Mest av alt er han skikkeleg god til å være pappa. Og det er bra, for me er jo 5 ungar som han skal være pappa til. Flaks for oss at han er så god!
Sånn ser pappa ut. Han er 54 i dag, og eg synes han held seg godt! Sjølv om dette biletet vart tatt i fjor då me var på ferie i Palanga (Litauen). Han hadde fått ny skjorte og greier... Ikkje like lett alltid, å forstå kva som står på skjortene og sånn. For det første er skrifta litt rar, for det andre er det på engelsk. Så sjølv om det står noko så stygt og ukristeleg (i alle fall for ein KrF-politikar) som God Damn Fantastic, så er det litt sant. Pappa er ganske fantastisk. Og han kan alt. Bortsett frå å lese og forstå trykk på t-skjorter skrive på engelsk...

Har skrive ein liten limerick til pappa i dag, og det må eg jo nesten legge ut her på denne eminente bloggen... Vel vel, eminent blog eller ei, limericken kjem i alle fall her!
Ein pappa som min er den beste
Han er faktisk god på det meste
Han fikser jo alt
viss noko går galt
Skal tru kva som kan bli det neste?
1 kommentar:
Sia pappa har begynt å prøve å finne ut av internett så kan det hende du ska oppfordre han til å gå inn på bloggen din?For no har han jo lært både det eine og det andre om internett,feks at det ikkej koste nåkke meir å vere på internett sjøl om ein e på ein e på ei side i utlandet...Ein e aldri for gammal til å lære nåkke nytt!
Legg inn en kommentar