26. november 2006

Robin



den verda berre du ser...

to uttrykksfulle auge

ei nase og ein munn
du er ein gut på sju år
og du er god og sunn

du smiler, ler og tullar
har humor og humør
men brått så er det over
då stenger du ei dør

og lukkar allting ute
går inn dit berre du
kan sjå, forstå og høyre
kva hender der, mon tru?

vi andre ynskjer ofte
at vi fekk vere med
inn i den verda du ser
sjå kva som der kan skje

men verda di er berre di
vi andre kjem ei inn
vi kan kun sjå og tenke
forstå deg trinn for trinn

vi er så glade i deg
det veit vi du forstår
og alltid vil du vere
den gode guten vår
 

5 kommentarer:

Camilla Jørgine sa...

Eg blei heilt rørt...Nydelig!

Solveig sa...

Sit her med tårer i augene eg òg!

Anonym sa...

Ja, Elisabeth dette va bare heilt fantastisk å lesa. Det e ingen tvil om at du e glade i han! Det e gdt at han har ein så fantastiske familie, og at dokke har fått ein så herligge bror (kjenne han jo ikkje, men føle eg har blitt litt kjent me han igjennom det du har sagt).

Klem fra Siril

Anonym sa...

der e fleire så sitte me tåre i øynene elisabeth. d va kjempe fint. klem Linn Elisabeth

Anonym sa...

Alt som eg kan seie i ein komentar blir eigentleg ganske meiningslaust etter eit slikt dikt... Utruleg flott og rørande. Gratulerar med ny blogg. Har store forventningar til den ærlege, nye, flotte bloggen din!