i stikkordsform. Oversiktleg og greit, om enn lite spennande (særleg 
sidan det ikkje har skjedd det heilt store sidan sist).
  • Eg er ikkje smitta av kjærleiksviruset enda (så veit du det, pappa)
  • Helga har vore særs roleg og avslappande
  • Har gjort unna 12 utviklingssamtalar(samtale med elev og foresette) på jobb, har berre 17 igjen. Hurra!
  • Har bestilt tur heim i vinterferien 17.-21.februar
  • I Oslo er snøen på veg bort for ei lita stund i alle fall. Opptil fleire grader pluss i dag!
  • Dette er kanskje den kjedelegaste oppdateringa eg nokon gong har hatt...uff...
Eg lovar å komme med ei ny ei snart, og den skal vere skikkeleg artig. Så berre gled dykk!

Ha ei god veke enn så lenge!


2 kommentarer:

Camilla Jørgine sa...

Den va kanskje ikkje det mest spenstige du har levert,men det får oss andre(dvs.meg) enda mindre spenstige,til å føle oss(dev.meg,igjen)ikkje fullt så mindre spenstig...

Camilla Jørgine sa...

Har problemer med å logge på bloggen,derfor legg eg inn ein kommentar om dette sånn at eg kan logge på min egen blogg.Du kan veldig gjerne slette denne hvis du føle for det!